Hopp til innhold

To dømde i Høgsterett for ytringar på Facebook

To personar er i Høgsterett dømde for hatefulle ytringar på nett. Sakene er med på å avgjere kva kommentarar som kan bli ramma av paragrafen om hatefulle ytringar i straffelova.

Høyesterett

Høgsterett har kome med to avgjerder som er med på å avgjere kvar grensa for netthets går.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Dei to sakene som har vore behandla i Høgsterett handlar om ytringar som har kome i kommentarfelt på Facebook.

I den eine saka blei ei kvinne dømd til ein vilkårsdom på 24 dagar i fengsel for å ha kome med hatefulle ytringar mot samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali. I tillegg må kvinna betale ei bot på 25.000 kroner.

Kvinna skreiv i eit kommentarfelt på Facebook kommentaren «Fandens svarte avkom reis tilbake til Somalia og bli der din korrupte kakkelakk»

Høgsterett meiner den vanlege lesar vil oppfatte dette som ei svært grov krenking, med referanse til hudfarge og med det etnisk opphav.

Dei meiner difor ytringa blir ramma av paragrafen som handlar om hatefulle ytringar i straffelova, og at dommen bidreg til å sette grensa for kva kommentarar som blir omfatta av denne paragrafen, og til dels straffenivået på slike lovbrot.

Religionskritikk

Den andre saka er med på å avgjere kvar grensa mellom religionskritikk og straffbar hets mot trusamfunn går.

Ein mann kommenterte fleire innlegg i ei Facebookgruppe, og skreiv blant anna «det er vel bedre at vi fjerner disse avskyelige rottene fra jordens overflate selv tenker jeg!!» og «ja de forsvinner den dagen disse steppe bavianene reiser dit de hører hjemme!».

Ut frå samanhengen kommentarane kom, fann Høgsterett ut at den første ytringa var retta mot muslimar, medan den andre var retta mot mørkhuda personar.

Retten meiner begge kommentarane er ramma av paragrafen om hatefulle ytringar. Det å bli straffa for slike ytringar er ikkje med på å svekke religionskritikken eller annan offentleg debatt som er verna av ytringsfridomen, meiner retten.

Straffeutmålinga i denne saka var ikkje anka til Høgsterett.

AKTUELT NÅ