Hopp til innhold

Til helga lettar «giftlokket»

I løpet av helga blir lufta på Austlandet langt betre å puste i. Berre ei kortvarig glede, seier Norges astma- og allergiforbund, som etterlyser langsiktige tiltak.

Oslo forurensing

Kalde vinterdagar og mykje biltrafikk gjer at lufta blir helsefarleg for dei med luftvegssjukdomar. Dette bilete av Oslo er teke i 2013. Ifølgje meteorologane legg det seg slike lokk over byen nesten kvart einast år.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Kristian Gislefoss

Høgare temperatur og vind lettar lokket med luftforureining, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Foto: Kristin Granbo / NRK

– Utover fredagen får vi betydeleg stigande temperatur, og vi får meir vind. Det er akkurat det vi treng! Då får vi får inn frisk luft, og i helga bør det vere ein heilt annan luftkvalitet, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Dei siste dagane har det lege eit tungt «lokk» med dårleg luft over fleire byar på Austlandet. I Oslo, Fredrikstad og Sarpsborg har luftforureininga nådd raudt nivå.

Kulda skapar problem

Det er dei stabile vêrforholda som er årsaka til dei høge nivåa av luftforureining. Når det er kaldt, lite vind og lite nedbør, vert ikkje den dårlege lufta skifta ut.

– Lokket gjer at den kalde lufta blir liggande nede i byen, og når bilar slepp ut eksos og vi fyrar med ved, skapar dette forureining som ikkje vert slept ut av gryta, seier Gislefoss.

For høge konsentrasjonar av svevestøv og nitrogendioksid kan vere helseskadeleg for alle menneske, men barn, eldre og folk med luftvegsproblem er spesielt sårbare.

Denne veka har fleire kommunar åtvara barn med astma, og vaksne med alvorlege luftvegssjukdomar, mot å vere for mykje ute.

Forholdsregler høy luftforurensing

Kor forureina lufta er, vert vist ved hjelp av varslingsklasser med fargekodar. Denne veka har luftforureininga nådd raudt nivå fleire stadar på Austlandet.

Foto: Montasje: Rune Fredriksen

– Kortvarig glede

At luftkvaliteten vert betre mot helga er godt nytt for alle dei som har måtte halde seg innandørs, eller hatt problem med luftvegane den siste tida. Ifølgje Norges astma- og allergiforbund er dette likevel berre ei kortvarig glede.

– Å glede seg over at problemet forsvann er ikkje det same som å ta tak i det, seier assisterande generalsekretær Bo Gledtisch.

Han veit at dette ikkje er siste gong luftforureininga når raudt nivå.

– Ikkje berre kjem dette kvar vinter, det kjem mest sannsynleg fleire gongar i løpet av denne vinteren også.

Tiltak som råkar «alle»

Det er forurenset luft

Skiltet oppmodar bilistane til å la bilen stå på grunn av høg luftforureining i sentrum av Oslo.

Foto: Erik Engen / NRK

I staden for å glede seg over at vêret snur, meiner Gledtisch at ein berre kan løyse problemet ved å tenke langsiktig.

– Ofte leitar politikarane etter det eine flotte tiltaket som ikkje kostar mykje pengar, og som ikkje støyter frå seg for mange veljarar. Dette tiltaket finst ikkje, seier han.

Gledtisch trur det er summen av mange små tiltak som kjem til å utgjere den reelle forskjellen. Innføring av lågutsleppssoner der forureininga er verst, og premiering til dei som køyrer fleire saman, er ifølgje han eksempel på tiltak som reduserer vegtrafikken.

Men ansvaret ligg ikkje berre hos politikarane.

– Vi må akseptere at politikarane set i gang tiltak som også rammar oss, for vi kan ikkje gå fri. Tiltaka har ei god hensikt, derfor må vi også akseptere at dei kan gå ut over oss sjølve, seier Gledtisch.

AKTUELT NÅ