Hopp til innhold

«Kongen av giftig maskulinitet»

Andrew Tate er overalt om dagen, og blir kalla TikToks farlegaste fenomen. Norske Emad meiner vi trenger fleire som han.

Andrew Tate med sigar i munnen og champagne i handa.

Andrew Tate kallar seg ein alfahann og oppfordrar fleire til å gjere som han.

– Eg drikke berre vatn med kolsyre, for vatn med kolsyre er for rike folk. La meg fortelje deg kvifor. Du kan få vanleg vatn frå ei forbanna kran. Myndigheitene gir deg den driten.

TikTok-fenomenet Andrew Tate har ei meining om stort sett alt.

– Frukost avlar arroganse og latskap. Eg et ikkje før arbeidet er gjort.

Og akkurat no er videoane av han på TikTok sett over 12 milliardar gongar.

– Eg er ikkje ein jævla valdtektsmann, men eg likar idéen om å kunne gjere akkurat det eg vil.

Bannlyst frå Twitter

Emory Andrew Tate er født i USA og vaks opp i England som den eldste av tre søsken. Etter at han blei 11 år var det berre han, søskena og aleinemora. Han har skildra tilværet som fattig.

I 20-åra gjorde han stor suksess i kickboksing, der han fire gongar blei verdsmeister.

I søken etter kjendisstatusen blei Andrew og broren Tristan med på Big Brother, men reality-reisa blei kort for førstnemnde. Ein video av Andrew som piska ei kvinne med eit belte, mens han kalla ho ei hore, begynte å sirkulere.

Begge har etterpå hevda at det var ein spøk, men Andrew blei likevel kasta ut av produksjonen og klipt vekk av episodane.

Andrew Tate sitter i et mørkt rom ved et bord og teller penger. På bordet ligger en svær kniv og en haug med sedler. Han sitter i mørk genser og røyker en sigar. Ved siden av ham står et sjakkbrett. I bakgrunnen viser en stor TV overvåkingsbilder.

Andrew Tate bestemte seg for å bli rik, kjent og mektig. Det har han klart.

Andrew skjønte tidleg at å vere kontroversiell, fekk han opp og fram.

36-åringen er no bannlyst frå Twitter, men før det rakk han å tvitre:

«Viss du setter deg sjølv i ein posisjon der du blir valdtatt, må du ta eit visst ansvar»

– Det heile er ein stor svindel

Brødrene skjønte også at pengar gav makt, og neste steg var å finne ut korleis å bli rike.

Det blei dei ved å få sine kjærastar, og etter kvart til saman 75 kvinner, til å sitte på nettet og fortelje «sob stories» til rike menn.

Ifølge Tristan fekk dei over 200.000 kroner frå ein som hadde gitt arva si til «kvinnene», mens andre hadde hamna i stor gjeld. Andrew hevda dei tente 600.000 dollar, nesten 6 millionar kroner, på businessen kvar månad.

– Det heile er ein stor svindel, sa ein stolt Tristan Tate til Sunday Mirror, før han la til at dei ikkje kjenner på skuldfølelse.

Aktiv i MAGA-miljøet

– Han er 2022s store internettfenomen.

Det seier sosiolog, forfattar og journalist Linn Stalsberg. I ein kommentar i Dagsavisen skildrar ho Andrew Tate som «ein av TikToks farlegaste menn».

Det var tenåringsgutane hennar som tipsa ho om fenomenet. Sjølv hadde ho aldri høyrt om han før.

– Eg fekk eit sjokk over kva slags blindsone eg hadde for han. Han er så vanvettig stor hos tenåringar og unge menneske, og eg visste ikkje at han fanst.

Andrew Tate står foran skap i en våpenbutikk. Han har på seg sort t-skjorte og lys grå dressjakke. På ansiktet har han mørke solbriller, på høyre hånd har han en stor klokke. Han holder en pistol og holder på å sette et magasin inn i kammeret.

Andrew Tate har sagt at han har eit våpen i alle rom.

Bodskapen i det han seier speler på lag med politiske tendensar i vår tid, meiner Stalsberg.

– Det er eit mørkt og dystert politisk landskap som handlar om at menn er mest verdt, kvinner er mindre verdt. Han trur ikkje på klimakrisa, han trur ikkje på pandemien, han sår tvil om demokratiet ved å snakke om «globalistar» og skjulte agendaer.

For sjølv om han ikkje sjølv representerer eit politisk parti eller ein organisasjon, så er han langt frå upolitisk.

– Han står arm i arm med Trump-sønene og MAGA-miljøet og hyller Donald Trump. Mykje han seier og gjer går inn i ein større samanheng.

Bilde av graf fra Google trends. Grafen viser antall søk gjort på Andrew Tate (blå) og Donald Trump (rød). Mot slutten av våren i år går Tate rakt forbi Donald Trump.

Andrew Tate blir googla langt meir enn til dømes Donald Trump.

Foto: Google Trends

Og om folk begynner å vere einige med han i at kvinner ikkje har noko å gjere i leiarstillingar, og at menn har lov til å vere utru mot kvinner, men ikkje motsett, så er det plutseleg politisk.

– Han kan bli som ei bru inn i eit mørkare miljø, meiner Stalsberg.

Andrew Tate sitter utendørs i bar overkropp og tenner en sigar. Han holder en kopp kaffe i hånden og har på mørke solbriller. På brystet har han en stor, mørk tatovering. I bakgrunnen er grønne trær og en overskyet himmel.

Andrew Tate slik han ofte blir avbilda: Med sigar og i bar overkropp.

– No skal kvinnene settast på plass

Andrew Tate er lik seg sjølv i dei fleste videoane av han: Sigar i munnen, solbriller på inne, i baris.

Bodskapen kjem hardt. Han snakkar høgt, fort, aggressivt og bombastisk.

Stalsberg har brukt timevis på å sette seg inn i kven Andrew Tate er. Likevel er ho ikkje sikker på om han faktisk meiner det han seier, eller om han gjer det for å bli viralkjendis.

Du kallar han farleg, kva legg du i det?

– Han veit kva han driv med og korleis algoritmane fungerer. Han er massivt til stades på TikTok. Så sit vi vaksne nede på kjøkkenet og har aldri høyrt om fyren.

Videoar av med #andrewtate har blitt sett nær 12 millionar gongar på TikTok.
Foto: Skjermbilde frå TikTok, 12.08.22 kl. 15.10.

Dei siste åra har fleire minoritetsgrupper fått fleire rettar – kvinner, urfolk, homofile, blant andre.

– Og då kjem det eit backlash frå grupper som har hatt ei kjensle av rett og privilegium i mange hundre år, og han er ein av dei. No skal kvinnene settast på plass.

Tar til orde for maskulinitet

23-åringen Emad Nayab kallar seg gjerne «Noregs Andrew Tate».

– Andrew Tate har mykje bra å kome med. Han har mykje livserfaring og har opplevd ein del med tanke på status og det overflatiske, pengar og så vidare. Han har veldig høg sjølvtillit, og tør å seie meiningane sine.

Nayab har 10.000 følgarar på Snapchat og 4000 på TikTok, og deler også sine til dels kontroversielle meiningar på plattformene.

Emad Nayab seier han ofte overdriv for å få fram poenget.

Han seier ikkje alle skjønar når Tate er seriøs og når det er humor.

– Samtidig er det preferansar. Om jenta han er i eit forhold med synest det er greitt at han ligg med andre, så ser eg ikkje problemet.

– Kvifor treng vi fleire som han?

– Fordi eg føler at maskulinitet er viktig. Det blir litt borte i dagens samfunn. Eg føler moderne feminisme har gjort at menn ikkje er like maskuline lenger. Testosteronnivået på menn har falle utruleg mykje dei siste åra.

– Men er det på grunn av feminisme?

– Det kan vere forskjellige årsaker, men eg trur feminisme har bidratt til at menn får meir feminine trekk.

Andrew Tate fotografert foran en lite hotell på den britiske landsbygda. Ved siden av han er står en dyr, blågrå bil. Tate har på mørke klær og skinnjakke. Hotellet er laget i lys brungrå murstein og har det britiske flagget hengende over inngangsdøren

Emad Nayab trur Andrew Tate spelar ei rolle i sosiale medium. – Men når han er med andre kjente menneske i videoar på YouTube, så ser ein at han er ein fin fyr.

Foto: Skjermdump / Instagram

Nayab synest ikkje Tate er ein farleg influensar, og trur verda har godt av at han «seier det som det er».

– Eg føler at folk bør vere litt mindre hårsåre og ikkje bli krenka av absolutt alt. Ta til deg det som er nødvendig, og sjå forbi resten.

Anine Olsen (21), som også er TikTokar, deler ikkje Nayabs syn.

– Eg trur folk liker han fordi han baner veg for å vere eit rævhol, og han får det til å sjå stilig ut å vere eit rævhol. Fordi han har Bugatti, dyre bilar, masse damer, og dei unge gutane som er enkle å påverke, kan kanskje tenke at «om eg er som han, så får kanskje eg også desse tinga».

Mannen over alle menn

Videoar av Andrew Tate har spreidd seg som eld i tørt gras – viss tørt gras er TikTok, Instagram og Twitter.

Fleire melder at dei ufrivillig har sett mange av videoane hans.

"Alt eg har lært om Andrew Tate har vore mot min vilje, hald den raringen unna min feed", skriv ein på Twitter.
Foto: Skjermbilde frå Twitter, tatt 10.08.22 kl. 10.30.

Andrew Tate lovar gull og grøne skogar for dei som melder seg inn i Hustlers University. Over 100.000 «studentar» skal tene pengar på å dele klipp av Tate og verve nye studentar.

Derfor finst det tusenvis av videoar av han på TikTok, mens mannen sjølv ikkje har lagt ut noko.

Medievitar Ida Aalen har også lagt merke til «mannen over alle menn». Ho har ein teori om kvifor han har tatt av.

– Ting som vekker sterke kjensler, spreier seg betre.

Publikum hjelper han godt på vegen. Alt engasjement, anten det er hatkommentarar eller støtte, er bra engasjement. Det blir som å helle bensin på algoritme-bålet, forklarar Aalen.

Dessutan hjelper det at han har kontroversielle meiningar.

– Viss ein seier noko som er ei sjølvfølge og som alle er einige i, kva ville det då vere å snakke om?

Sosiale medium er ein veldig effektiv måte å spreie bodskapen sin på, poengterer SoMe-ekspert Ståle Lindblad.

– Særleg på TikTok har dette tatt heilt av. Derfor gjer også ekstreme personar, som Alex Jones og Andrew Tate, det for å tene pengar. Dei tener millionar kvar einaste månad på folk som lar seg lure til å dele vidare, eller til å betale for produkt, meiningar eller medlemskap på nettsidene deira.

Mistenkt for menneskehandel og valdtekt

Dei siste åra har Andrew Tate budd i Romania. Han har sjølv sagt at han ikkje vil bu i vestlege land, mellom anna på grunn av #MeToo-rørsla, som han meiner er oppblåst.

Andrew Tate sit i eit privatfly, med alkohol i handa.

Andrew Tate og broren Tristan lever det gode liv i Romania.

Foto: Skjermdump / Instagram

I april blei huset hans ransaka av rumensk politi på grunn av tips om at ei amerikansk kvinne blei heldt der mot si vilje, og mistanke om valdtekt.

Tate har motsett seg skuldingane, men er framleis under etterforsking.

I mellomtida går han fri, køyrer Bugatti og røyker sigar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger