Hopp til innhold

Tidlegare smitta kan få fritak frå karantenereglane

Helsemyndigheitene innfører nye karantenereglar.

Regjeringa held pressekonferanse om koronasituasjonen.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie, avdelingsdirektør Line Vold frå Folkehelseinstituttet, og Johan Torgersen divisjonsdirektør i Helsedirektoratet held fredag pressekonferanse om koronasituasjonen.

Bent Høie opna pressekonferansen med å snakke om viktigheita av internasjonalt samarbeid, kor lenge vi må leve med tiltaka og utviklinga av behandlingsmetodar for covid-19.

– Vi må leve lenge med viruset og faren for at det spreier seg, seier han.

Høie åtvara folk mot at vi framleis truleg vil måtte leve med tiltak i eitt til to år framover.

Samstundes prisa han effekten av tradisjonelle tiltak som isolering av smitta og handvask.

– Når vi snakkar om å overvinne nye sjukdomar, snakkar vi ofte om å utvikle nye medisinar og behandlingar, men dei gamle behandlingsmetodane fungerer framleis, som handvask og sosial distanse, seier Bent Høie.

Torsdag opplyste Regjeringa om at karantenetida ved mistanke om koronasmitte no er 10 dagar.

Fredag fortel Johan Torgersen at det og vil vere unntak frå karantenereglane i seks månadar for personar som tidlegare har fått bekrefta smitte av covid-19.

Dette skal gjelde både folk som har reist utanlands og folk som har vore i nærkontakt med smitta. Skal du få fritak frå karantenereglane må du få spørje legen din.

Line Vold frå Folkehelseinstituttet byrja med å informere om dagens smittetal.

Ifølgje FHI skal det såkalla «R-talet» som viser kor mange andre dei smitta personane har smitta stege frå 0,49 torsdag til 0,55 fredag.

Line Vold understrekar at FHI brukar fleire tal enn «R-talet» når dei anbefaler tiltak og at det framleis er for tidleg å seie noko om korleis smittetalet vert påverka av gjenopninga.

– Vi følgjer situasjonen tett no og anbefaler tiltak når vi har tolka endringane i tala, seier Vold.

Bent Høie seier at vi ved ei eventuell ny auke i smittetalet, no har betre føresetnader for å sette i verk effektive tiltak.

Det betyr at Regjeringa ikkje nødvendigvis kjem til å innføre dei same tiltaka som dei har gjort i vår ved ei ny smittebølgje.

VG: Noreg skal bruke 1 milliard på beredskapslager

Fredag ettermiddag meldte VG at helsemyndigheitene gjev Helse Vest ansvaret for å etablere eit beredskapslager for 50 viktige medisinar det kan bli mangel på.

VG skriv vidare at det innan 15. juli skal bli kjøpt inn medisinar for ein milliard kroner.

Helse Vest skal ha bekrefta til avisa.at dei har fått ansvaret for det planlagde lageret.

Bent Høie (H) har følgjande kommentar om saka til NRK:

– Det er sånn at vi bygger opp beredskap på legemiddel, dette er noko vi har gjort over tid og som vi kjem til å fortsette med.

Det er ikkje noko anna enn å byggje opp eit ordinært lager med ting som vi meiner vi har bruk for i eit litt lenger perspektiv, understrekar han.

Helseminister Bent Høie

HELD PRESSEKONFERANSE: Helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

La fram planar om gjenopning

Torsdag kunngjorde regjeringa at elevane i 5.–10. klasse og elevar på vidaregåande skular kan starte på skulen måndag.

Samtidig sa regjeringa som ved opninga av barnehagar og 1.–4. klasse, at kommunane har moglegheita til å gjere lokale tilpassingar.

Det kan derfor bli ulik oppstart for skulane i ulike delar av landet i neste veke.

Erna Solberg

OPNAR OPP SKULANE: Statsminister Erna Solberg sa torsdag at skulane vil kunne opne att frå måndag neste veke.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

– Regjeringa har valt å prioritere barn og unge først, deretter arbeidsliv, deretter andre aktivitetar, sa Solberg.

Solberg kunngjorde og fleire andre frislepp av tiltak mot koronaviruset. Mellom anna at underhaldningsparkar og serveringsstader utan matservering får opne 1. juni.

15. juni skal det meste vere opna.

Samtidig var statsministeren tydeleg på at folk må overhalde smitteverntiltaka.

– I lang tid framover må vi halde ein meter avstand, vaske hendene og la vere å klemme kvarandre, sa ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger