Søndag melde både styret og kommunestyrerepresentantane til Råde Frp seg ut av partiet. Grunnen var at dei var skuffa over korleis partiet har følgd opp varsla mot stortingsrepresentant Ulf Leirstein.
– Vi meiner dei skyver problema under teppet i staden for å ta tak i dei. Vi har varsla tidlegare, men har sett at varsla ikkje har blitt eit tema. Difor går vi til dette steget no, seier varaordførar i Råde kommune, Frederikke Stensrød.
Ikkje overraska
Jon Gåsvatn var Frp-medlem i over 30 år, men melde seg ut i 2013 fordi han ikkje likte måten partiet handterte varsla mot stortingsrepresentant Ulf Leirstein.
Foto: Knut Falch / NTB scanpixStortingsrepresentant Ulf Leirstein trekte seg frå alle politiske verv då det blei kjent at han hadde sendt pornografiske bilete til ein då 14 år gamal partifelle. I ein dialog med ei kvinne i 30-åra foreslo han også å invitere med ein 15-åring på trekantsex.
Tidlegare stortingsrepresentant for Frp, Jon Gåsvatn, seier han varsla om dette i 2012, men sakene blei ikkje tekne tak i. Det enda med at Gåsvatn melde seg ut av partiet i 2013 etter over 30 år som medlem.
– Eg tenkte at eg ikkje kunne identifisere meg med dette, og melde meg ut. No ser eg at dei som har meldt seg ut i Råde brukar ei liknande grunngjeving som eg gjorde. Då bør det ringe nokre bjøller på partikontoret, seier han.
– Feilaktig bilete
Leiar i organisasjonsutvalet i Frp, Helge André Njåstad, meiner dei har handtert Leirstein-saka etter dei retningslinjene som gjeld i partiet.
Foto: Tore Meek / NTB scanpixOrganisasjonsutvalet i Frp har behandla Leirstein-saka. Leiaren i utvalet, Helge André Njåstad, meiner det er feil at dei ikkje har teke varsla på alvor.
– Etter at NRK gjorde oss kjent med saka, har vi handtert Leirstein-saka i tråd med retningslinjene i partiet. Saka er ferdigbehandla og vi retter blikket framover. At nokon vel å gå til kollektiv utmelding får så for deira rekning, seier Njåstad.
Han meiner også at det blir teikna eit feilaktig bilete av ungdommane i partiet. Og at det verkar som om nokon ønsker å bruke saka til å sverte partiet.
Har fått støtteerklæringar
Varaordførar Frederikke Stensrød i Råde kommune seier dei har fått mange tilbakemeldingar etter at styret og kommunestyregruppa i Råde Frp samla melde seg ut av partiet søndag.
Foto: Rune Fredriksen / NRKMedlemmane i Råde Frp har fått mange tilbakemålingar har meldt seg ut av partiet. Og Frederikke Stensrød seier tilbakemeldingane har kome frå eit vidt spekter.
– Vi har fått mange støtteerklæringar frå tidlegare Frp-medlemmar. I tillegg er det mange frå andre parti som seier at det står respekt av det vi har gjort.
Det har også kome nokre negative reaksjonar. Blant anna er det enkelte som meiner dette er ein form for hemn. Men det avviser Stensrød.
– Det er ikkje det dette handlar om. Dette er ei prinsippsak. For oss er det viktig å vise at vi står opp for ungdommen vår, seier ho.