Tvungen lønnsnemnd er kanskje skrekkordet for arbeidstakarar som streikar for å få høgare lønn.
I går bruke arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) det igjen då streiken i Oslo kommune blei stoppa.
Det var mange lærarar og også medlem i Sjukepleiarforbundet som fekk beskjed om å byrja å jobba igjen. Og det var sjukepleiarane i streik som førte til at Røe Isaksen brukte tvungen lønnsnemnd.
– Det er mange av medlemane våre som er veldig lei seg. Nokre gret, seier leiar i Sjukepleiarforbundet, Lill Sverresdatter Larsen.
– Grunngjevinga var at de sette liv og helse i fare. Gjorde de det?
– Sjølvsagt gjorde vi ikkje det, svarar leiaren i Sjukepleiarforbundet.
Går imot lønnsnemndvedtak
– Ut ifrå det vi veit i dag, så kjem vi til å gå mot det lønnsnemndvedtaket som kom i kommunesektoren på fredag.
- Les også:
Det seier partileiar i SV, Audun Lysbakken, som meiner det i mange i offentleg sektor som lurar på om streikeretten er reell.
– Det er ein utruleg alvorleg situasjon. Retten til å streika er ikkje berre ein grunnleggjande demokratisk rett. Det er noko som har gjort det landet her til eit godt land å leva i, legg han til.
Han meiner at det verkar som at streiken i kommunesektoren blei avblåst på eit tynt grunnlag.
– Det har vore to tvungne lønnsnemnder. De stemmer mot den i Fredrikstad, og så kom det ein i Oslo i går. Stemmer de mot den også?
– Det må vi sjå på. Det er like ulukkeleg at den endar i tvungen lønnsnemnd.
– Det handlar ikkje om partipolitikk
– Eigentleg så handlar ikkje desse spørsmåla om partipolitikk i snever forstand, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.
Han presiserer at det ikkje var slik at det ikkje var tvungne lønnsnemnder i førre regjering.
– Det var 11 under den raud-grøne regjeringa, og 10 under oss, seier han.
– Så det som er viktig å hugsa på, er at det i arbeidslivet er mange reglar for kva vi kan gjera, legg han til.
På fredag skal tvungen lønnsnemnd debatterast i Stortinget, og neste veke skal det gjerast eit vedtak.
Partiet Raudt er på si partiside klare på at dei vil «styrka streikeretten gjennom å fjerna tvungen lønnsnemnd».
Partileiar Bjørnar Moxnes har på si Facebookside slått fast at partiet kjem til å «stemma mot tvungen lønnsnemnd i Unio-streiken når dette skal opp til Stortinget».
I innlegget utfordrar han Ap, Sp og SV til å gjera det same.
– Det er ikkje avklart i stortingsgruppa. Vi avventar regjeringas lovproposisjon til Stortinget om dei to lønnsnemndsakene, seier Sps Per Olaf Lundteigen.
Vil gjennomgå systemet
– Vi meiner at det no er på tide å gjennomgå heile systemet med tvungen lønnsnemnd fordi vi får ei rekkje streikar som blir avblåste og som gjer at offentlege tilsette står att utan den same retten til å kjempa for lønn og arbeidsvilkår som andre, seier Lysbakken.
Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen seier at han er villig til å sjå på systemet.
– Eg tykkjer det er viktig at vi ser kritisk gjennom dei reglane og rammene vi har i norsk arbeidsliv, men då må vi sjølvsagt gjera det saman med partane, seier han.
– Så eg synest det er heilt naturleg å i første runde diskutera tvungen lønnsnemnd med partane, og så er målet heile tida at vi skal ha system som skal stå seg over tid og som har brei politisk oppslutning, legg han til.
Lill Sverresdatter Larsen meiner det er heilt naudsynt.
– Vi treng eit nytt system for lønnsdanning i offentleg sektor. Det systemet vi har i dag, ser vi heilt tydeleg at ikkje fungerer, seier ho.