LO Stat og Spekter har vorte samde om å innføre livslange og kjønnsnøytrale pensjonsytingar i kultursektoren frå 1. april 2022.
– Vi har hatt gode og fruktbare forhandlingar gjennom helga. Forhandlingane enda med ei løysing som begge partane aksepterte natt til måndag, seier riksmeklar Mats Wilhelm Ruland.
Riksmeklar Mats Ruland fekk partane til å bli samde.
Foto: NRKSkulle vore utvida måndag
Nær 900 tilsette ved 15 kulturinstitusjonar, mellom dei Operaen og Nationaltheatret, har vore i streik. Ei lang rekke konsertar og teaterframsyningar har vore avlyste.
Måndag skulle streiken ha vore trappa opp med 200 nye streikande. Men ved 3.30-tida natt til måndag opplyste Riksmeklaren om at streiken var over.
Strid om kvinnepensjon
Den rekordlange kulturstreiken har si bakgrunn i strid om pensjonen i kulturinstitusjonane. 2016 gjekk dei tilsette med på å mellombels gå frå ytingspensjon til innskotspensjon.
Fagforeiningane ønskte no ein hybridpensjon, medan Spekter ville behalde dagens ordning. I natt vart altså den sju veker gamle knuten løyst.
– Vi har vore gjennom ein lang og krevjande streik og fått gjennomslag for hovudkrav et vårt. Vi er glade for at medlemmane våre no kan gå tilbake på jobb, og at kultursektoren opnar igjen, seier Lise Olsen, forhandlingsleiar og nestleiar i LO Stat.
Glade for å kunne opne igjen
Administrerande direktør Anne-Kari Bratten i Spekter er glad for at dei råka kulturverksemdene no kan opne igjen.
– Vidare er eg nøgd med at vi med Riksmeklaren si hjelp har oppnådd semje om at vi i samarbeid med LO skal finne fram til in permanent pensjonsordning som er god både for verksemdene og alle tilsette, seier Bratten.
Ifølgje Riksmeklaren opna tilbodet frå Spekter etter meklinga onsdag 20. oktober dørene for nye forhandlingsrundar. LO Stat gav sitt svar dagen etter, og basert på tilbodet og svaret vart partane inviterte til nye samtalar.
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik saman med streikevakter ved Nationaltheatret.
Foto: Terje Pedersen / NTBFår vidare hjelp av Riksmeklaren
Partane skal innan 1. februar forsøke å avklare mest mogleg av dei faglege uavklarte spørsmåla som er reist under forhandlingane i år.
Riksmeklaren skal utnemne nøytral og uavhengig ekspertise. Avtalen om permanent tenestepensjonsordning skal inn i overeinskomsten for verksemdene.
Streiken har vore langvarig og svært krevjande for dei involverte partane, heiter det i pressemeldinga. Partane er difor samde om at det umiddelbart etter avslutninga av streiken skal bli nye møte mellom dei lokale partane for å reetablere gode relasjonar.