Parlamentarisk leiar i Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun, er trygg på at forliket har gitt det norske folk eit endå betre statsbudsjett.
Det var stor glede over budsjettforliket på Stortinget i går. Fra venstre Jon Lilletun (KrF), Jan Tore Sanner (H), Jens Stoltenberg (Ap) og Oddvard Nilsen (H). (Foto: Heiko Junge, Scanpix)
- Eit godt statsbudsjett har no blitt endå betre, seier han til NRK.
Landsstyremøtet i partiet sist veke viste tydeleg sterk misnøye på grasrotnivå i partiet. Det kom sterke krav om at partiet måtte prioritere betre kommuneøkonomi, betre helsepolitikk og auka kamp mot arbeidsløyse.
Jon Lilletun er ikkje i tvil om at landsstyret og andre KrF-tillitsvalde utover landet vil vere godt nøgde med denne budsjettavtalen.
Mange har tolka signala frå landstyremøtet som ei sterk åtvaring til partiet sine forhandlarar mot eit nytt budsjettforlik med Framstegspartiet. Dette forliket var nok Kjell Magne Bondevik sitt førsteval.
Statsministeren framstår som ein brubyggjar mellom Arbeidarpartiet og Høgre. Han kallar sjølv budsjettforliket som vart ingått mellom regjeringa og Arbeidarpartiet i går ettermiddag for historisk. Han understrekar den viktige rolla KrF og Venstre har spelt i dette arbeidet.
Fleire politiske kommentatorar ser på budsjettavtalen som ein siger for statsministeren, som sjølv deltok aktivt i forhandlingane. Aftenposten kallar på leiarplass budsjettavtalen "en seier for den politiske fornuft".