Hopp til innhold

Stor forskjell mellom kommunane – så mange har fått oppfriskingsdose

Regjeringa har sett som mål at alle over 45 år skal få tilbod om oppfriskingsdose innan midten av januar. Sjå korleis din kommune ligg an.

Vaksinering Covid-19

I snitt har 55 prosent av dei over 45 år i Noreg fått oppfriskingsdose.

Foto: Berit Roald / NTB

Nokre kommunar ligg betre an enn andre i prosessen med å få gitt ei oppfriskingsdose til dei over 45 år. Det viser tal NRK har henta inn frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Lista viser at landets femte største kommune, Bærum, ligg fire plassar unna botnen. Der har 44 prosent av dei over 45 år fått oppfriskingsdose.

– Vi bygger opp kapasiteten vår no, frå januar av, fortel kommunalsjef i Bærum, Grete Syrdal.

Dei har hatt utfordringar med bemanninga, men har framleis trua på at dei vil nå målet om å tilby alle over 45 år oppfriskingsdose innan midten av januar.

– Det har vi planar om. Vi får inn Forsvaret til å opne ein ekstra vaksinestasjon rett over nyttår, og vi doblar aktiviteten på ein av dei andre vaksinestasjonane. Vi inngår også samarbeid med apotek og andre aktørar for å nå det målet, seier Syrdal.

Grete Syrdal, kommunalsjef i Bærum kommune

Kommunalsjef helse og sosial i Bærum kommune, Grete Syrdal.

Foto: Bærum kommune

Det er også fleire som ikkje har møtt opp eller som har takka nei til vaksinetime i desse juletider.

– Kva er det som er grunnen til at de ikkje har klart å få opp prosenten til no?

– I tillegg til å vaksinere innbyggarane våre så har vi brukt ressursar på å vaksinere undervisnings- og helsepersonell før jul, så vi har stått på, seier Syrdal.

Sjå korleis din kommune ligg an i tabellen nedst i saka.

Godt rusta for smitte

Heilt øvst på lista ligg Utsira kommune i Rogaland. I Noregs minste kommune har 90 prosent av dei over 45 år fått oppfriskingsdose.

Ordførar Marte Eide Klovning (Ap) skryter av både helsesøstera som har sett dei fleste dosane, og innbyggarane som takkar ja.

– Eg håpar smitten held seg vekke frå Utsira. Den kjem nok ein gong, men då er vi godt rusta for det.

Marte Eide Klovning

Ordførar i Utsira kommune, Marte Eide Klovning, har all grunn til å smile.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det som hindrar dei i å sette fleire dosar no, er det må gå 20 veker mellom vaksinedosane, fortel Utsira-ordføraren.

– Vi har vaksinar, men manglar armar å stikke dei i.

I andre enden av lista ligg Rødøy kommune, der berre 39 prosent av dei over 45 år har fått oppfriskingsdose.

Ordførar Inger Monsen (Ap/KrF) seier grunnen til at dei ligg på botn blant anna handlar om omfordelinga frå i sommar, der kommunar med høgt smittetrykk fekk fleire vaksinedosar.

– I tillegg låg vi dårleg an i fordelinga heile våren, noko som blei tatt opp gjentekne gongar, seier Monsen.

Volumet kjem først i januar, meiner ordføraren. Også dei må vente på tidsintervallet mellom dosane.

– Vi har drop-in-vaksinering no i romjula, men vi når berre eit avgrensa tal som er klare etter 20 veker.

Myken i Rødøy kommune på Helgeland.

Rødøy kommune består av omkring 1000 øyer, holmar og skjær. Øya Myken ligg 32 kilometer frå fastlandet, og vaksinepersonellet må reise ut i båt for å vaksinere innbyggarane der.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Avhengig av kommunen sin kapasitet

Ifølge overlege Preben Aavitsland i FHI er det fire faktorar som kan senke kommunane sitt vaksineringstempo.

Det er tilgjengelegheit av vaksinar, kommunen sin kapasitet, oppslutninga i befolkninga og at det må gå 20 veker mellom dose to og tre.

– Nokre stadar er det nok ein del som endå ikkje har nådd 20 veker. Det kan vere kommunar som blei forsinka på grunn av geografisk målretting tidlegare i år, forklarar Aavitsland.

Preben Aavitsland

Overlege i FHI, Preben Aavitsland, seier tilgangen på vaksinar er god no.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Det er kommunane sin kapasitet som er mest avgjerande, seier han. Men kva som forklarar ulikskapen mellom kommunane, er ikkje godt å seie.

– Det er vanskeleg å sjå noko mønster her. For eksempel er det ikkje nok tydeleg samanheng med kommunestorleik. Derfor er det nok særlege forhold med dei enkelte kommunane som kan forklare forskjellane, seier Aavitsland.

– Enorme oppgåver

I Bergen, Oslo og Trondheim har høvesvis 63, 54 og 48 prosent av dei over 45 år fått oppfriskingsdose.

– Det er vanskeleg for meg å seie kvifor Bergen no gjer det relativt godt, men eg er veldig takksam ovanfor flinke og effektive tilsette på vaksinestasjonane, seier helsebyråd i Bergen, Beate Husa (KrF).

Helsebyråd i Oslo, Robert Steen (Ap), seier det er eit stort apparat som jobbar for at alle skal få vaksine.

– Etablering og bemanning av vaksinesentera er berre to av oppgåvene. Tilgang på vaksinar i riktig volum til riktig tid, halde orden på vaksineprioriteringane og kontrollere at det har gått minst 20 veker sidan dose to, er også enorme oppgåver i ein så stor kommune.

Oslo, med sine 700.000 innbyggarar, har gjennom pandemien hatt det største smittetrykket av dei store kommunane i Noreg. Har ein blitt smitta etter andre dose, treng ein heller ikkje oppfriskingsdosen.

– Ein må også ha kontroll på kven som på grunn av smitte ikkje skal ha oppfriskingsdose, forklarar Steen.

Robert Steen

Oslo ligg godt an til gi alle over 45 år tilbod om oppfriskingsdose innan midten av januar, og tilbod til alle over 18 innan utgangen av februar, seier helsebyråd Robert Steen.

Foto: Berit Roald / NTB

– Ferdig noko seinare

Kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden, seier dei fleste tilsette på St. Olavs hospital har fått oppfriskingsdosen. I tillegg har dei vaksinert mange studentar i haust.

– Det betyr at vi også blei ferdig noko seinare på hausten med årgangane, og vi har eit større volum som skal blir vaksinert, seier Wolden, som opplyser om at dei også vaksinerer gjennom romjula.

Ein by som utmerker seg høgt på lista, med 70 prosent over 45 år som har fått oppfriskingsdose, er Sarpsborg.

Leiar for koronavaksinasjonen i kommunen, Rebecca Skauge, seier det er fleire grunnar til at dei har lykkast med å vaksinere mange.

– Vi har ein effektiv organisering slik at vi snur oss veldig raskt rundt, vi har lagt vaksineringa til Quality hotell, som har stor plass slik at vi har god kapasitet, eit svært bra massevaksinerings-IT-system, og eigne tilsette på vaksinesenteret som ikkje må bli tatt ut av andre jobbar i kommunen, seier Skauge.

Oversikt over oppfriskingsdosar i kommunane

Kommune

Tal vaksinerte over 45 år

Tal personar over 45 år

Vaksinerte i prosent

Utsira

88

98

90

Evje og Hornnes

1353

1627

83

Frosta

1035

1313

79

Åmot

1647

2108

78

Rennebu

1021

1345

76

Karasjok

962

1282

75

Rindal

765

1024

75

Iveland

414

560

74

Eidskog

2624

3550

74

Sogndal

3576

4943

72

Modalen

120

166

72

Bjerkreim

832

1161

72

Austrheim

986

1392

71

Bokn

305

431

71

Bardu

1207

1715

70

Kvinesdal

1927

2743

70

Sarpsborg

18355

26260

70

Sveio

1688

2436

69

Trysil

2500

3616

69

Bykle

290

421

69

Ibestad

558

814

69

Vegårshei

654

957

68

Tingvoll

1114

1636

68

Sokndal

1032

1522

68

Sande

883

1312

67

Vaksdal

1253

1878

67

Alstahaug

2423

3639

67

Leka

218

328

66

Moskenes

357

539

66

Kvitsøy

180

272

66

Vinje

1240

1876

66

Vardø

713

1080

66

Froland

1636

2487

66

Målselv

2014

3065

66

Værøy

242

369

66

Vang

522

799

65

Berlevåg

336

515

65

Krødsherad

730

1119

65

Siljan

751

1158

65

Sigdal

1234

1903

65

Karlsøy

819

1271

64

Hægebostad

469

728

64

Seljord

963

1495

64

Ringebu

1513

2352

64

Flesberg

856

1335

64

Skaun

2136

3339

64

Levanger

5815

9091

64

Aukra

999

1566

64

Røyrvik

162

254

64

Grue

1749

2751

64

Dønna

483

760

64

Flatanger

392

619

63

Kongsvinger

5978

9466

63

Tynset

1703

2699

63

Hammerfest

3140

5000

63

Bergen

71938

114832

63

Båtsfjord

623

995

63

Marker

1249

1996

63

Tysnes

916

1466

62

Snåsa

671

1077

62

Kviteseid

844

1355

62

Sykkylven

2266

3643

62

Gjemnes

801

1290

62

Storfjord

620

1000

62

Gulen

726

1172

62

Nittedal

6540

10563

62

Lillesand

3132

5079

62

Flå

346

562

62

Ørland

3033

4932

61

Rakkestad

2441

3975

61

Samnanger

749

1222

61

Sula

2349

3834

61

Rælingen

4614

7537

61

Hvaler

1753

2864

61

Alvdal

702

1148

61

Molde

9116

14932

61

Eidsvoll

6746

11053

61

Kristiansund

7029

11524

61

Masfjorden

533

874

61

Eidfjord

291

478

61

Løten

2250

3702

61

Tønsberg

15658

25818

61

Hustadvika

3652

6022

61

Risør

2228

3680

61

Åsnes

2510

4151

60

Valle

369

611

60

Stange

6081

10075

60

Karmøy

11033

18291

60

Herøy (Nordland)

535

888

60

Lillehammer

8016

13311

60

Namsos

4314

7168

60

Etnedal

426

710

60

Fitjar

828

1387

60

Jevnaker

1983

3322

60

Stor-Elvdal

835

1399

60

Saltdal

1444

2420

60

Tysvær

2745

4605

60

Kristiansand

27290

45938

59

Moss

14392

24232

59

Hamarøy

874

1472

59

Fjaler

779

1313

59

Vanylven

1046

1764

59

Gjerstad

751

1267

59

Nesseby

289

488

59

Aurland

506

855

59

Osterøy

2146

3627

59

Bremanger

1154

1951

59

Kragerø

3342

5664

59

Lierne

434

736

59

Stranda

1314

2229

59

Tolga

451

766

59

Rendalen

644

1096

59

Smøla

670

1141

59

Verdal

4161

7089

59

Folldal

524

894

59

Vega

394

673

59

Elverum

5870

10032

59

Surnadal

1786

3054

58

Færder

7939

13581

58

Nore og Uvdal

782

1340

58

Fedje

175

300

58

Sørreisa

974

1670

58

Inderøy

1910

3279

58

Grong

711

1223

58

Sør-Aurdal

936

1612

58

Skien

15160

26117

58

Steinkjer

6876

11858

58

Luster

1443

2490

58

Hamar

8833

15245

58

Eigersund

3821

6602

58

Sør-Odal

2387

4128

58

Sør-Varanger

2735

4731

58

Larvik

13672

23659

58

Sunndal

2066

3579

58

Midtre Gauldal

1709

2965

58

Nord-Aurdal

1906

3307

58

Orkland

5134

8913

58

Tydal

259

450

58

Malvik

3447

5990

58

Meråker

742

1293

57

Suldal

1050

1830

57

Bjørnafjorden

5962

10410

57

Årdal

1555

2716

57

Bamble

4003

6994

57

Balsfjord

1696

2967

57

Melhus

4170

7306

57

Oppdal

1974

3459

57

Nannestad

3334

5843

57

Våler (Viken)

1356

2377

57

Høyanger

1236

2167

57

Søndre Land

1730

3035

57

Harstad

6587

11588

57

Salangen

642

1130

57

Loppa

296

521

57

Nord-Odal

1605

2826

57

Grimstad

5662

9975

57

Notodden

3648

6428

57

Hurdal

816

1438

57

Voss

4228

7451

57

Våler (Innlandet)

1209

2131

57

Nordkapp

910

1604

57

Lavangen

307

542

57

Røros

1674

2957

57

Nesbyen

1037

1832

57

Dyrøy

361

638

57

Gildeskål

617

1094

56

Andøy

1407

2499

56

Hjelmeland

685

1217

56

Gloppen

1593

2834

56

Vennesla

3423

6090

56

Lund

819

1459

56

Ulstein

2127

3790

56

Kongsberg

7197

12827

56

Heim

1722

3076

56

Nesodden

5086

9096

56

Leirfjord

601

1075

56

Flekkefjord

2415

4320

56

Modum

3864

6915

56

Vågå

1039

1860

56

Ullensvang

3181

5697

56

Birkenes

1198

2148

56

Bodø

12433

22300

56

Bømlo

2881

5175

56

Øystre Slidre

909

1635

56

Vefsn

3650

6566

56

Nærøysund

2444

4397

56

Fredrikstad

21882

39384

56

Råde

2085

3755

56

Vågan

2503

4509

56

Lyngdal

2398

4322

55

Sandnes

16761

30212

55

Ulvik

311

561

55

Herøy (Møre og Romsdal)

2361

4259

55

Lørenskog

9930

17934

55

Asker

23848

43075

55

Fauske

2689

4860

55

Stryn

1828

3305

55

Gamvik

318

575

55

Lyngen

863

1561

55

Lunner

2421

4384

55

Træna

117

212

55

Vik

759

1377

55

Time

4062

7375

55

Øvre Eiker

4896

8901

55

Ørsta

2725

4955

55

Bygland

342

622

55

Alle

1297400

2361359

55

Evenes

422

769

55

Gausdal

1737

3167

55

Hjartdal

461

841

55

Bindal

439

801

55

Øyer

1382

2522

55

Nordre Land

1927

3525

55

Senja

3903

7145

55

Gran

3829

7027

54

Osen

295

542

54

Gol

1285

2361

54

Volda

2511

4614

54

Kvinnherad

3511

6452

54

Averøy

1573

2894

54

Åmli

480

884

54

Nesna

469

864

54

Oslo

133697

246358

54

Alver

6952

12821

54

Etne

1051

1939

54

Hemnes

1227

2265

54

Porsgrunn

9440

17435

54

Vevelstad

144

266

54

Hyllestad

400

740

54

Lødingen

657

1216

54

Kvæfjord

795

1474

54

Kvænangen

367

681

54

Vestnes

1897

3521

54

Tinn

1672

3104

54

Tokke

631

1172

54

Skjåk

650

1209

54

Åseral

230

428

54

821

1528

54

Holmestrand

6400

11912

54

Sørfold

567

1057

54

Hol

1225

2287

54

Beiarn

326

609

54

Sirdal

435

813

54

Austevoll

1176

2198

54

Ål

1285

2402

53

Kvam

2202

4117

53

Enebakk

2595

4856

53

Frogn

4466

8378

53

Arendal

11370

21340

53

Vestby

4320

8130

53

Drammen

23887

44989

53

Vestre Toten

3543

6677

53

Sandefjord

15907

29986

53

Skiptvet

925

1744

53

Indre Fosen

2702

5098

53

Vindafjord

2042

3858

53

Øygarden

8403

15889

53

Aurskog-Høland

4457

8435

53

Vestvågøy

2784

5274

53

3837

7271

53

Tjeldsund

1231

2336

53

Nome

1779

3376

53

Gjerdrum

1699

3225

53

Namsskogan

250

475

53

Tvedestrand

1618

3082

52

Giske

1816

3460

52

Skjervøy

715

1363

52

Måsøy

344

656

52

Fyresdal

345

659

52

Sauda

1163

2223

52

Ullensaker

8220

15714

52

Gratangen

321

615

52

Narvik

5526

10595

52

Hattfjelldal

381

731

52

Hitra

1265

2429

52

Kåfjord

606

1164

52

Sunnfjord

4838

9303

52

Horten

6941

13347

52

Dovre

741

1425

52

Grane

395

760

52

Steigen

726

1397

52

Hemsedal

555

1071

52

Askøy

6093

11772

52

Solund

225

435

52

Strand

2754

5325

52

Os

540

1045

52

Hole

1684

3260

52

Nordreisa

1222

2366

52

Selbu

1071

2078

52

Høylandet

319

619

52

Ålesund

14720

28639

51

Midt-Telemark

2379

4630

51

Hareid

1164

2267

51

Lærdal

574

1122

51

Vadsø

1444

2824

51

Aure

952

1864

51

Halden

7677

15045

51

Åfjord

1176

2314

51

Porsanger

1044

2057

51

Stad

2310

4558

51

Lindesnes

5388

10632

51

Randaberg

2352

4663

50

Tromsø

15413

30581

50

Lurøy

490

973

50

Rauma

1773

3523

50

Engerdal

384

764

50

Indre Østfold

10697

21328

50

Lesja

521

1039

50

Stjørdal

5522

11025

50

Sel

1542

3081

50

Askvoll

797

1593

50

Farsund

2289

4581

50

Østre Toten

3841

7698

50

Klepp

3721

7459

50

Holtålen

541

1085

50

Overhalla

837

1682

50

Frøya

1113

2239

50

Gjesdal

2172

4378

50

Nissedal

376

758

50

Ås

3928

7931

50

Meløy

1538

3113

49

Aremark

367

743

49

Tana

752

1523

49

Lier

5952

12068

49

Ringsaker

8263

16756

49

Rollag

373

758

49

Hasvik

253

515

49

Flakstad

346

707

49

Sør-Fron

789

1621

49

Rana

6053

12454

49

Lillestrøm

17963

36973

49

Hadsel

1937

3993

49

Lom

584

1204

49

Stavanger

27789

57640

48

Stord

3900

8094

48

Ringerike

7250

15062

48

Sortland

2290

4761

48

Trondheim

38165

79359

48

Gjøvik

6871

14299

48

Nord-Fron

1480

3087

48

Drangedal

1001

2093

48

Sola

4990

10480

48

Vestre Slidre

530

1133

47

Kautokeino

616

1327

46

Haugesund

7595

16382

46

Brønnøy

1738

3767

46

Sømna

482

1046

46

Nordre Follo

12155

26643

46

Kinn

3597

7913

45

Fjord

614

1354

45

Alta

3815

8451

45

Nes

4753

10579

45

Røst

123

279

44

Bærum

24974

56993

44

Lebesby

295

676

44

Øksnes

970

2235

43

Rødøy

239

620

39

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ