Hopp til innhold

Held seg tause på Island

Islandske politikarar og organisasjonar held seg tause etter at NRK har informert dei om at det norske forsvaret rekrutterar unge islendingar.

Islands Allting i Reykjavik

Trass i stor NATO-motstand, har ikkje NRK fått tak i nokon på Alltinget som vil kommentere at islendingar går blir rekruttert til det norske forsvaret.

Foto: OLIVIER MORIN / AFP

I dag vart det kjent at det norske forsvaret aktivt går inn for å rekruttere ungdomar på islandske vidaregåande skular.

Totalt seks islendingar har vore i krig i Afghanistan - med norsk flagg på skuldra.

Lite reaksjonar

Sjølv om dette var nye opplysningar for folk på Island, har reaksjonane latt vente på seg.

NRK har vore i kontakt med representantar i det islandske parlamentet, Alltinget, og leiarar for Amnesty International og Raude Kross på Island.

Ingen av dei var klar over at unge islendingar vervar seg som soldatar i Noreg. Dei ønskjer likevel ikkje å kommentere opplysningane.

Ikkje ein gong politikaren Guðfríður Lilja Grétarsdóttir, frå det raud-grøne partiet, ønskjer å uttale seg til NRK. Dette trass i at ho nyleg har kome med utsegn om at Island bør melde seg ut av NATO.

Den største avisa på Island, Morgunblaðið, melder også om saka, også dei utan å ha fått nokon reaksjon.

Avslappa forhold til militæret

Korrespondenten i Noreg for den islandske allmennkringkastaren, RUV, Gísli Kristjánsson, meinar grunnen til dei manglande reaksjonane er at islendingar har eit avslappa forhold til det militære.

– Folk tek ikkje det så tungt, for det er ingen militær tradisjon på Island. Militæret har ei mykje sterkare stilling i Noreg. Islendingar tykkjer ikkje det er noko særleg stor greie dersom nokon drar for å verve seg i andre land. I Noreg tar ein dette meir høgtideleg, seier Kristjánsson.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger