Hopp til innhold

Statsministeren utelukkar ikkje nasjonal handlingsplan mot islamofobi

Abid Raja (V) meiner Noreg må få ein ny og eigen handlingsplan mot islamofobi. Statsminister Erna Solberg (H) vil ikkje love at det kjem, men er open.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg (H).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Etter angrepet mot al-Noor-moskeen i Bærum i helga, sa Abid Raja (V) at vi må vere bevisste det hatet som finst i Noreg, og at vi må tore å bruke omgrepet islamofobi om det.

Han sa vidare:

– Det er i dei mørkaste hjørna på nettet at dette mytiske og stygge hatet kjem fram. Derfor trur eg vi må ha ein handlingsplan mot islamofobi.

Abid Raja

Stortingsrepresentant Abid Raja (V).

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) er ikkje like tydeleg, men seier ar regjeringa allereie jobbar med spørsmåla knytte til ekstremisme og valdeleg politisk åtferd.

– I den samanheng har spørsmål om muslimhat vore eit viktig tema som har blitt tatt opp, seier ho.

Raja er ikkje først ut med å lansere ønsket om ein eigen handlingsplan. Som første parti, vedtok SV våren 2019, å lage ein eigen handlingsplan mot islamofobi. Også Muslimsk Dialognettverk og Islamic Cultural Centre ønsker ein eigen handlingsplan.

Regjeringa får innspel

Statsministeren har møtt blant anna den minoritetspolitiske tenkjetanken Minotenk for å høyre korleis mange muslimar følte at angrepet på moskeane på New Zealand ikkje blei dekka med den same breidda som dei islamistiske angrepa i Frankrike og København.

– Regjeringa har ein pågåande diskusjon med organisasjonar for å få innspel på om vi skal lage ein heilt ny og eigen handlingsplan mot muslimhat eller ikkje.

Alternativet er at spørsmåla knytte til muslimhat blir inkluderte som ein eigen del i handlingsplanen mot rasisme og diskriminering, som regjeringa allereie jobbar med.

– Utfordringa er ofte at verkemidla er dei same. I skulen må vi snakke om muslimhat, men vi må også snakke om diskriminering av jødar. Vi må snakke om temaa samtidig, seier Solberg.

– Ikkje automatisk beste veg

Danske Flemming Rose, tidlegare redaktør i Jyllandsposten då Muhammad-karikaturane blei publisert, var ein av deltakarane på eit seminar om netthets i regi av Amnesty i Arendal måndag.

Flemming Rose

Tidlegare redaktør i Jyllandsposten Flemming Rose.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Han meiner at ein med rette kan regulere netthets ved lovar så lenge ein har politisk fleirtal for det, men han er ikkje sikker på at det er løysinga.

– Det betyr ikkje automatisk at regulering ved lov er den beste vegen å gå, sa Rose.

Den tidlegare redaktøren er skeptisk til at EU, Tyskland og andre europeiske regjeringar har begynt å presse private verksemder til å drive sensur på vegner av staten.

– For det første gir staten nettplattformene rolla som politi og dommar, utan moglegheit til sjølv å prøve avgjerslene deira i domstolar eller appellinstansar. For det andre har ikkje plattformene med nåverande reglar nokre økonomiske grunnar til å halde fram med legalt innhald, sa Rose.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger