Hopp til innhold

Samlar til terror-markering: Ber om handlingsplan mot muslimhat

Til helga arrangerer 19-åringen ei minnestund i Oslo for terroroffer på New Zealand. Susann Nikkerud og muslimske samfunn meiner det er på tide å ta tak i antimuslimske haldningar i Noreg.

Susann Nikkerud

Susann Nikkerud er muslim og feminist.

Foto: Karen-Johanne Lien Arnesen

Fredag førre veke blei 49 personar drepne i eit terroråtak mot to moskear på New Zealand.

Tysdag blei muslimar i Alta møtt av høgreekstreme klistremerke på døra ved den lokale moskeen.

No er det på tide at regjeringa får på plass ein handlingsplan som tek føre seg antimuslimske haldningar, meiner ein rekke aktørar.

– Mange muslimar føler seg utrygge og redde. Det er mykje muslimhat og islamofobi. Nok er nok. Det er verkeleg eit behov for å gjere noko med det, ikkje berre snakke om det, seier Susann Nikkerud (19), muslim og feminist.

Ho har sjølv opplevd fordommar mot trua si, og fortel at ei venninne som er sikh, er redd for å bli oppfatta som pakistanar og muslim.

– Mange veit ikkje skilnadar mellom religionar, eller at turban er eit religiøst plagg innan sikhismen.

Minnast offer etter skyting

Den samfunnsengasjerte kvinna arrangerer søndag 24. mars ei minnestund i Oslo for offera på New Zealand. Etter skytinga i Utrecht i Nederland måndag, er arrangementet utvida til også å gjelde offera der.

– Det er viktig for meg å signalisere at alle liv er like mykje verd, og at terror er terror uansett kven den blir utført av, seier Nikkerud.

Onsdag ettermiddag hadde 1200 svara at dei kjem på Facebook-eventen, der det blir appellar ved mellom anna varaordførar i Oslo, Kamzy Gunaratnam og Faten Al-Hussaini, kjent frå NRK-serien «Faten tar valet.

Det blir også bøn ved ein prest frå Oslo Domkirke og ein imam frå Islamsk Råd Noreg.

Torsdag 21. mars blir det også ei minnemarkering for New Zealand-offera i regi av mellom anna Antirasistisk Senter, Sosialistisk Ungdom og Rødt Oslo.

Får støtte av muslimar

Nikkerud nyttar også høvet til å be regjeringa få på plass ein handlingsplan mot muslimhat i Noreg.

– Dei må bruke pengar på dialogarbeid og kunnskap. Utan ein handlingsplan, trur eg det kan skje fleire terroråtak mot muslimar i Noreg, seier Nikkerud.

Det finnast allereie ein eigen handlingsplan mot antisemittisme for 2016–2020.

Paraplyorganisasjonane Islamsk Råd Noreg og Muslimsk Dialognettverk er blant dei som støttar opp om markeringa søndag.

Dei har lenge oppmoda til å få på plass ein handlingsplan mot muslimhat.

– Vi kan ikkje akseptere at muslimar i Noreg lever utrygt, seier Arshad Jamil i Muslimsk Dialognettverk.

Arshad Jamil i Muslimsk Dialognettverk

Arshad Jamil i Muslimsk Dialognettverk. Her i Islamic Cultural Centre, der dei har sett inn ekstra vaktar under fredagsbøna etter angrepet på New Zealand.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Han er også talsperson for Islamic Cultural Centre på Grønland i Oslo, som har innført synleg vakthald under fredagsbøna og andre arrangement etter New Zealand-terroren.

Fredag får moskeen besøk av ordføraren i Oslo, og Samarbeidsrådet for tros- og livssyn skal danne ein solidarisk ring rundt moskeen. Aksjonen er kalla #tryggibønn.

– Det vi ser av undersøkingar og rapportar, er at ein hatar muslimar utan å kjenne kva islam står for. Det må eit systematisk arbeid til for å bli kvitt denne uønskte trenden, seier Jamil.

Det er Yasir Ahmed, styremedlem og informasjonsansvarleg i Islamsk Råd Noreg, samd i.

– Vi ser ein tydeleg skepsis og hat mot muslimar. Vi treng haldningsskapande arbeid for å førebyggje hets, seier Ahmed.

Eit samfunnsproblem

Tidlegare har ekstremistforskar Tore Bjørgo, som leiar C-REX, Senter for ekstremismeforskning, bede om ein handlingsplan mot muslimfrykt.

Hanne Inger Bjurstrøm

Hanne Bjurstrøm er likestillings- og diskrimineringsombod.

Foto: Lise Åserud / NPK

Det same har likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm. Ho peikar på at skepsis mot muslimar breier om seg i verda, også i Noreg.

– Vi må innsjå at vi har eit samfunnsproblem. Muslimar utgjer nokre få prosent av befolkninga, men merksemda dei blir utsett for til dagleg er enorm og i overvegande grad problematiserande, seier ombodet.

Kjem med handlingsplan til hausten

Det er kulturdepartementet som har ansvar for likestillingsfeltet i regjeringa.

Statssekretær Jan-Christian Kolstø (V) svarar i ein e-post at dei er fullt klar over at muslimfiendtlege haldningar er eit alvorleg problem.

– Derfor er kampen mot alle formar for rasisme og religiøs og etnisk diskriminering høgt prioritert av regjeringa, skriv Kolstø.

Han seier at dei tek sikte på å legge fram ein handlingsplan til hausten. Den tek ikkje berre føre seg antimuslimske haldningar.

– Regjeringa jobbar med å utarbeide og sette i verk ein nasjonal handlingsplan mot rasisme og etnisk og religiøs diskriminering, der diskriminering på grunn av religion vil vere eit heilt sentralt tema i handlingsplanen, seier Kolstø.

Forventar muslim-fokus

Likestillingsombodet er glad for at handlingsplanen er på veg. Ho er i møte med muslimske trussamfunn for å få deira innspel til kva forslag ho skal sende vidare til regjeringa.

– Eg forventar at denne planen har tiltak særleg retta mot å overvinne og førebyggje skepsis og hat mot muslimar, seier ombodet.

NRK rekrutterer for tida deltakarar til prosjektet «Hele Norge snakker», der folk kan bli kopla saman med nokon dei er ueinige med. 25. mai skal par snakke saman på arrangement rundt om i landet. Om du vil delta, kan du svare på spørsmålet under for å begynne påmeldinga. ​​​​​​​

AKTUELT NÅ