NRK Meny
Normal

Vil redde verda på nettet

Eit sosialt nettverk for folk som vil støtte ei god sak. Det er ideen til studentgjengen som i desse dagar startar tenesta MyGoodAct.

MyGoodAct

Vil redde verda på nettet. F.v: Daniel Joachim Kleiven, Halvard Bastiansen, Henriette Andersen, Jonas Borchgrevink og Håkon Soløy.

Foto: Andreas Roenningen

Jonas Borchgrevink er eldsjela bak prosjektet. Som student ved entrepenørskapslinja ved BI fekk han den rette verktøykassa til å gi liv til ideen han har ruga på i mange år.

Jonas Borchgrevink

Jonas Borchgrevink ønskjer å la folk få vite kva pengane dei gir vekk vert brukt på.

Foto: Henriette Andersen

– På byrjinga av 2000-talet blei fleire av dei store nettsamfunna me kjenner i dag skapt. Eg var då i tenåra, og fulgte nøye med på kva som skjedde. Då fekk eg idéen om MyGoodAct, eit nettsamfunn som skulle samle alle dine gode gjerningar.

Han har fått med seg 14 medstudentar frå BI som skal jobbe med prosjektet ved sida av studiane.

Allereie har hjelpeorganisasjonane Unicef, Care, Regnskogfondet og Kreftforeininga meldt seg på tenesta.

Målet ved tenesta er å la givarane få konkret tilbakemelding om korleis det går med prosjekta dei har støtta.

– Eg hugsar då eg donerte pengar til Redd Borna som ungdom at eg fekk lite informasjon tilbake. Eg sat igjen med mange spørsmål som eg ikkje fekk svar på. Kva har pengane blitt brukt på?

Ved å få meir informasjon tilbake frå dei prosjekta ein støttar, meinar han at brukarane blir meir tilfredse og kjem til å ønskje å bidra meir.

Borchgrevink sine ambisjonar er å gjere det lettare for mannen i gata å bidra og engasjere seg. Det skal mellom anna vere mogleg å starte sitt eige prosjekt, som for eksempel oppussing av eit hus.

Og målet hans er ikkje lite. Han vil at MyGoodAct skal bli verdas største hjelpeportal innan 2015.

Ikkje ein heilt ny idé

MyGoodAct er den første nettstaden i sitt slag i Noreg, men tilsvarande nettstader har eksistert i utlandet i fleire år.

Den britiske nettstaden JustGiving, vart oppretta i år 2000. Nettstaden skapte overskrifter under jordskjelvet i Haiti i fjor, då 7 år gamle Charlie Simpson frå Storbrittania klarte å samle inn 1,5 millionar kronar i løpet av to døger, på vegne av Unicef.

JustGiving fekk mykje kritikk for at dei tek 5 % av alle donasjonar som gebyr.

MyGoodAct skal derimot vere gratis for både privatpersonar og organisasjonar.

– Kan lære mykje

Marknadsrådgivar i Regnskogfondet, Anne Sofie Morsund, seier at organisasjonane kan lære mykje av MyGoodAct.

– Me kan gjennom nettstaden få mykje verdifull informasjon om måten nordmenn samlar inn pengar på, og kva prosjekter som skapar engasjement blant folk.

Ho trur nettstaden passar best folk mellom 20 og 40 år, som vanlegvis er meir skeptiske til å støtte store kampanjar.

Regnskogfondet vil bidra til prosjektet ved å la brukarane velje mellom fleire konkrete prosjekt som dei kan støtte, og gi meir tilbakemelding på prosjekta. Morsund meiner sosiale media er ein framtidsretta måte å samla inn pengar på.

– Det er svært verdifullt for frivillige organisasjonar å kome i kontakt med folk gjennom sosiale media. Sjølv om dette er nytt for sos, har me tru på at dette er eit godt prosjekt, seier Morsund.

Nordmenn gir mykje

Det ser ikkje ut som at det er noko i vegen med nordmenn sin givarglede. I fjor vart det lagt fram ei rapport som viste at tre av fire husstandar gav pengar til frivillige organisasjonar, ein auke på 50 % sidan 1997.

Likevel kan det synast at det er noko tilfeldig kva slags prosjekter me gir pengar til. I fjor gjekk fleire hjelpeorganisasjonar ut og klaga over at saker som fekk mykje mediemerksemd ikkje nødvendigvis viste igjen blant folk sin givarglede.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger