Ei av dei som svarar på alle spørsmåla som kjem inn er Thea Stormo Solberg.
– Det gir meg veldig mykje, seier Solberg til NRK.
– Dei som tek kontakt med oss no, som allereie er ganske unge, er yngre enn før. I tillegg har dei det endå verre enn før. Det ser vi på med stor bekymring.
Slik samanfattar leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen hovudfunna i rapporten som blir overlevert til kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) i dag.
Rapporten byggjer på statistikk for Ungdomstelefonen, som er organisasjonens hjelpeteneste på telefon, melding og chat, i perioden 2014 til 2021. Rapporten er laga av Analyse og Tall på oppdrag frå Skeiv Ungdom.
Sidan 2014 har frivillige i ungdomstelefonen gjennomført nesten 12.000 samtalar.
Skeiv Ungdom håpar rapporten no vil bidra til at det blir fleire målretta tiltak for å hjelpa unge skeive.
– Har ein lang veg å gå
Thea Stormo Solberg (23) er ein av om lag 20 frivillige som jobbar for Ungdomstelefonen. Solberg er sjølv skeiv og har lyst til å hjelpa med utfordringane ho sjølv har kjent på.
– Eg veit sjølv kor mange spørsmål eg hadde. Eg har veldig lyst å ta vare på dei unge som kjem ut av skapet og som har utfordringar. Det gir meg veldig mykje, seier ho.
Då Solberg starta hjå Ungdomstelefonen for om lag eit år sidan, blei ho overraska over kor unge dei som tok kontakt var og kor vanskeleg dei hadde det.
I 2021 tok imot Ungdomstelefonen 1822 samtalar. Aldri før har dei teke imot like mange samtalar. Mellom 2014 og 2021 er gjennomsnittet 1493 samtalar i året.
Stadig fleire av dei yngste tar kontakt. I 2021 var 31 prosent av dei som tok kontakt under 14 år.
– Vi som samfunn har framleis ein veldig lang veg å gå for å hjelpa unge skeive.
– Det må bli snakka meir om, det må bli meir synleggjort, det må bli meir forska på og det må løyvast pengar og ressursar, legg ho til.
Fleire vil snakka om psykisk helse og sjølvmord
Unge skeive tek kontakt med ungdomstelefonen for å snakka om eit vidt spekter av tema.
Blant dei fremste temaa som blir tekne opp er sex, psykisk helse, og seksuell orientering.
– Vi er glade for at folk opplever at det er låg terskel for å ta kontakt, men samtidig ser vi at det er eit veldig konkret behov for tiltak. Alle dei som treng det burde få hjelp, seier Bonsaksen.
Dei siste åra har det nemleg vore ein urovekkjande auke i delen samtalar som handlar om psykisk helse og sjølvmord.
I 2021 dreidde sju prosent av alle samtalane om sjølvmord.
– Vi treng meir kunnskap
Bonsaksen seier det er vanskeleg å seia noko konkret om kvifor det er ein auke i pågang for å snakka om psykisk helse. Samtidig trur Bonsaksen at pandemien kan ha hatt ein effekt.
– Det kan vere ein samanheng med pandemien og veksande einsemd. I tillegg ha det blitt vanskelegare å vera skeiv på nettet og i det offentlege rommet. Der merkar vi auka radikalisering, seier Skeiv Ungdom-leiaren.
Bonsaksen håpar det blir meir forsking om problematikken, i tillegg til eit betre psykisk helsetilbod.
– Det som er klart er at vi treng meir forsking og meir kunnskap om den typen utfordringar skeive ungdommar møter i kvardagen. Det gjeld skular, helsepersonell, familiar og generelle avgjerdstakarar, seier hen.