Kriselova som blir sett i verk på måndag, seier at det ikkje er lov til å bruke plagg som dekker ansiktet eller som hindrar identifisering av personen.
Lova blir sett i verk åtte dagar etter angrepa som drap over 250 menneske 1. påskedag.
Avgjerda kjem etter at regjeringa nyleg hadde eit møte om forslaget. Dei utsette saka til dei hadde hatt samtalar med islamske geistlege.
Sjølvmordsbombarane aksjonerte mot tre kyrkjer og dei tre luksushotella Cinnamon Grand, Shangri-La og Kingsbury, i den singalesiske hovudstaden Colombo. Og kyrkjer i Colombo, Negombo og Batticaloa vart råka av terroren. Over 70 personar er arresterte etter angrepa.
Lokal gruppe stod bak
Områda i Colombo der sjølvmordsbombarane slo til 1. påskedag.
Foto: Grafikk: Andre Håker / NRKRegjeringa seier at islamistgruppa National Thowheed Jamath (NTJ) står bak dei koordinerte angrepa, men at gruppa har hatt hjelp frå eit internasjonalt terrornettverk.
NTJ praktiserer ein wahhabistisk og salafistisk islam, som inneber ei bokstavtru tolking med eit ønske om å reinske islamsk tru og praksis for det som blir sett på som ikkje-islamske element.
Men dei kring ti prosent av muslimane på Sri Lanka har tradisjonelt hatt ei moderat form for islam. Majoriteten av muslimar har hatt nære band til andre religionar og folkegrupper.
- Les også: IS hevdar de står bak terrorangrepet på Sri Lanka
Terroristen Zahran Hashim er den enaste som viser ansiktet sitt. Dette biletet vart spreidd av IS etter at alle på biletet hadde sprengt seg sjølve i lufta.
Foto: HO / AFP