Hopp til innhold

Solberg meiner Stoltenberg-spekulasjonar skremmer andre

Høgre-leiar Erna Solberg meiner spekulasjonar om at Jens Stoltenberg kan vere aktuell som sentralbanksjef, gjer at andre kandidatar blir skremt.

Statsminister Jens Stoltenberg (AP) og statsministerkandiadat Erna Solberg (Høyre)

SKREMMER: Erna Solberg trur andre kandidatar blir skremde frå å søke jobben som sentralbanksjef.

Foto: Johan B. Sættem

9. desember går fristen ut for å søkje jobben som sentralbanksjef i Noregs Bank.

Stillingsutlysinga vart nyleg kjent og som NRK har tidlegare skrive, blir den oppfatta å vere "Stoltenberg-venleg" av ein hovudjeger.

Artikkelen og spekulasjonane rundt Jens Stoltenberg sitt moglege kandidatur vart tema for TV 2 Nyhetskanalen si faste avisrunde i helgene, der Erna Solberg var ein av gjestene.

Skremmer andre

Der sa ho at ho meiner spekulasjonane rundt Stoltenberg er planta.

– Det eg er litt skeptisk til, er liksom at det plantes ein slik historie i ein avis – for det er jo det som har blitt gjort – for å sende et veldig sterkt signal, midt i ein periode der man skal prøve å finne ut om dette er mogleg, eller ikkje, sa Solberg i TV 2s nyheitsstudio.

Ifølgje ein artikkel i DN som er basert på anonyme kjelder, skal Stoltenberg ynskje å takke ja til jobben om han blir spurt. NRK har ikkje eigne kjelder som stadfester dette. Heller ikkje Stoltenberg sjølv har stadfesta påstanden.

Støre i spørretimen

Erna Solberg er tilbake på Stortinget, der ho er parlamentarisk leiar for Høgre.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Det skremmer jo vekk andre frå å vere interessert i jobben, avslutta Solberg hos TV 2.

Ho gjentok det ho tidlegare har sagt om at ho ynskjer å unngå ein politisk debatt om Stoltenberg kan få jobben, med dei tette banda han har til både Ap og statsminister Jonas Gahr Støre.

Solberg etterlyser at fagfolk som blant anna kjenner marknaden, diskuterer om tidlegare Ap-leiar, finansminister og statsminister Jens Stoltenberg bør overta som sentralbanksjef.

statsminister Jens Stoltenberg, sentralbanksjef Øystein Olsen og finansminister Sigbjørn Johnsen

Kan Jens Stoltenberg ta over jobben til sentralbanksjef Øystein Olsen (i midten)? Spekulasjonane er i gang. Til høgre dåverande finansminister Sigbjørn Johnsen. Biletet er frå 2013.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

NRK har vore i kontakt med Erna Solberg som ikkje ynskjer å utdjupe utsegnene ho kom med hos TV 2.

Stoltenbergs rådgjevar Sissel Kruse Larsen seier til NRK at Nato-sjefen framleis har full merksemd om jobben i Nato.

– Han vil ikkje ta del i nokon debatt om kva han skal gjere når perioden i Nato er over, seier Kruse Larsen.

Belgium NATO Summit

Jens Stoltenberg vil ikkje kommentere saka og seier gjennom sin rådgjevar at han har full merksemd om jobben som generalsekretær i Nato.

Foto: Olivier Hoslet / AP

DNs konstituerte nyheitsredaktør, Anne Skalleberg, seier saka er av stor interesse og påpeiker at avisa vil halde fram med «å drive journalistikk på prosessen og kandidatane».

– Vi skriv i saka at Stoltenberg skal ha lufta spørsmålet med personar nær seg og sentrale personar i norsk samfunnsliv. Spekulasjonar om kjelder og motiv går vi ikkje inn i. Saka er vurdert etter DN sine redaksjonelle prinsipp før den vart publisert, skriv Skalleberg i ein e-post til NRK.

Splittar Stortinget

På Stortinget har Frp allereie konkludert med at den tidlegare Ap-leiaren, finansministeren og statsministeren ikkje kan få jobben.

– Stoltenberg er sikkert kvalifisert og kan nok gjere ein god jobb, men dei tette banda hans til Ap gjer likevel at han bør vere uaktuell. Tida for at toppane i Ap fordeler viktige jobbar og verv til dei med partiboka i orden bør vere over, seier finanspolitisk talsperson Roy Steffensen (Frp).

Spørretime i Stortinget

Framstegspartiet og Roy Steffensen meiner Stoltenberg ikkje bør bli ny sentralbanksjef.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Sjølv om Stortinget ikkje har noko formell rolle ved tilsettinga av ny sentralbanksjef, meiner også Venstre at det er store innvendingar mot at ei Ap-leia regjering utnemner ein tidlegare Ap-leiar som sentralbanksjef.

– Det er vanskeleg å tenke seg ein kandidat til sentralbanksjef som har sterkare partipolitiske eller personlege bindingar til regjeringa enn nettopp Jens Stoltenberg. At Jonas Gahr Støre har sagt seg inhabil til å ta i saka, er ein god illustrasjon på kor tette band vi snakkar om, seier finanspolitisk talsperson Sveinung Rotevatn (V).

Statsbudsjettet 2022

SVs Kari Elisabeth Kaski er avventande til Stoltenbergs eventuelle kandidatur.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Rotevatn ser ikkje på Stoltenberg som fullstendig utelukka. Men han ber regjeringa tenkje seg om både ein og to gonger.

SV sin finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski, er meir avventande:


– Det er Finansdepartementet som utnemner ny sentralbanksjef, og eg ønsker ikkje å kommentere eventuelle kandidatar i media undervegs i prosessen. Eg legger til grunn at departementet vil vareta det viktige omsynet til sjølvstende i tilsetjinga, seier ho til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger