Hopp til innhold

Hovudjeger om sentralbanksjef-utlysing: – Veldig «Stoltenberg-venleg»

Stillingsutlysinga som sentralbanksjef passar Jens Stoltenberg svært godt, meiner hovudjeger. Finanskomiteen på Stortinget er splitta i synet på om den tidlegare Ap-leiaren bør bli ny sentralbanksjef.

Belgium NATO Summit

VIL HEIM: Jens Stoltenberg vil heim til Noreg når han er ferdig i Nato. Men er taus om kva jobb han ynskjer seg.

Foto: Olivier Hoslet / AP

Stillinga som sentralbanksjef er nyleg lyst ut. Det er hovudjegerane i rekrutteringsbyrået BackerSkeie som har fått i oppdrag frå Finansdepartementet om å gjennomføre den innleiande prosessen.

Til slutt er det finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og regjeringa som bestemmer.

– Den er veldig «Stoltenberg- venleg», seier Monika Furuseth Dypeng som er hovudjeger i Hermes Executive Search, om utlysinga.

Monika Dypeng

JAKTAR LEIARAR: Hovudjeger Monika Furuseth Dypeng jobbar med å finne kandidatar til jobbar innan finans og økonomi

Foto: Hermes Executive

Verksemda har spesialisert seg på å finne kandidatar til jobbar blant anna innanfor finans og økonomi.

Dypeng meiner det er vanskeleg å finne andre kandidatar som passar og viser til punkta i utlysingsteksten om å kunne handtere kriser/ beredskapssituasjonar, framstå som ein samlande leiar og ha leiarerfaring frå komplekse organisasjonar.

– Det vil i det heile tatt vere vanskeleg å finne nokon som sit så til dei grader tungt på akkurat den vektskåla som han, seier ho.

statsminister Jens Stoltenberg, sentralbanksjef Øystein Olsen og finansminister Sigbjørn Johnsen

SENTRALBANKSJEF: Jens Stoltenberg i samtale med avtroppande sentralbanksjef Øystein Olsen og tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Endra utlysing

NRK har samanlikna stillingsutlysinga til sentralbanksjefjobben i 2017 med den utlysinga som ligg ute no.

På fleire område har Finansdepartementet endra teksten. I seg sjølv er ikkje dette unaturleg meiner den erfarne hovudjegeren Gro Møllerstad i verksemda Hodejegerne:

– Det er heilt naturleg at det blir stilt andre krav til sentralbanksjef-stillinga no enn tidlegare, heilt uavhengig av Jens Stoltenberg, seier ho til NRK.

Men ekspertane NRK har snakka med peikar på fleire interessante nye formuleringar som ser ut til å passe Stoltenberg bra:

I 2017 stod det:

  • Det blir stilt krav om solid kunnskap om pengepolitikk, finansmarknadane og kapitalforvaltning.

I 2021 står det:

  • Innsikt i relevante utviklingstrekk både nasjonalt og internasjonalt, og korleis desse kan påverke norsk økonomi og internasjonale kapitalmarknader.
  • God forståing for sentrale sider ved kapitalforvaltning.

I 2021 er dei faglege kvalifikasjonanen betydeleg nedtona. Søkjaren treng ikkje lenger ha solid kunnskap om pengepolitikk, finans og kapitalforvaltning

I 2021 annonsen er det også stilt krav som var fråverande for fire år sidan:

  • Det er nødvendig å kunne handtere krevjande situasjonar, som til dømes kriser og beredskapssituasjonar.
  • Sentralbanksjefen skal ha fagleg autoritet og relevant leiarerfaring frå komplekse organisasjonar.
  • Omfattande leiarerfaring.

I 2017 stod dette om internasjonal erfaring:

  • Sentralbanksjefen må også ha brei samfunnsorientering og god forståing for sentralbanken si rolle og internasjonal økonomi.

I 2021 står det:

  • Innsikt i relevante utviklingstrekk både nasjonalt og internasjonalt

I 2021 blir kollegiale organ omtalt spesifikt: «Erfaring frå kollegiale organa, f.eks. styre, med stort ansvar er ein fordel». Også regjering og store organisasjonar, kan vere døme på kollegiale organ.

NRK har vore i kontakt med Finansdepartementet som ikkje vil utdjupe kvifor teksten er endra eller kven som har kome med desse ynskja.

Mork: Departementet har bestemt seg

Sjeføkonom og professor emeritus i samfunnsøkonomi Knut Anton Mork, som i ei årrekkje har engasjert seg i spørsmål og debattar om Noregs Bank, trur Finansdepartementet allereie har bestemt seg.

– Eigentleg er utlysinga irrelevant. Den gir eit skinn av at departementet er ope for ulike søkjarar, medan ein i Finansdepartementet allereie har bestemt seg for kven som er best kvalifisert, hevdar Mork.

Utvalgsrapport om aksjeandelen i Statens pensjonsfond utland (SPU) overrekkes til finansminister.

POSITIV: Tidlegare sjeføkonom og økonomiprofessor Knut Anton Mork er positiv til Stoltenberg

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Han viser til eigne erfaringar då han søkte jobben som visesentralbanksjef.

– Eg fekk då beskjed, om at eg ikkje trengde å søke, hevdar Mork.

Han gjev likevel si fulle støtte til Stoltenberg som sentralbanksjef-kandidat.

– Men eg ser gjerne Jens Stoltenberg som sentralbanksjef dersom Oljefondet framleis skal vere i Noregs Bank. Då er det ikkje tilstrekkeleg å ha fagleg tyngde. Ein må ha nokon som kan vere eit korrektiv for fondsleiinga med Nicolai Tangen i spissen. Også storleiken på fondet og kor viktig det er ute i verda, gjer det vesentleg ha nokon med kvalitetar utover det faglege, avsluttar Mork.

Sentralbanksjefen er også styreleiar for NBIM, kjent som oljefondet.

Avviser ikkje

Sjølv om Jens Stoltenberg har sagt at han skal heim til Noreg når han er ferdig som generalsekretær i Nato, vil han ikkje avklare om han søkjer på jobben som sentralbanksjef.

I eit VG-intervju frå oktober avviste han det ikkje:

– Eg har sett spekulasjonar om det, men det er ikkje noko eg skal ta stilling til no.

I dag svarar han dette, via sin kommunikasjonsrådgjevar:

– Stoltenberg har framleis sin fulle merksemd på jobben i Nato. Det er for tidleg å seie noko no om kva han skal gjere når han kjem heim til Noreg, skriv kommunikasjonsrådgjevar Sissel Kruse Larsen i ein SMS til NRK.

Stoltenberg i eigen divisjon

Hovudjeger Gro Møllerstad har også finstudert utlysinga og vurdert den opp mot Jens Stoltenberg sine kvalifikasjonar. Ho legg særleg vekt på behovet for ein person som taklar det offentlege ordskiftet godt.

Gro Møllerstad

HOVUDJEGER: Gro Møllerstad meiner Stoltenberg er best kvalifisert til stillinga slik den er utlyst

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Der er Jens Stoltenberg i ein heilt eigen divisjon. I våre dagar må ein sentralbanksjef takle å stå i ein mediestorm, slik at ikkje tilliten til Noregs Bank blir svekka, seier Møllerstad til NRK.

Ho legg til at stillingsteksten er skrive på ein måte som gjer Stoltenberg høgaktuell.

– At Stoltenberg er best kvalifisert sett mot utlysingsteksten, er det liten tvil om. Spørsmålet er om kostnadane blir for store, dersom det blir mykje støy rundt hans habilitet og tilknyting til Arbeidarpartiet, seier Møllerstad.

LES OGSÅ: Satt i skyggen av Jens Stoltenberg

Splittar Stortinget

På Stortinget har Frp allereie konkludert med at den tidlegare Ap-leiaren, finansministeren og statsministeren ikkje kan få jobben.

– Stoltenberg er sikkert kvalifisert og kan nok gjere ein god jobb, men dei tette banda hans til Ap gjer likevel at han bør vere uaktuell. Tida for at toppane i Ap fordeler viktige jobbar og verv til dei med partiboka i orden bør vere over, seier finanspolitisk talsperson Roy Steffensen (Frp).

Roy Steffensen

SEIER NEI: Roy Steffensen i Frp

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Sjølv om Stortinget ikkje har noko formell rolle ved tilsettinga av ny sentralbanksjef, meiner også Venstre at det er store innvendingar mot at ei Ap-leia regjering utnemner ein tidlegare Ap-leiar som sentralbanksjef.

– Det er vanskeleg å tenke seg ein kandidat til sentralbanksjef som har sterkare partipolitiske eller personlege bindingar til regjeringa enn nettopp Jens Stoltenberg. At Jonas Gahr Støre har sagt seg inhabil til å ta i saka, er ein god illustrasjon på kor tette band vi snakkar om, seier finanspolitisk talsperson Sveinung Rotevatn (V).

Rotevatn ser ikkje på Stoltenberg som fullstendig utelukka. Men han ber regjeringa tenkje seg om både ein og to gonger og stiller ei rekkje retoriske spørsmål om korleis ei slik tilsetting vil bli oppfatta.

– Kan nokon til dømes finne på å mistenke at andre omsyn enn omsynet til norsk økonomi blir tatt i fastesetjing av styringsrenta? Vil utanlandske investorar tru på at Oljefondet ikkje er ein forlenga arm av norsk utanrikspolitikk når styreleiaren er aktivt partimedlem i Ap og nær ven av statsministeren?, spør Rotevatn utan å konkludere på svara.

Fryktar særbehandling

Raudt, som har ei vesentleg større stortingsgruppe etter stortingsvalet i haust, fryktar Stoltenberg får ei anna behandling enn andre kandidatar.

Partiet meiner Stoltenberg først og fremst må søkje på jobben og deretter bli vurdert opp mot andre kandidatar etter objektive kriterium.

– At Stoltenberg skal bli «utpeika» gjennom ein offentleg debatt luktar av særbehandling, og kan gje oss ein prosess der det blir uklart kvifor og korleis ein av dei viktigaste stillingane i landetvart tildelt, seier finanspolitisk talsperson og nestleiar Marie Sneve Martinussen (R).

Vil ha debatt

Tidlegare statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg har sagt lite om kva ho tenkjer dersom Jens Stoltenberg søkjer jobben. Men ho ynskjer å unngå ein politisk debatt om kven som skal vere sentralbanksjef.

– Eg synest vi bør ha ein fagleg debatt om kva type person som bør ha den jobben og om uavhengigheten til banken, seier ho til NRK.

Video På vei til Norges Banks årsmiddag

SAMAN PÅ MIDDAG: Erna Solberg saman med dåverande statsminister Jens Stoltenberg i 2012 på Noregs Bank sin årsmiddag

Foto: Nyhetsspiller

Ho meiner juristar, økonomar og andre med kunnskap om marknaden bør gje innspel.

– Trur dei at det kan gå fint, eller trur dei ikkje det kan gå fint, er spørsmål Erna Solberg utfordrar dei til å svare på.

Avventande

SV er meir avventande og vil førebels ikkje ha klare meiningar.

– Det er Finansdepartementet som utnemner ny sentralbanksjef, og eg ønsker ikkje å kommentere eventuelle kandidatar i media undervegs i prosessen. Eg legger til grunn at departementet vil vareta det viktige omsynet til sjølvstende i tilsetjinga, seier finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski (SV) til NRK.

I Senterpartiet er tilliten til deira eigen finansminister og partileiar høg:

– Vi har tillit til at Regjeringa og Finansministeren får på plass ein god og kvalifisert person til den svært viktige jobben som sentralbanksjef, svarar Geir Pollestad på vegner av Sp sine representantar i finanskomiteen.

Søknadsfrist 9. desember

I starten av desember går søknadsfristen ut. Søkjarlista vil bli offentleg, men det er ikkje nødvendigvis slik at namnet til den som får jobben står på lista.

Etter at rekrutteringsbyrået har gjort sin del av jobben, er det Finansdepartementet og finansminister Trygve Slagsvold Vedum som tek den endelege avgjerda.

Statsminister Jonas Gahr Støre har allereie meldt seg inhabil dersom hans gode ven Jens Stoltenberg søkjer på jobben.

Først må uansett Vedum, som har hatt Stoltenberg som sjef i den raudgrøne regjeringa, få ein søknad på bordet og ynskje å innvilge den.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ