Hopp til innhold

Sløser vekk 22 853 helse-årsverk

Helsesektoren skrik etter faglært arbeidskraft, men sit på 22 853 årsverk som ikkje vert brukte.

Pasient og sykepleier (illustrasjonsfoto)
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Tidlegare i dag vart det kjent at så mange som halvparten av dei som er på jobb i pleie- og omsorgssektoren i kommunane i helgane er ufaglærte.

Les: - Set liva til eldre i fare

I praksis vil dette seie at vakter der det eigentleg skulle ha vore sjukepleiarar til å ta seg av dei pleietrengande, vert bemanna med personar utan relevant utdanning for den jobben dei skal gjere.

Samstundes finst det heile 22 853 årsverk av utdanna sjukepleiarar, jordmødrer og helsesøstrer i helsesektoren som ikkje får jobbe. Det syner tal frå SSB frå ifjor.

13 000 søkjer seg vekk

Lisbeth Normann i Norsk sykepleierforbund.
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Dei 22 853 ubrukte årsverka er delte mellom 10 711 ferdigutdanna som ikkje er sysselsette i det heile og ein deltidsreserve på 12 142 årsverk.

I tillegg finst det 13 017 ferdigutdanna sjukepleiarar, jordmødrer og helsesøstrer som har enda opp med å jobbe i andre næringar enn helse- og omsorgssektoren.

Leiar Lisbeth Normann i Sykepleierforbundet kallar tala urovekkjande og meiner politikarane må ta noko av skulda.

Nokre av årsakene til at ikkje fleire av desse søkjer seg til pleie- og omsorgssektoren er at løna er dårleg, at fagmiljøa, særleg i kommunehelsetenesta, er for små og at ansvaret i slike stillingar er for stort.

Lisbeth Normann

- Frå politisk hald vert det ikkje synt vilje til å ta vare på sjukepleiarane. Det er mange sjukepleiarar som ikkje kjenner seg verdsette.

- Må tilby heile stillingar

Tidlegare i dag vart helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen sitert på at han meiner den raudgrøne regjeringa allereie har gjort ein innsats på dette feltet.

Dei siste tre åra har det vorte 2500 fleire sjukepleiarar i norsk pleie- og omsorgssektor. Av dei 14 000 nye årsverka som har kome til under denne regjeringa, så har 80 prosent ei fagutdanning.

Bjarne Håkon Hanssen

- Det er ikkje talet på utdanna som som er viktig. Vel så viktig er det å sjå på kva vi kan tilby sjukepleiarane når dei er ferdige, seier Normann.

Ei av årsakene til at arbeidskraftreserven er så stor, er at svært mange sjukepleiarar i dag jobbar ufriviljug deltid.

I ei medlemsundersøking Sykepleierforbundet gjennomførte i 2006 svarte 41 prosent av sjukepleiarane av dei jobba deltid. Nær halvparten av desse kunne tenkje seg å jobbe meir.

Normann er heilt klar på kva som skal til for å utnytte den faglærte arbeidskrafta i helsesektoren betre.

Arbeidsgjevarane må tilby heile stillingar. I mannsdominerte yrke med turnus er deltidsproblematikken nær ikkje-eksisterande. Då er det tankjevekkjande at ein ikkje får dette til for kvinnedominerte grupper som sjukepleiarane.

Lisbeth Normann

Fleire ulemper enn gode

For eit år sidan skreiv NRK om den store deltidsbruken ved Legevakta i Oslo. Leiinga ved Legevakta forklarte då deltidsbruken med at behovet for ressursar var størst natt, kveld og helg.

- Kvar helg har vi 27 personar på vakt på allmennavdelinga. For å få det til å gå opp i ein turnus der sjukepleiarane jobbar tredje kvar helg treng vi 81 tilsette totalt, men alle desse trengst ikkje på dagtid. Difor treng vi nokre deltidsstillingar, argumenterte fungerande direktør Eli Semmerud.

Dette er eit vanleg argument frå arbeidsgjevarar i helsesektoren, men Normann er langt frå overtydd.

Ho ser snarare fleire ulemper enn gode ved å dele opp stillingar for å få fleire å spre ubekveme vakter på.

- Pasientane får mange å forhalde seg til. Kontinuiteten i pasientbehandlinga, og oppfølginga av kvar enkelt pasient, vert dårlegare. I tillegg deltek sjukepleiarar som jobbar mykje deltid i mindre grad enn kollegaene i fagutvikling, fordi dei er sjeldnare på jobb og ofte er på vakt kveld, natt og helg, der ordinær fagutvikling er nedprioritert, seier ho.

AKTUELT NÅ