Hopp til innhold

Flemming (29) og Martine (24) meiner mat har blitt for dyr – no vil regjeringa ta grep

Norske forbrukarar betaler for mykje for mat, utvalet er for dårleg og aktørane er for få, meiner regjeringa som varslar nye tiltak.

Flemming Malthe (29) og Martine Hamre Ryen (24) utenfor en dagligvarebutikk på Bogstad i Oslo

Flemming Malthe (29) og Martine Hamre Ryen (24) utanfor ein søndagsope daglegvarebutikk på Bogstad i Oslo.

Foto: Mats Rønning / NRK

Den høge prisveksten på alt frå straum til bensin og mat kjennest godt på lommeboka til norske forbrukarar. Oppå det igjen betaler norske kundar for mykje for mat på grunn av for lite konkurranse, meiner næringsministeren.

Det vil han gjere noko med og foreslår tiltak for å styrke konkurransen i daglegvaremarknaden.

Jan Christian Vestre, næringsminister (Ap) i Ålesund 5. april 2022.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg er veldig bekymra for konkurransen i dagens daglegvaremarknad. Det er ikkje heldig slik det er no, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til NRK.

Målet med tiltaka er lågare prisar, betre utval og fleire aktørar.

Må tenke over kva dei kjøper

Utanfor ein matbutikk på Bogstad i Oslo møter vi Flemming (29) og Martine (24). Dei synest at mat er dyrt.

– Prisane har stige ein del i det siste og vi merkar har summen på kvitteringa blir større og større, sjølv om vi prøver å spare på det vi kan, seier Flemming Malthe.

Dei har kjøpt frukost og viser NRK handleposen til rundt 250 kroner.

Flemming Malthe og Martine Hamre Ryen viser frem handleposen til rundt 250 kroner.

Flemming Malthe og Martine Hamre Ryen viser fram handleposen til rundt 250 kroner.

Foto: Mats Rønning / NRK

– Eg synest det er litt dyrt i forhold til kva vi får. Eg er student og må passe veldig på kva eg kjøper. For min del blir det mykje First Price og andre billigprodukt. Då er det ein del lettare å dra til Sverige der det er billigare, seier Martine Hamre Ryen.

Dei er likevel godt fornøgd med utvalet i norske butikkar.

– Det er ikkje noko spesielt vi saknar. Utvalet er godt. Om det er noko eg ikkje får tak i her dreg eg på Meny, seier Malthe.

 Hyller med frukt og grønt på Coop på Skøyen i Oslo.

FOR DYRT: Norske forbrukarar betaler for mykje for maten, meiner næringsministeren. No vil ha gi konkurransetilsynet fleire verktøy

Foto: Terje Pedersen / NTB

Les også Nå er det færre kroner å spare på grensehandel

Handlebånd full av varer kvinne bak kasse i bakgrunnen

Blir dominert av tre aktørar

Den norske daglegvaremarknaden blir i dag dominert av tre store aktørar Norgesgruppen (44 prosent), Coop (29,7 prosent) og Rema 1000 (22,9 prosent).

Den klart største aktøren er Norgesgruppen, som mellom anna står bak Kiwi, Meny, Joker, Spar og nyetablerte Gigaboks.

Konkurransetilsynet har tidlegare avdekt at Norgesgruppen får 15 prosent lågare innkjøpsprisar, enn andre kjedar, på dei same varene.

Tidlegare i vår hadde Vestre eit møte med Konkurransetilsynet der han bad dei foreslå konkrete tiltak.

Senkar terskelen for å gripe inn

Tilsynet har no foreslått tre tiltak. Ifølgje næringsministeren er regjeringa allereie i gang med to av tiltaka, medan det tredje tiltaket er nytt.

– Det nye forslaget vil i praksis vil senke terskelen for når Konkurransetilsynet kan gripe inn. Det kan til dømes bety at dersom ein aktør er heilt dominerande på kjeks og tannkostar, men ikkje dominerande på handlekorga under eitt, så vil tilsynet likevel kunne gå inn og krevje tiltak, seier Vestre.

Han seier vidare at det nye forslaget inneber å endre regelverket slik at tilsynet kan gjere bransjespesifikke tiltak for å fremje konkurransen.

Fagleg usemje om effekten

Det har tidlegare vore fagleg usemje om slike tiltak vil bidra til lågare prisar. 13. mai gjekk opposisjonen saman om fleire grep for å regulere bransjen. Då var Rema 1000 positive, medan Norgesgruppen var negative.

– Det er ein av grunnane til at vi må gjere ting i rett rekkjefølgje. Eg er veldig glad for at eit samla storting har blitt samde om ei rekke gode tiltak som vi no jobbar for å setje i verk, seier næringsministeren.

Han fortel at dei første tiltaka vil bli sende på høyring før sommaren.

Les også Opposisjonen einige om regulering av daglegvarehandelen

Varer i butikk

Virke er positive

Bransjeorganisasjonen Virke er i utgangspunktet positive alle tiltak som kan gi betre konkurranse i daglegvarebransjen, seier bransjedirektør Vibeke Andersen.

Vibeke Andersen. Bransjedirektør for dagligvare i Virke.

Bransjedirektør for daglegvare i Virke, Vibeke Andersen.

Foto: Virke

– Vi meiner forslaget er eit godt utgangspunkt for den vidare debatten om tiltak som kan bidra til betre konkurranse. Men forslaget må bli grundig greidd ut. Og så må bransjen bli invitert til å kome med innspel og kommentarar.

Men Andersen meiner daglegvarebutikkane ikkje kan ta skulda for prisar og vareutval aleine.

– Konkurransen mellom leverandørane spelar også ei stor rolle. Aktuelle tiltak må difor ta for seg heile verdikjeda, seier ho.

I ein annan matbutikk i Oslo møter vi Allan Thommessen (25), Victoria Bergundhaugen (25) og Marcus Holst-Pedersen (24). Dei positive til tiltak mot høge matprisar.

– Eg har fått med meg at prisane har gått opp på grunn av krigen i Ukraina. Det er fint viss det skal gjerast noko med det, seier Marcus Holst-Pedersen.

Fra venstre: Marcus Holst-Pedersen, Victoria Bergundhaugen, Allan Thommessen.

Frå venstre: Marcus Holst-Pedersen, Victoria Bergundhaugen, Allan Thommessen.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger