Hopp til innhold

Opposisjonen einige om regulering av daglegvarehandelen

Opposisjonspartia på Stortinget har blitt einige om reguleringar av daglegvarebransjen. Dei meiner tiltaka vil kunne føre til lågare matvareprisar.

Varer i butikk

Opposisjonen på Stortinget vil gjere endringar i daglegbransjen som dei meiner skal gi meir konkurranse og lågare matprisar.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Noreg er blant landa med dei høgaste prisane, det dårlegaste utvalet og dei mest misnøgde kundane, då må vi ta grep, seier SVs næringspolitiske talsperson Torgeir Knag Fylkesnes.

SV har gått saman med Høgre, Frp, KrF, Venstre, Raudt og MDG på Stortinget om ein avtale om regulering av ein bransje som i dag er dominert av Norgesgruppen, Coop og Rema.

Torgeir Knag Fylkesnes i SV

SVs næringspolitiske talsmann Torgeir Knag Fylkesnes er glad for det breie fleirtalet.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Eg er veldig godt nøgd med at vi har fått eit breitt fleirtal på Stortinget med på ei reform av daglegvarebransjen, seier Fylkesnes.

Konkret går forslaget ut på at dei ønsker å senke terskelen i Konkurranseloven for når ein aktør i daglegvaremarknaden blir sett på som for dominerande. Dei ønsker ikkje ei lovendring, men ei utfyllande forskrift med krav om at det skal vere sakleg grunn for innkjøpsforskjellar.

Les også Orkla varsler enda dyrere mat i sommer

Sjokoladepålegget Nugatti inneholder solsikkeolje

Trur på lågare prisar

Partia meiner tiltaket kan gi billigare mat i butikken dersom det fører til at alle daglegvarekjedene kan konkurrere på pris med likare kostnadar.

Tidlegare har Konkurransetilsynet avdekka at Norgesgruppen, som eig blant anna Kiwi, Meny og Joker, får opp til 15 prosent lågare innkjøpsprisar enn andre daglegvarekjeder på dei same varene.

Les også Kan få milliardbøter: – Helt absurd

Matbutikk Konsmo

Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) i næringskomiteen seier utfordringane i daglegvarebransjen er store og komplekse.

– Det er mange årsaker til at konkurransen har vore for dårleg, men ein av dei viktigaste er ulikskap i innkjøpsprisane. Situasjonen slik han er no gjer det vanskeleg, nesten umogeleg, for å utfordrarar å etablere seg i den norske daglegvarebransjen. Det går vi no inn for å endre.

Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle fra Høyre

Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) håper forslaget skal gi betre konkurranse og billegare mat i butikken.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Den norske daglegvarebransjen er i dag dominert av Norgesgruppen, Rema 1000 og Coop. Raudt meiner det er eit stort problem med så få aktørar, og at dei har for stor makt. Nestleiar og finanspolitisk talsperson for partiet, Marie Sneve Martinussen, meiner politikarane kunna ha teke hardare i.

– Dette er eit første steg på vegen, og at vi vidare må tørre å gjere grep som bryt opp konsentrasjonen av eigarskap, pengar og makt i daglegvarebransjen.

Partia prøvde allereie i 2020 å gi beskjed i daglegvaremeldinga i Stortinget om at Konkurransetilsynet må slå ned på store prisforskjellar. No vil dei gi beskjeden enda tydlegare med ei forskrift for at tilsynet skal gripe inn mot prisforskjellar.

Les også Mener nordmenn betaler for mye for mat

Kommersiell direktør Tor Erik Aag i dagligvarekjeden Oda.

Senterpartiet overraska

Også Senterpartiet har vore med på forhandlingane på Stortinget. Dei seier det blei jobba mot ein frist på onsdag, men blei overraska då dei leste i media at dei andre partia var blitt einige utan Senterpartiet.

Leiaren for næringskomiteen, Willfred Nordlund (Sp), seier regjeringspartia er klare til å gå lenger det opposisjonen gjer i sine forslag.

– Senterpartiet og Arbeidarpartiet er sjølvsagt einige i intensjonen i forslaga. Noko anna ville vore rart. Fleire av dei nemnde forslaga er ført i pennen av oss, og andre av desse forslaga er allereie varsla av regjeringa, seier han til NRK.

Willfred Nordlund i Senterpartiet

Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Willfred Nordlund (Sp) håper å få med seg alle partia når komiteen gir frå seg sak om daglegvarebransjen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Han reagerer på at opposisjonen valde å gå ut med saka i dag.

– Eg registrerer at dei andre ikkje hadde tid til å sende over sine siste forslag før dei innkaltkalla inn. Når komiteen gir frå seg saka håper vi at det er einigheit om forslaga.

Positiv næringsminister

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier til NRK at regjeringa ser positivt på at det er ein brei einigheit om denne saka på Stortinget.

– Regjeringa har heile tida hatt som mål at alle parti på Stortinget kan samle seg om felles forslag for å styrke konkurransen i daglegvaremarknaden. Difor er eg glad for at det ser ut til å bli einigheit om fleire gode tiltak som kan bidra til lågare prisar og betre utval i butikkane, seier han.

Jan Christian Vestre

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier regjeringa vil presentere sine forslag til tiltak før sommaren.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Vestre seier fleire av tiltaka som ligg i avtalen, også er tiltak regjeringa har sett på i sitt arbeid.

– Fleire av desse forslaga har regjeringa sjølv teke initiativ til, og her jobbar vi allereie med å presentere dei neste stega før sommaren. Eg vil sjølvsagt involvere Stortinget i det vidare arbeidet.

Coop er glade

Daglegvarekjeda Coop, som hadde ein marknadsdel på nesten 30 prosent i fjor, har tidlegare vore kritiske til dei store forskjellane i innkjøpsprisar.

Kommunikasjonssjef i Coop, Bjørn Takle Friis, seier dei helser framlegget til opposisjonen velkommen, og kallar det fantastiske nyheiter.

– Å flytte makta over til forbrukaren er musikk for Coop, som er forbrukareigd. Vi trur dette vil avgrense makta til Norgesgruppen og dei største leverandørane, og føre til lågare prisar ut til kundane. Coop lovar å sette ned prisane om vi får meir rettferdige innkjøpsprisar, seier han til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT