Hopp til innhold

MDG vil reformere dagens kyllingproduksjon

Færre kyr og kyllingar. Meir kortreiste, økologiske grønsaker. Miljøpartiet Dei Grøne vedtok søndag korleis dei vil legge om matproduksjonen i Noreg.

Harald Moskvil, MDGs landbrukspolitiske talsperson

Harald Moskvil, MDGs landbrukspolitiske talsperson, er også bonde. Han dyrkar økologisk havre, erter og rug.

Foto: MDG

Landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har gått inn for å reformere kyllingproduksjonen i Noreg drastisk. Vedtaket kjem etter eit forslag frå Grøn Ungdom om å legge ned den industrielle kyllingindustrien.

– Klimakrisa og naturkrisa tilseier at vi må gjere endringar. I landbruket kan vi erstatte ein del av kyrne med grønsaker, seier Harald Moskvil, økobonde og MDGs talsperson for landbruk.

– Det vil seie at vi utfordrar bøndene til å lage meir mat for folk, og mindre til dyr, seier han.

På sikt vil Moskvil og fleire med han kutte ein tredel av kjøtproduksjonen – og få inn kortreiste grønsaker i staden.

Sjølv om berre tre prosent av landarealet er dyrka jord, meiner han at det er eit stort potensial for å dyrke nok grønsaker i Noreg.

– Dersom vi samtidig legg om kosthaldet etter kosthaldsråda, er det fullt mogleg å fø det norske folk på det vi kan dyrke i Noreg. Men vi har sjølvsagt problem når det gjeld appelsinar og bananar, seier Moskvil.

Meir vegetarmat i kosthaldet

Her er kosthaldsråda han vil at nordmenn skal ta til seg:

  • Redusere delen kjøt i kosthaldet med 30 prosent.
  • Gå over til vesentleg større del vegetarmat.
  • Bruke norsk korn betre enn vi gjer i dag.

MDG vil altså ha på plass ein ny matplan for Noreg.

– Vi vil legge om produksjonen og nytte jorda vår på ein betre måte, og dyrke mat som vi kan ete direkte – ikkje gras som må gå vegen om husdyr, seier Moskvil.

Unge mot kyllingindustrien

Grøn Ungdom meiner ein del av den nye matplanen bør vere å legge ned den industrielle kyllingindustrien.

Hulda Holtvedt, Grøn Ungdom

Hulda Holtvedt, talsperson i Grøn Ungdom.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Det er 70 millionar individ der som lever skikkeleg dårlege og smertefulle liv, seier Hulda Holtvedt, talsperson for Grøn Ungdom.

Ungdomspartiet fekk delvis gjennomslag på landsmøtet. Eit fleirtal gjekk med på at kyllingproduksjonen må reformerast drastisk. Dermed har partiet skjerpa kritikken mot kyllingindustrien.

Kyllingoppdrett

Kyllingar på ein gard i Noreg.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ungdomane meiner at dyrevelferda ikkje er god nok og at dyr ikkje skal bli behandla som «rullebandsobjekt».

Økologisk produksjon av kylling er derimot greitt.

– Der får kyllingane høve til å gå ute, det er sunnare rasar og det er meir plass per individ. Så det blir mogleg å ete kylling, men det blir dyrare og mindre av det, seier Holtvedt.

Talsperson for MDG, Arild Hermstad, synest at forslaget er spennande.

– Det er viktig å seie at det er det industrielle kyllinghaldet ein vil til livs. Kan godt ha produksjon, men det på skje på ein berekraftig måte, seier han.

Slutte med import av soya og korn

Her er fleire av forslaga til ny matpolitikk for Noreg, som blei vedteke søndag:

  • Meir slåtteng og beitebruk for å hindre insektdød. Halvere bruken av kjemiske og syntetiske sprøytemiddel før 2030.
  • Satse meir på små og mellomstore gardsbruk. Gi middel i jordbruksavtalen til rekruttering til ny drift av nedlagde bruk.
  • Fase ut import av korn og soya til fôrprodukt. Få til norske og berekraftige fôrressursar i all matproduksjon før 2030.
  • Satse massivt på å utvikle alternative proteinkjelder.
  • Kommunar og fylke må velje kortreist og økologisk mat i eiga verksemd og alle institusjonar og føretak.
  • Sjølvbergingsgraden må vere 60 prosent basert på nasjonale ressursar før 2030 – særleg når det gjeld matkorn, frukt, bær og grønsaker.
  • Minst 20 prosent av norsk matproduksjon skal vere økologisk før 2030.
  • Byar skal fremme urban matproduksjon og legge til rette for parsell- og skulehagar.
  • Strengare krav til dyrevelferd i det norske landbruket.
  • Legge om støtteordninga til mjølkeprodusentar med mindre vekt på kvantitet og meir på kvalitet.

AKTUELT NÅ