Hopp til innhold

MDG: – Frp skundar på prosjekt som gir enorm bompengeauke

Sidan 2013 har Miljøpartiet Dei Grøne i Stortinget stemt mot ei rekke bompengeprosjekt, medan Framstegspartiet har stemt for dei. Partia hakkar laus på truverdet til kvarandre i transportpolitikken.

MDG Landsmøte

Talsperson Arild Hermstad talar til landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: Ola Vatn / NTB scanpix

– Det går ikkje an å gå ut og seie at ein er mot bompengar, og samtidig stemme for det i Stortinget, seier Arild Hermstad, talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne, til NRK.

– MDG har ikkje noko truverd på veg- og trafikk-politikken. Det er skilnaden på oss, kontrar Frps transportpolitiske talsmann, Morten Stordalen.

Fredag langar Hermstad ut mot Frp samferdsleminister Jon Georg Dale kort tid før han skal på talarstolen på MDGs landsmøte på Fornebu i Akershus.

Han er kritisk til at regjeringa i hovudstadsområdet har sett fart på vegprosjekta E18 Vestkorridoren og E6 Oslo aust som vil føre til auka bompengar.

– Om dei to prosjekta blir gjennomført, vil det auke bompengane med 50 prosent for folk i Oslo-området, seier talspersonen.

– Framstegspartiet seier heile tida at dei er mot bompengar. Samtidig skundar dei på prosjekt som vil gi enorm bompengeauke, held Hermstad fram.

Stemmer oftare mot bompengar

Hermstad peikar på at Miljøpartiet Dei Grøne stemmer langt oftare mot bompengar enn Frp i Stortinget.

Ei oversikt utarbeida av MDG viser at partiet sidan dei kom inn på Stortinget i 2013 har stemt mot 13 bompengeprosjekt, medan Framstegspartiet berre har stemt mot eitt.

MDG har også stemt for ei rekke bompengeprosjekt, eller ikkje vore til stades under voteringa, særleg i prosjekt som skal finansiere meir kollektivtilbod og som skal løyse miljøproblem.

Partiet stemmer ned prosjekt som går til å betale for fleire og større motorvegar.

– Derfor har vi stemt mot fleire bompengeutbyggingar enn noko anna parti, seier Hermstad.

MDG: – Populistisk bompengekrise

Han viser til at partiet vil at ha mindre klimautslepp, betre kollektivtilbod og at folk skal slite mindre med trafikk og eksos.

– Då gjer vi det betre for både menneske og miljø.

Hermstad er kritisk til det han kallar ein populistisk bompengekrise frå regjeringas side.

– Det er norsk politikk på sitt flauaste når ein konkurrerer om å vere mest mogleg mot bompengar, særleg for Frp som har samferdselsminister og finansminister og har skapt situasjonen sjølv. I staden for å ta ansvar og stå for sin eigen politikk, prøver dei å skulde på alle andre, seier Hermstad.

Frp er ikkje imponert

Frps transportpolitiske talsperson, Morten Stordalen, nektar ikkje for statistikken frå MDG, men er heller ikkje imponert over kritikken frå partiet.

Morten Stordalen

Morten Stordalen er transportpolitisk talsperson i Frp.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

– MDG er eit merkeleg parti som stemmer mot all vegbygging av motorvegar i Noreg. Derfor stemmer dei sjølvsagt mot mange bomprosjekt også, seier Stordalen.

– Men kvifor har Frp stemt så sjeldan mot bompengeprosjekt i Stortinget, når de ropar høgt at de er mot bompengar?

– I det regjeringssamarbeidet vi har no, har ikkje Frp fått gjennomslag for sin primærpolitikk og partiprogram i denne saka. Så er også Frp for massiv vegutbygging, i motsetning til MDG. Motorvegar er bra for trafikksikkerheita, reisetid, smartare og kortare traséval, noko som tyder lågare utslepp, seier han.

Frp: – Vi har redusert bompengane

Vidare peikar han på at Frp har redusert bompengedelen i nasjonal transportplan.

– I tillegg har vi ei tilskotsordning for å redusere bomtakstar utanfor byområda, som MDG har stemt mot. Vi har også fått med i regjeringsplattforma ei frådragsordning for dei som er utsett for høge bompengeutgifter. Desse reduksjonane hadde aldri komme utan Frp, seier Stordalen.

– Kvifor er bompengedemonstrantane då framleis så sinte?

– Opprøret ein ser kjem av at dei andre partia lokalt eig og stemmer fram bompengeprosjekt i byane. Det har Frp stemt mot lokalt. Vi har fått til mange reduksjonar nasjonalt. Bompengenivået ville ha vore mykje høgare utan oss i regjering, seier stortingsrepresentanten.

AKTUELT NÅ