Hopp til innhold

Sletta Google-søk på seksuallovbrytar

Ein tidlegare psykiater som er dømt for oppbevaring av bilde og film som viser seksuelle overgrep mot barn har fått namnet sitt sletta som treff i Google.

Google-logo og eit tomt søkefelt.

FJERNA: Det er berre nokon få som får fjerna namnet sitt som treff i Google

Foto: ALASTAIR PIKE / AFP

Personvernnemnda har i vinter behandla to krav frå personar som ønskjer å bli sletta som treff i søkemotoren Google.

Den tidlegare psykiateren fekk medhald. Ein annan mann som var dømt for grov korrupsjon og truslar fekk ikkje medhald i kravet om å bli sletta som søketreff i Google.

Nestleiar i Personvernnemnda, professor Bjørnar Borvik, innser at avgjerda om å gi psykiateren medhald kan skape reaksjonar.

Professor Bjørn Borvik, det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Professor Bjørnar Borvik ved juridisk fakultet, Universitetet i Bergen, er nestleiar i Personvernnemnda.

Foto: UiB

Eg kan godt forstå at ein umiddelbart tenkjer at denne mannen ikkje har ei verneverdig interesse.

Er det då eit paradoks at ein straffedømt skal få eit slikt vernn?

Det er sjølvsagt eit alvorleg faktum som ligg til grunn her, men snakk om eit paradoks tenkjer eg ikkje blir heilt treffande, svarer Borvik.

«Rett til å bli gløymt»

EU-domstolen i Luxembourg har i ein dom frå 2014 slått fast at det dågjeldande personverndirektivet til EU inneheld ein rett til å bli sletta. Denne retten er seinare formulert i EUs personvernfordning (GDPR).

Vi kan søke om sletting av søketreff som kjem opp når nokon søkjer etter namnet vårt i søkemotorar som Google.

Men vi får ikkje automatisk medhald i den søknaden.

I artikkel 17 i «Lov om behandling av personopplysningar», også kjent som «personopplysningsloven», er det lista opp ei rekkje vilkår for å få medhald. Også Datatilsynet har ei liste med kriterium dei ser på i vurderingane sine.

NRK forklarer

Kva er "retten til å bli gløymt"?

Kva er "retten til å bli gløymt"?

Som enkeltperson kan ein be om at søkemotorar fjernar namnet ditt som søketreff.

Dette er bestemt av EU-domstolen, og blir kalla avindeksering. Retten til å bli gløymt står i artikkel 17 i personopplysningsloven (Lov om behandling av personopplysninger). 

 

Kjelde: Datatilsynet

Kva er "retten til å bli gløymt"?

Korleis kan ein bli sletta frå søketreff i Google?

Google og andre søkemotorar har eit eige nettskjema der ein kan søke om å fjerne namnet sitt frå søketreff. Om ein er ueinig i avgjerda til søkemotoren kan ein klage til Datatilsynet, og deretter Personvernnemda. 

 

Kjelde: Datatilsynet

Kva er "retten til å bli gløymt"?

Kor mange søker Personvernnemda om å bli sletta frå søketreff i til dømes Google?

2017: 25 saker, 21 avslag

2018: 29 saker, 7 avslag

2019: 21 saker, 9 avslag

2020: 15 saker, 1 avslag

2021: 15 saker, 3 avslag 

Kva er "retten til å bli gløymt"?

I vurderinga til Datatilsynet er det fleire relevante kriterium som blir drøfta: 

Kva er "retten til å bli gløymt"?

Det som kan tale imot å slette søketreff er:

  • Om saka har allmenn interesse.
  • Om du er ein offentleg person. 
  • Om det omhandler eit kriminelt forhold.
  • Om det er opplysningar knytta til yrkesutøving. 

Kjelde: Datatilsynet. 

Kva er "retten til å bli gløymt"?

Det som talar for å slette søketreff er:

  • Om det som kjem fram er uriktig. 
  • Om saka er gamal. 

Kjelde: Datatilsynet 

Kva er "retten til å bli gløymt"?

Å fjerne søketreff i søkemotorane inneber kun å fjerne snarvegen til informasjonen.

Informasjonen vil til dømes framleis bli i ein avisartikkel, men snarvegen til den blir borte. 

Synes du det er riktig at nokon får fjerna namnet sitt frå treff i Google?

Ja
85%
Nei
15%

698 stemmer

Omsynet til eigne barn

Den tidlegare psykiateren var gjennom yrkesløpet sitt medlem i Barnesakkyndig kommisjon. Dei straffbare handlingane gjekk føre seg over 20 år. Han mista autorisasjonen som psykiater, og blei dømt til fengsel i eitt år og åtte månader.

Omsynet til hans eigne barn vog tungt då han fekk medhald i Personvernnemnda i kravet om å bli sletta som søketreff i Google. Det blei lagt ut bilde og detaljerte opplysningar om barna hans: fullt namn, fødselsdato og adresse.

Den andre personen var i 2011 dømd til fire års fengsel for grov korrupsjon og for å ha skjult utbyte av eigne straffbare handlingar. Han blei også dømt til å betale i overkant av 5 millionar kroner i erstatning til eit anna selskap.

Mannen fekk ikkje medhald av Personvernnemnda, men vedtaket blei avsagt med dissens. Fire avslo kravet hans, medan tre ville gi han medhald i å slette namnet som treff i Google.

Forskjell på saker

Er det forskjell på folk?

Nei, men det er forskjell på saker, seier Bjørnar Borvik. Han tilhøyrde mindretalet i nemnda.

Vi meinte at her må ein gi vedkomande medhald i kravet om sletting av søketreffet. Eitt viktig argument i vår grunngjeving var mellom anna at opplysningane som kom fram i søketreffet ikkje var korrekte.

Men fleirtalet vil ikkje gi mannen medhald i kravet.

– Paradoksale sider

Vidar Strømme er fagdirektør ved Noregs institusjon for menneskerettar. Han reagerer på Personvernemnda sin konklusjon i saka om psykiateren.

Vidar Strømme, fagdirektør i Norges institusjon for menneskerettigheter

Vidar Strømme, fagdirektør ved Noregs institusjon for menneskerettar.

Foto: Charlotte Skomsøy / NIM

Eg synest faktisk at den avgjerda har nokre paradoksale sider. Det rimar dårleg med det vi tradisjonelt har tenkt på i forholdet mellom det offentlege og privatlivet, seier han.

Men også han ser at omsynet til barna veg tungt. Likevel understrekar han domstolane sin rolle, og at det er eit viktig prinsippp at avgjerder der blir tilgjengelege for alle.

I begge desse to tilfella må ein vel sei at opplysningane har ålmenn interesse. Domstolen har domfelt desse to personane for handlingar som i begge tilfelle er ganske viktige og av betydning for andre.

Tingrettsdommen mot psykiateren var først offentleg, men blei anonymisert etter hans ønske sidan barna hans opplevde spreiing av dommen som svært belastande.

Offentleg interesse mot barnas påkjenning

Påkjenninga for barna er større dess verre lovbrotet er.

Betyr ikkje det då at han som har gjort seg skuldig i det verste lovbrotet har eit sterkare argumentet for å bli sletta som søketreff?

På eitt vis kan du nok argumentere sånn, seier Borvik i Personvernnemda.

Eitt av momenta som inngår i interesseavveginga, er nettopp spørsmålet om saka har offentleg interesse. I saker med alvorlege lovbrot vil utgangspunktet vera at saka har offentleg interesse. Det er sjølvsagt eit argument som trekkjer i retning av at han ikkje skulle fått medhald i kravet om sletting av søketreffet. Og så har ein då omsynet til barna på den andre sida.

Han seier samfunnet har interesse av å vita at dei slepp å møte denne personen i ein «behandlar»-rolle.

Det var sentralt i vår vurdering at han er fråteken autorisasjonen sin og ikkje kan opptre som behandlar, seier nestleiaren i Personvernnemnda.

Vil ikkje ha gapestokk

Retten til å bli gløymt har vakse fram og er blitt ein viktig rett for folk som hevdar dei er uthengt i eit informasjonssamfunn med søkemotorar som gjer at ting blir spreidd.

Vidar Strømme meiner at retten til å bli gløymd er ein viktig rett, og han vil ikkje at internett skal vera ein gapestokk.

Han meiner også at omsynet til barnas påkjenning er viktig, men resultatet kan bli at dei som gjer dei verste syndene også får det beste vern mot søk på Google:

Effekten kan bli det, og det er igjen paradoksalt at det skal virke på den måten, seier Vidar Strømme.

Les også Vil behalde cookies på nettet

Tre jenter diskuterer cookies på nettet

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger