Hopp til innhold

Vil behalde cookies på nettet

Ei ny lov, som kan hindre at cookies følger etter deg på nettet, blir truleg vedtatt i år. Men det er det slett ikkje alle som ønskjer.

Tre jenter diskuterer cookies på nettet

Hedda Alve, Celine Lea Tank Pedersen og Emma Bø Hoff, har alle sine dårlege opplevingar med cookies.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

– Her om dagen kopla eg meg opp på ei nettside. Så får eg plutseleg e-post med reklame etterpå. Då tenkjer du litt slik: Oj, korleis fann dei fram til meg?

Hedda Alve (17) frå Stavanger opplever ofte konsekvensen av å seie ja til cookies på ei nettside.

Det gjer også klassevenninna Emma Bø Hoff. Men ho meiner at samtykket ho gir ikkje er friviljug.

– Du får jo eit alternativ, godta eller finn ut meir. Men det er jo ingen som trykker «finn ut meir», når du skal inn å kjøpe klede, liksom, seier ho.

Nettsida ber deg godkjenne cookies

Kvar gong du opnar ei ny nettside må du ta stilling til cookies-spørsmålet.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

Kampen mot informasjonskapslane

Frankrike har gitt Facebook og Google ei bot på til saman 2 milliardar kroner, fordi det er vanskelegare å seie nei enn ja til cookies.

Men me kan berre gløyme at det skjer i Noreg.

Tobias Judin, seksjonssjef Datatilsynet, Ny

Tobias Judin, seksjonssjef Datatilsynet

Foto: Ilja C. Hendel / © Ilja C. Hendel

– EU har veldig strenge reglar om samtykke for informasjonskapslar, men i Noreg har me ikkje slike reglar, seier Tobias Judin, seksjonssjef i Datatilsynet.

Det har vore mogeleg å ta dei inn i EØS-reglane sidan 2009, men det har ikkje skjedd, opplyser Judin.

Ny lov på trappene

I løpet av dette året, så får truleg Noreg ei ny lov om elektronisk kommunikasjon.

Der er retten til å nekte cookies i å følge etter deg på nettet, skriven inn.

Men mediebedriftene med Amedia og Schibsted i spissen, meiner at cookies er nødvendig for at dei skal kunne få nok inntekter.

Jeg er så kvalm av cookies

Portrett Geir E. Engen, fagsjef digital utvikling, MBL

Geir E. Engen, fagsjef digital utvikling, MBL

Foto: Carolina Roka, MBL

Cookies irriterer

– Men er det greitt for MBL at brukarar av deira nettsider blir forfølgde av cookies etter å ha handla ei vare som det er reklame for i ei nettavis?

– Det kan ikkje nettavisene ta ansvar for, seier Geir E. Engen, som er fagsjef for digital utvikling i Mediebedriftenes landsforbund, (MBL).

Han peikar på at det er brukaren som har sagt OK til at cookies kan brukast slik, enten når dei er inne i nettbutikken eller til eigar av nettlesaren.

Nettavisa du besøker veit ikkje at du har vore i nettbutikken og gjort eit kjøp, slår Engen fast.

Ønskjer ikkje unntak

Datatilsynet peikar på at mange aktørar kan seie at tenestane deira er viktige og må ha unntak.

– Men uansett er personvern ein menneskerett og ikkje ei salsvare, uavhengig av kva for nettstad det er tale om, seier Tobias Judin.

Godkjenner under tvang

Celine Lea Tank Pedersen (18) har fleire gonger tenkt på kor mykje nettsidene ho er innom veit om ho. Men ho tillèt likevel cookies, utan å tvile særleg mykje.

– Eg godtar alltid. I mitt hovudet er det slik at dersom eg ikkje godtar, så kjem eg ikkje inn på den sida, seier ho.