Hopp til innhold

Skjerpar tiltale for påkjørsel med elsparkesykkel

Statsadvokaten i Oslo skjerpar tiltalen mot mannen som køyrde ned Anne Våge med elsparkesykkel. I dag startar den første rettssaka etter trafikkulukke med elsparkesykkel, og mannen risikerer fengselsstraff.

Anne Våge i Bygdø Allé i Oslo

PÅKØYRD: Anne Våge ved fotgjengarfeltet i Bygdøy allé der ho blei påkøyrd av ein mann på elsparkesykkel i september.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Den 48 år gamle mannen som i dag møter i Oslo tingrett var først tiltalt for brot på vegtrafikklova og dei generelle reglane om aktpågivande ferdsel i trafikken.

I dag står han overfor ein langt strengare tiltale; brot på paragraf 280 i straffelova, «uaktsom forvoldelse av betydelig skade på kropp eller helse».

Her er strafferamma langt vidare: «Med fengsel inntil 3 år straffes den som uaktsomt volder betydelig skade på en annens kropp eller helse».

Anne Våge blei påført alvorlege skader av påkjørselen i sterkt trafikkerte Bygdøy allé i Oslo i september i fjor.

Ho stod fram i NRK og fortalde at ho hugsar lite av sjølve hendinga.

– Eg hugsar ingenting av sjølve hendinga. Eg hugsar berre at eg skulle inn på Extra-butikken i Bygdøy allé. Etter det er det fullstendig svart, fortalde Anne Våge då NRK møtte henne i november.

Ho er framleis prega av ulukka, og har vore sjukmeldt i over fire månader.

– Du blir redd for å gå over kryss. Eg måtte ha hjelp til å gå over fotgjengarfeltet her utanfor. Det var der det skjedde.

Politiadvokat Ingvild Nordhaug grunngir den nye tiltalen slik:

Politiadvokat Ingvild Norhaug i Politihuset på Grønland i Oslo

AKTOR: Politiadvokat Ingvild Nordhaug i Oslo politidistrikt har skjerpa tiltalen mot den 48 år gamle mannen.

Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild Hjermundrud

– Bakgrunnen for den nye tiltaleposten er at fornærma si skade etter påtalemakta sitt syn no kvalifiserer til det som straffelova omtalar som betydeleg skade.

Etterforskinga av saka avdekka tidleg høg fart på ein elsparkesykkel med ulovleg stor motor, fortalde Nordhaug i haust.

– Basert på observasjonar og opplysningar politiet fekk på ulukkesstaden, fekk politiet tidleg mistanke om at elsparkesyklisten hadde ei hastigheit på over 20 kilometer i timen, sa ho.

Elsparkesykkel i bruk på Grønland i Oslo

VANLEG: Elsparkesykkel er blitt eit vanleg syn i mange byar, som her på Grønland i Oslo.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Kontrollen hos Statens vegvesen dokumenterte at denne sykkelen kunne gå så fort som 48 kilometer i timen. Med så sterk motor er sykkelen per definisjon ei motorvogn. Derfor er mannen også tiltalt for brot på lova om bruk av motorvogn, og reglane om førarrett og førarkort. Han er også tiltalt for brot på bilansvarslova.

Advokat Jan Kildahl er mannen sin forsvarer. Han vil overfor NRK ikkje kommentera den utvida tiltalen.

AKTUELT NÅ