Aldri meir elsparkesykkel

Her jobbar dei med å redde tennene til pasienten. Han er ikkje åleine om å hamna i tannlegestolen etter å ha tryna på elsparkesykkel.

Tannlegevaktene og Oslo skadelegevakt har hatt mange pasientar med knuste tenner og slag i hovudet etter ulukker med elsparkesykkel det siste halvåret.

David er ein av dei som fekk eit like ublidt møte med asfaten som personen i videoen. Han var på veg heim på elsparkesykkel i mørket, då ein bil kom opp på sida.

– Det var mørkt. Det kom ein bil veldig fort, som eg ikkje hadde sett. Då skvatt eg. Det neste eg hugsar, er at eg traff fortauet med ansiktet først, fortel han.

Han blei ikkje treft av bilen, men møtet med asfalten var hardt og brutalt.

Og David er ikkje den einaste som har oppsøkt tannlegevakta i Oslo denne hausten etter det vi enkelt kan kalla tryning på elsparkesykkel.

Skadar etter ulukker med elsparkesykkel er dei einaste skadane som har auka under koronatida.

Legar og tannlegar ønskjer strengare regelverk for bruk av elsparkesyklar.

– Det er ingen tvil om at talet på desse skadane har auka, seier oralkirurg og fagleiar Shoresh Afnan ved Oris Dental Galleri Oslo.

Han viser oss video og bilete av tannskadar etter elsparkesykkel-ulukker.

– Så mange elsparkesykkelulukker som vi har sett den siste tida, har ikkje eg opplevd før.

Afnan meiner ein bør vurdera aldersgrense, og at folk ikkje bør kunne bruka elsparkesyklar etter klokka 22.

Mange og alvorlege skadar

Overlege Henrik Siverts ved skadelegevakten i Oslo er også uroleg over utviklinga med så mange og alvorlege skadar etter elsparkesykkel-ulukker.

Alle andre skadar enn skadar etter bruk av elsparkesykkel har gått ned under koronatida, fortel overlegen.

Elsparkesykkel i bruk på Grønland i Oslo

Mellom april og august i år behandla legevakta i Oslo 729 elsparkesykkelskader.

Elsparkesykkel i bruk på Grønland i Oslo

Gjennomsnittsalderen på dei som har vore behandla er 29 år. 40 prosent er kvinner og 60 prosent er menn. Og det er ikkje i den mest trafikkerte tida dei fleste blir skada.

Elsparkesykkel i bruk på Grønland i Oslo

Over halvparten av ulukkene hender etter klokka 22.

Elsparkesykkel i bruk på Grønland i Oslo

– Det er mange som heilt sikkert vil få varige mein av desse skadane, både hovudskadane, men også brotskadane, seier Henrik Siverts ved Skadelegevakta.

Han fortel at dei har fleire pasientar som slit i etterkant, og som også må til rehabilitering.

Promillekontroll og aldersgrense

Siverts meiner det er på tide å setja foten ned og innføra eit langt strengare regelverk enn det som gjeld no.

– Eg trur streng promillekontroll er viktig, og eg trur aldersgrense er viktig. Eg trur det er veldig viktig å forby at det er to på ein sparkesykkel.

Og sjølv om han ser både nytte og hygge med å køyra på elsparkesykkel på dagtid, vil han unngå dei om kvelden og utover.

– Eg tvilar veldig på om elsparkesyklar kan brukast fornuftig på nattetid fordi eg trur det er så mange som er påverka av alkohol. Då blir det mange skadar, seier Siverts.

Det blir strengare regelverk

– Ja, vi kjem med eit tydelegare og strengare regelverk knytta til elsparkesyklar!

Det seier samferdselsminister Knut Arild Hareide på spørsmål frå NRK om han vil følgja råda frå overlege Siverts og oralkirurg Afnan.

– Alt tyder på at her må det lovendringar til, og eg er sjølv veldig utålmodig, legg han til. Han håpar lovendringa er klar i løpet av 2021. No ventar han på Statens vegvesen som skal koma opp med forslag til nytt regelverk.

– Men dette er ganske komplisert og vanskeleg. Det er mange ting som skal vurderast; det er heile trafikkregelverket opp mot elsparkesyklar.

All endring i lov og regelverk skal ut på høyring, men sjølv er han tydeleg på fleire ting som må inn der.

– Promilleregulering er noko vi ønskjer. For vi veit jo det at dei aller fleste alvorlege ulukkene har skjedd på kvelds- og nattestid, og påverka av alkohol.

Aldri meir elsparkesykkel

– Eg har brekt handa, fraktur (brot på) ganen og heldt på å miste fleire tenner. Men det ser ut til at tannlegane klarer å redde dei, seier David når NRK møter han med gipsa arm og ute av stand til å arbeide.

Skade etter ulukke med elsparkesykkel

I tillegg til tannskadane fekk paienten fleire brotskadar i hovudet.

Foto: Privat

David er ingen nybyrjar på elsparkesykkel. Han har køyrt i mange år.

Sjølv meiner han årsaka til dei fleste ulukker er dei små hjula på elsparkesyklane. Og han innser at det er mykje galskap med desse syklane i trafikken.

– Spesielt no når det er mørkt. Og eg ser mange unge som er ute seint på natta etter at dei kanskje har vore på pub. Dei deler gjerne sykkelen på to, og dei anar ikkje kor farleg det er. Eg skulle ønskje dei ikkje gjorde det.

– Eg kjem aldri til å bruka dei igjen, nei, nei! Altså, dette kjem eg aldri til å oppleva igjen. Eg finn berre ein annan måte å koma meg fram på, seier David.

I den første publiseringa av denne saka skreiv vi at bileta var av David sin skade. Det var feil. Bilda er av ein annan pasient sine skader etter ei elsparkesykkelulykke. Denne pasienten har også samtykka til publisering av bileta.