Hopp til innhold

Blei meid ned av ein elsparkesykkel i fotgjengarfeltet

Anne blei meid ned av ein elsparkesykkel i eit fotgjengarfelt. No er kontrollen av dei populære syklane i gang, og første timen avslørte politiet ein sykkel som kan kjøra i 58 km/t.

Anne Våge etter å ha blitt påkjørt av elsparkesykkel i fotgjengarfelt i Bygdøy Alle i september 2020.

Anne Våge blei påkjørt av ein mann på elsparkesykkel då ho gjekk i eit fotgjengarfelt i Bygdøy Alle i Oslo i slutten av september. Fredag kom ho endeleg ut av sjukehuset.

Historia til Anne er ei av fleire som gjer at politiet og Statens vegvesen no går tøffare til verks for å få vekk ulovlege elsparkesyklar som kan kjøre fortare enn 20 km/t.

Kontrollørar frå Statens vegvesen måler lengda på ein elsparkesykkel. Denne er på 130 cm, og motoren var sterk nok til å oppnå fart på 58 km/t.

Kontrollørar frå Statens vegvesen måler lengda på ein elsparkesykkel. Denne er på 130 cm, og motoren var sterk nok til å oppnå fart på 58 km/t.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

I dag iverksette dei den første kontrollen av slike syklar i hovudstaden.

Påkøyrd i fotgjengarfelt

28. september skulle Anne (68) over gata for å handle i daglegvarebutikken. Ho har kryssa gata i fotgjengarfelt dagleg sidan ho var sju, og er ikkje den som spring på raudt lys. Likevel blei ho ein del av statistikken over trafikkulukker.

– Eg hugsar berre at eg kom frå jobben mandag, og at eg hadde vore over på butikken og kjøpt meg ein Smoothie. Og så hugsar eg ingen ting.

Ho er heller ikkje blitt fortalt kva som skjedde.

– Men eg kan sei at eg aldri går på raudt lys.

Ho blei først køyrd på legevakta, og MR viste at ho hadde indre blødningar i hovudet i tillegg til at ho var svært forslått. Dottera fekk beskjed om at Anne kanskje ikkje kom til å overleva.

Det gjekk heldigvis betre, men Anne er trøytt og slapp og har problem med å synkronisera. Sjølv om synet er greit, hender det at ho ser dobbelt.

– Eg må ta tida til hjelp. Og det er ein stor overgang for eg har alltid vore aktiv, og trent to til tre gongar i veka.

Politiet meiner elsparkesykkelen hadde ein fart på over 20 km/t, og beslagla førarkortet til mannen som førte sykkelen. Han blei ikkje pågripen, men er sikta for brot på vegtrafikkloven § 3. Politiet inndrog også sykkelen.

Ved Frognerparken stoppa Statens vegvesen og politiet ein mann som viste seg å ha ein elsparkesykkel med toppfart på 58 km/t. Dette er nesten tre gonger over tillatt fart på 20 km/t.

Ved Frognerparken stoppa Statens vegvesen og politiet ein mann som viste seg å ha ein elsparkesykkel med toppfart på 58 km/t. Dette er nesten tre gonger over tillatt fart på 20 km/t.

Glad for kontrollar

Ho ønskjer politiet og vegvesenet sin innsats mot ulovlege elsparkesyklar og uvettig køyring velkomen.

– Det er heilt topp, seier ho.

Espen Andersson, avdelingsdirektør Statens vegvesen

Espen Andersson, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

– Det har vore nokre svært stygge ulukker, så vi ønskjer å fokusera på og kontrollera at desse syklane er innafor lova, seier Espen Andersson, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Fokuset blei stilt inn måndag morgon. Ved Frognerparken i Oslo stoppa Statens vegvesen og politiet ein mann som viste seg å ha ein elsparkesykkel med toppfart på 58 km/t. Dette er nesten tre gonger over lovleg fart på 20 km/t.

Inndratt og destruert

– Denne går raskare enn ein moped, og dette er farleg og alvorleg, seier Frode Andreassen, seksjonsleiar ved trafikk og sjø i Oslo politidistrikt.

Frode Andreassen, seksjonsleiar ved trafikk og sjø, Oslo politidistrikt.

Frode Andreassen, seksjonsleiar ved trafikk og sjø, Oslo politidistrikt.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

Han seier sykkelen blir inndratt og destruert.

– Han var fullstendig klar over at sykkelen var ulovleg. Men han hadde behov for å kome seg raskt og greit til jobb på grunn av pendelavstand. Men dette er farleg, og han burde funne andre måtar å koma seg trygt til jobben på, seier Andreassen.

Useriøse aktører sel ulovlege syklar

– Vi ser at det er tilbod der ute på elsparkesykler som kan køyra langt fortare enn det som er lovelg. Dette får du kjøpt av useriøse aktørar på nett og andre stader. Og høg fart aukar risiko for ulukker, seier han.

Kjører du ein elsparkesykkel som går over 20 km/t, har du ikkje noko lovleg bruksområde i Norge. Du kan ikkje bruka han nokon stad, understrekar han.

Elsparkesykkel kontroll

kontrollørar frå Statens vegvesen konstaterer at denne sykkelen har ein toppfart på nesten 60 km/t. Sykkelen blir beslaglagt og destruert.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Men ikkje alle som blei kontrollert, hadde grunn til å frykta bot eller inndraging av elsparkesykkelen. Magne Remman kunne smile seg ut frå kontrollområdet.

Elsparkesykkel-kontroll i Oslo 12.10.2020

Magne Remman (ståande) kunne smila seg ut frå kontrollområdet for han hadde lovleg sykkel.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

– Det vart litt artig, for eg visste ikkje at dei dreiv på med slikt. Men eg skjønar det jo.

– Var du redd for at sykkelen din går litt for fort?

– Denne er plombert og tilpassa norske reglar. Eg hadde jo bestilt ein som var lovleg, så om den hadde gått for fort hadde det blitt ein sint telefon til han som selde. Men alt var greit, ler Remman.

AKTUELT NÅ