Hopp til innhold

Elsparkesyklist køyrde ned kvinne – tiltalt for aktlaus køyring

Ein elsparkesyklist må møte i retten etter at han køyrde ned ei kvinne i eit fotgjengarfelt i Oslo i september. Kvinna blei hardt skadd, og låg fleire veker på sjukehus.

Elsparkesykkel i bruk på Grønland i Oslo

Elsparkesykkel har blitt eit populært framkomstmiddel i fleire byar. Det har også ført til fleire skadar og ulukker. No er ein elsparkesyklist for første gong tiltalt for uvettig køyring.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Det er første gong ein førar av ein elsparkesykkel er tiltalt for ulovleg og aktlaus køyring. Vitne til ulukka skal ha reagert på at sykkelen heldt svært høg fart då samanstøyten skjedde, seier politiadvokat Ingvild Nordhaug til NRK.

– Basert på observasjonar og opplysningar politiet fekk på ulukkesstaden, fekk politiet tidleg mistanke om at elsparkesyklisten hadde ei hastigheit på over 20 kilometer i timen, seier ho.

Politiadvokat Ingvild Norhaug i samtale med journalist Bjørn At

Politiadvokat Ingvild Nordhaug seier dei ser alvorleg på hendinga der ei kvinne blei køyrd ned av ein elsparkesykkel i høg fart.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

20 kilometer i timen er den maksimale lovlege farta for elsparkesyklar. Målingar gjort av Statens vegvesen viste at denne elsparkesykkelen kunne gå så fort som 48 kilometer i timen.

Då er det ikkje lenger ein sykkel, men eit motorkøyretøy. Og det utløyser andre krav, seier Nordhaug.

– Det er blant anna eit krav om at køyretøyet blir registrert, at ein har gyldig forsikring og gyldig førarkort. Når elsparkesykkelen ikkje er registrert, er det ulovleg å bruke han.

Hugsar ikkje kva som skjedde

I Bygdøy Allé møter NRK Anne Våge. Det var ho som fekk det brutale møtet elsparkesykkelen i september. Ho er på beina igjen, men hendinga har gjort at ho gruar seg for å krysse den sterkt trafikkerte gata.

– No er det nesten slik at når eg får grønt lys, så må eg vente litt til, seier ho.

Anne Våge i Bygdø Allé i Oslo

Anne Våge treng tid når ho skal krysse gata etter ulukka i september.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Ho har problem med å fortelje det som skjedde ulukkesdagen. Ho var innom akutten før ho hamna på sjukehus og rehabilitering.

– Eg hugsar ingenting av sjølve hendinga. Eg hugsar berre at eg skulle inn på Extra-butikken i Bygdøy Allé. Etter det er det fullstendig svart.

Korleis har det påverka deg mentalt å vere utsett for ei slik ulukke?

– Du blir redd for å gå over kryss. Eg måtte ha hjelp til å gå over fotgjengarfeltet her utanfor. Det var der det skjedde. Eg fekk hjelp av heimetenesta.

Håper på signaleffekt

Føraren av elsparkesykkelen fekk inndrege førarkortet på staden. No er tiltalen klar i den første saka i sitt slag her i landet.

– Politiet ser alvorleg på saka. Vi må hugse at Vegtrafikklova sine reglar er der av ein grunn for trafikktryggleiken, slik at alle kan ferdast i trafikken utan fare for skadar. Denne saka illustrerer korleis uvettig og ulovleg bruk av ein elsparkesykkel ha fått konsekvensar for andre trafikantar, seier Nordhaug.

Tiltalen er eit signal frå politiet om at køyring med elsparkesykkel med ei maksimalfart på over 20 kilometer i timen blir slege hardt ned på.

– For politiet er det generelt sett viktig å få dom i dei sakene vi meiner det er gjort lovbrot, og det meiner vi er tilfelle i denne saka.

I Bygdøy Allé går det sakte betre for Anne Våge.

– No går det fysisk betre. Eg trenar eit par gongar i veka. I dag kom eg meg til Frognerparken og sprang litt. Og når du har gjort det i alle år, tek du tilbake litt av livet ditt, og merkar at det går betre og betre, seier ho.

Det er ikkje klart når saka kjem opp for retten.

AKTUELT NÅ