Hopp til innhold

Sjukepleiarforbundet skeptiske til nye reiseråd til Europa

Regjeringa opnar for reiser til og frå Schengen og EØS-området frå 15. juli. Sjukepleiarforbundet er uroa for kva konsekvensar det kan få om det kjem ei ny, stor bølge av koronasmitte til hausten.

Badestrand i Frankrike

STRANDFERIE: Mange nordmenn kan få oppfylt ønsket om badeferie i sommar, etter at regjeringa varsla endring i reiseråda frå 15. juli. Men dei som reiser blir oppmoda til å halde avstand og passe på hygienen på ferie.

Foto: Paul Kleiven / NTB Scanpix

Nordmenn kan reise til Schengen og EØS-land frå og med 15. juli. Det vil seie at borgarar frå desse landa også kan kome på ferie til Noreg i sommar.

Samtidig understreka statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen torsdag at det er ei føresetnad at kvart enkelt land oppfyller dei objektive kriteria, som er dei same som for reiser i Norden.

Men den auka reiseaktiviteten uroar Norsk Sykepleierforbund. Dei peikar blant anna på at det manglar spesialsjukepleiarar og at det er 350.000 undersøkingar ved sjukehusa som er utsett til hausten.

Lill Sverresdatter Larsen, Norsk Sykepleierforbund

Leiar i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen, fryktar dei nye reisereglane til Europa skal auke risikoen for ein ny smittetopp til hausten.

Foto: Sunniva Tønsberg Gaski/Norsk sykepleierforbund

Forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen er uroa for ei ny stor smittebølge til hausten.

– Vi spør oss kva som skjer med kapasiteten og pasienttryggleiken, og kva som skjer med dei mange utsette konsultasjonane dersom det blir ein ny smittetopp til hausten, seier ho til NRK.

Spent på UDs reiseråd

Larsen får støtte frå fastlege i Oslo, Jørgen Skavlan. Han fryktar at ein ny topp skal kome tidlegare enn han ville ha gjort fordi reiseverksemda brått kan auke i sommar.

– No opnar vi opp begge vegar, og eg er redd for at vi startar ei bølge nummer to. Det kan hende den kjem uansett, men eg fryktar ho kjem tidlegare.

Han håper difor folk viser solidaritet, og let vere å reise til utlandet om dei ikkje absolutt må.

Jørgen Skavlan

Fastlege Jørgen Skavlan trur på fulle fly til Syden dersom UD slepper opp på reiseråda sine.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad understrekar at reiseråda ikkje er ei oppmoding til å reise til desse landa, men ei moglegheit dersom ein ønsker eller må reise.

– Folk skal framleis halde avstand og tenke på smittevern når dei er på ferietur. Vi råder alle til å sette seg grundig inn i desse tinga før dei bestemmer seg for å reise til utlandet.

Skavlan skulle ønske styresmaktene var klarare på å få nordmenn frå å reise til utlandet.

– Det blir spennande å sjå korleis UDs råd utviklar seg. Eg ser at pasientane følger det UD seier på grunn av reiseforsikring og slikt. Dersom UD slepper opp i sine råd, er eg redd for at flya til Middelhavet blir veldig fulle, og då er eg redd vi har eit problem.

Utlandet fristar ikkje

I Brosundet i Ålesund sentrum møter NRK Petter Jonassen frå Skien som er på ferie i jugendbyen med familien. Han meiner det er greitt at reiseråda blir mjukna opp, men seier det ikkje er aktuelt for dei å slenge seg på ein utanlandstur av den grunn.

– Vi tenker ikkje å reise til utlandet. vi hadde uansett planlagt ferie i Noreg, og nyt det, sjølv om det blei endringar i retningslinjene.

Petter Jonassen

Petter Jonassen frå Skien seier endringar i reiseråd ikkje endrar på planane han hadde for ferie i Noreg i år.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Heller ikkje Kyrre Jensen og Yvonne Østby frå Hamar blir å finne på ein flyterminal til utlandet med det første.

– Det er lenge til eg kjem til å sitte på eit fly ut av landet. Noreg er det mest fantastiske ferielandet vi har, spesielt kysten, seier Jensen.

Men Østby trur nok at det er mange som let seg freiste til ei flyreise til varme strok i sommar.

– Men eg håper folk er flinke til å ta dei forholdsreglane vi har hatt heile tida, og følge dei reglane som har vore. Då trur eg det skal gå bra, seier ho.

Kyrre Jensen og Yvonne Østbye

Kyrre Jensen (t.v.) og Yvonne Østbye frå Hamar er på sykkeltur til Ålesund med to hundar i vogna. Dei ville ikkje ha bytta ut Noregsferien med utlandet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Lista over kva land nordmenn kan reise til i Europa kjem 10. juli. Og så blir det gjort oppdateringar minst kvar 14. dag.

AKTUELT NÅ