Gult lys for reiser utanfor Norden

Europa opnar opp, men Noreg lar vente på seg. Dersom reiseråda endrar seg, er det ikkje sikkert at du har rett på pengane tilbake for allereie bestilte turar.

Sydenferie

EUROPA OPNAR OPP: Fleire land i Europa opnar no opp for besøk frå andre EU-land. I Noreg er rådet framleis å unngå reiser som ikkje er strengt nødvendige.

Foto: Lise Åserud / NTB SCANPIX

– Det er lov å planlegge ei utanlandsreise, sjølv om situasjonen er usikker. Så lenge reiseråda gjeld fram til 20. august, kan ein planlegge ei reise etter dette. Viss reiseråda blir forlenga, har forbrukaren krav på pengane tilbake dersom reisa blir kansellert, seier Caroline Skarderud, jurist i Forbrukerrådet.

Fleire nordmenn ventar no på grønt lys for å reise på ferie i Europa.

Europa opnar – men førebels ikkje Noreg

Fleire land i Europa har opna for tilreisande frå EU og EØS. EU-kommisjonen oppmodar alle EU-land om å opne opp for fritidsreiser på tvers av Schengen-området. Samstundes har SAS og Norwegian starta opp med utanlandsflygingar.

Men reiseråda i Noreg står framleis. Regjeringa rår imot alle utanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land, unntatt nordiske land som tilfredsstiller visse smittekrav, fram til 20. august. Det er enno ikkje klart kva tid det blir opna for reiser i heile Europa.

– Utanriksdepartementet følgjer utviklinga i EU tett, og gjer løpande vurderingar av reiserådet basert på smittesituasjonen, reiserestriksjonar og grad av gjensidig opning, seier Wera Helstrøm, pressetalsperson i Utanriksdepartementet (UD).

Innan 20. juli skal regjeringa vurdere om dei kan opne opp for reise til andre nærliggjande land. UD kan enno ikkje seie kva land det gjeld.

Dette har du rett på

Usikkerheit rundt kva tid ein kan reise til resten av Europa, kan gjere planlegginga vanskeleg for dei som allereie har bestilt reiser.

NRK har spurt kva rettar du som forbrukar har i tre ulike scenario.

Scenario 1: Du har bestilt utanlandsferie til eit land utanfor Norden med avreise mellom 20. juli og 20. august, og ventar på oppdaterte reiseråd frå regjeringa

Dersom reiseråda vert oppheva, kan du reise som planlagt. Du vil ikkje ha krav på refusjon ved avbestilling, sjølv om du avbestiller av frykt for koronasmitte.

Dersom reiseråda vert ståande, vil forbrukaren ha krav på pengane tilbake dersom reiseoperatøren kansellerer.

– Som eit generelt utgangspunkt vil ikkje reiseforsikringar dekke avbestillingar på grunn av at kunden er redd for smittefare, men avbestillingar dersom UD rår mot å reise til eit land, seier Skarderud.

Robin Wulff-Nilsen i KLP Skadeforsikring seier han blir kontakta av fleire kundar som lurer på kva dei skal gjere med utanlandsreisa dei allereie har bestilt.

Robin Wulff-Nilsen i KLP

RÅD: Robin Wulff-Nilsen i KLP Skadeforsikring seier han blir kontakta av fleire som lurer på kva dei skal gjere med utanlandsreisa dei allereie har bestilt.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Skjalg Bøhmer Vold

Han seier kunden får refundert billetten dersom det er reiseråd på tidspunktet reisa skal skje og viss reisa var bestilt før reiserådet inntrefte.

Men dei må vente til avreisedato for å sjå kva som blir dekka.

– Ettersom reiseråda kan bli endra til ein tidlegare dato, er det ikkje sikkert det er reiseråd på avreisetidspunktet, og reiseforsikringa vil dermed ikkje dekke reisa.

Scenario 2: Du har reist på ferie til eit av dei nordiske landa, men reiseråda blir endra medan du er der

Dersom reiseråda vert endra medan du er på ferie, kan det vere at du må i karantene når du kjem tilbake til Noreg. Dette kan du sjekke på heimesidene til Folkehelseinstituttet, som blir oppdatert kvar 14. dag.

Skarderud vil også anbefale deg å reise heim så fort som mogleg, dersom du allereie har reist til landet.

Caroline Skarderud, jurist i Forbrukerrådet.

SJEKK FORSIKRING GRUNDING: Caroline Skarderud i Forbrukerrådet oppmodar alle om å sjekke forsikringa si grundig.

Foto: Forbrukerrådet

– Dei fleste forsikringsselskap følgjer UD sine reiseråd, slik at forbrukaren i så fall vil få dekka tap og utgifter knytt til dette.

Scenario 3: Du reiser på utanlandsferie, sjølv om myndigheitene rår imot å reise til destinasjonen

– Dersom du reiser til eit land som myndigheitene rår deg til å halde deg unna, må du sjekke reiseforsikringa grundig for å finne ut kva hjelp du kan få dersom uhellet er ute, seier Skarderud.

Det varierer nemleg mellom forsikringsselskapa kva dei dekker dersom du vel å trosse UD sine reiseråd.

– Ver obs på at UD som regel ikkje hjelper til med heimreise når ein har reist imot deira råd, seier Skarderud.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger