Hopp til innhold

Danmark hever reiserestriksjonane på laurdag

Noreg hever reiserestriksjonane til fleire europeiske land frå 15. juli. Danmark opnar opp allereie på laurdag. Det kan gi ein peikepinn for kva land som kjem til å stå på den norske lista.

Danmark åpner opp for reiser til landene som er merket grønt, mens det fortsatt vil frarådes å reise til de rødmerkede landene.

Frå 15. juli kan nordmenn reise til dei Schengen- og EØS-landa som tilfredsstiller Folkehelseinstituttet sine krav til lågt smittetrykk.

Lista over kva land dette er, vil kome 10. juli, og blir oppdatert minst kvar fjortande dag, opplyste regjeringa på ein pressekonferanse torsdag.

Danmark opnar opp for ei rekke land laurdag. Dei har objektive kriterium som liknar på dei vi har i Noreg, men den norske regjeringa seier dei også vil bruke skjønn når dei bestemmer kva land det skal opnast opp for.

Men den danske lista kan gi oss ein peikepinn på kva vi kan vente oss når den norske lista kjem.

Stenger for seks land

Med bakgrunn i kriteria dei brukar, rår danske styresmakter folk frå å reise til seks land i Europa i sommar, skriv Danmarks Radio. Det gjeld Romania, Portugal, Storbritannia, Irland, Malta og Sverige.

Danmarks utenriksminister Jeppe Kofod (S)

Den danske utanriksministeren Jeppe Kofod (S) presenterte dei nye, danske reiseråda torsdag.

Foto: MARTIN SYLVEST / Reuters

– Dagens lempingar av reiserettleiinga viser at det står betre til i både Danmark og store delar av Europa enn vi hadde våga å håpe på for kort tid sidan, sa Danmarks utanriksminister, Jeppe Kofod (S).

Ikkje fritt fram

Men situasjonen er svært samansett. Og sjølv om Danmark, og etter kvart Noreg, no opnar opp for at vi kan reise til og frå fleire land, er det ikkje fritt fram å reise til desse landa.

Det kan vere lokale restriksjonar. Blant anna har Tyskland stengt to område på grunn av smitteutbrot. Spania har også stengt ein region.

Parasoller og turister på stranden ved Falasserna på Kreta i Hellas.

Hellas har hatt eit relativt lågt smittetrykk gjennom koronapandemien. Det gjer at strendene på Kreta etter kvart kan bli fylt med danske og norske turistar.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Situasjonen kan også endre seg raskt. Land som oppfyller kriteria når du bestiller ei reise, kan hamne utanfor lista medan du er på ferie. Då må du i karantene når du kjem heim frå ferie.

Både norske og danske styresmakter oppmodar innbyggarane sine til å vere forsiktige og følge dei nasjonale smittevernråda om å halde avstand og ha god handhygiene, også når vi er i utlandet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger