Utanlandsferien gjekk i vasken for mange etter at koronapandemien sette inn i vinter. Difor blir det ferie i Noreg for mange i år.
Men med mange folk på tur, aukar også risikoen for auka spreiing av koronaviruset.
Helse- og sosialminister Bent Høie (H) bad difor folk vere førebudd på at lokale reiseråd kan bli endra på kort varsel dersom det kjem store, lokale smitteutbrot, og at ferien kan bli avbroten.
– Det å innføre lokale avgrensingar for reiser er eitt av tiltaka i beredskapsplanen vår. Så det må vi vere førebudd kan skje i Noreg i sommar. Dersom vi får eit utbrot lokalt, kan det bli aktuelt med lokale reiseråd for å unngå spreiing, seier han til NRK.
Sommaren kan avgjere
Høie håper folk kosar seg og slappar av i sommar, men han minner om at vi ikkje kan vere slappe med å følge råd og reglar som skal hindre spreiing av virus.
– Det er viktig at alle tenker på, både vi som skal ut på tur og vere gjestar, og dei som skal ta imot gjestar, at vi held avstand, held oss inne dersom vi blir sjuke, og lar oss teste sjølv om vi er på ferie eller reise.
- Les:
- Les:
Han seier at det vi gjer i sommar kan avgjere korleis hausten blir, om vi får ei ny bølgje med sjuke og må sette inn nye, strenge tiltak.
– Vi må vere tolmodige og forsiktige og behalde kontrollen vi vann i vinter.
Mest sårbart for små kommunar
Kommunar som får mange turistar på besøk om sommaren, har også ein høgare beredskap for å skulle takle sjukdommar som kan oppstå.
Ofte er det også mange utanlandske turistar som kjem til desse stadane. I år blir det færre utlendingar på Noregs-ferie. Og sjølv om fleire seier dei vil feriere i eige land i år, er det ikkje sikkert norske turistar kan vege opp for bortfallet av utanlandske.
Assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Rostrup Nakstad, meiner difor kommunane skal vere godt rusta for det som kan kome.
– Dersom det skulle bli sjukdomstilfelle, må dei bli testa på vanleg måte. Kapasiteten er god, seier han.
- Les:
- Les:
Nakstad trur at det kan bli mest aktuelt med lokale reiseråd dersom vi får eit større utbrot i dei mindre turistkommunane.
– Ved eit stort smitteutbrot i ein liten kommune med mange turistar, kan det bli aktuelt å råde folk frå å reise til den kommunen medan utbrotet varer.
Det blir i så fall ei vurdering som lokale styresmakter og sentrale styresmakter må ta i samarbeid, seier han.