Sigurd (19) laga eigen billettapp – blei meldt til politiet av Ruter

Sigurd Kolstad Skåre ville dele den elektroniske bussbilletten med systra si, og laga ein app som gjorde det mogleg. Ruter meinte det var dokumentfalsk og melde han til politiet.

Sigurd Kolstad Skåre

VILLE DELE: Sigurd Kolstad Skåre utvikla ein eigen app for å dele den elektroniske bussbilletten med systra si. Det likte ikkje Ruter.

Foto: Peder Bergholt / NRK

– Det var litt vanskeleg å konsentrere seg om kjemieksamen etter at Ruter ringde og sa dei skulle melde meg til politiet, seier Sigurd Kolstad Skåre (19).

På Ruter sine nettsider står det at alle deira billettar er upersonlege.

Du kan difor velje å dele månadskortet ditt med resten av familien utan at Ruter har noko imot det, så lenge berre ein person bruker billetten om gongen.

Ville dele reisekortet

Men om du har ein elektronisk billett er det ikkje like enkelt.

– Då må du låne ut mobilen din, og det forstår vi er vanskeleg for folk, seier kommunikasjonssjef i Ruter, Sofie Bruun.

Det er Skåre samd i. Difor laga han ein app som gjorde det mogeleg å dele elektroniske billettar.

– Eg har alltid delt reisekortet mitt med søstera mi, men det kunne eg ikkje då eg gjekk over til elektronisk billett.

Ruter er ikkje einig med Skåre at dette er det same som å dele billettar. Dei meiner han har kopiert billettane deira og melde han til politiet for dokumentforfalsking.

Appen fungerte slik at Skår kjøpte elektroniske billettar av Ruter, lasta dei opp i ein databank og derfrå kunne dei få som hadde tilgang til appen hente ned ein billett og bruke han. Tenesta er no stengt.

Pengane for leiga av billetten gjekk til Sigurd, men han seier sjølv at han ikkje har tent noko på dette. Ruter er ikkje samd i det.

– Må omfamne moglegheitene

Selskapet er klar på at dersom alle skal dele den elektroniske billetten sin, kjem det til å føre til stort inntektstap.

– Foreløpig kan vi ikkje love ein uavgrensa deling av billetten fordi det er viktig med billettinntekter for å kunne vidareutvikle og halde oppe tilbodet vi har, seier Bruun.

Skåre meiner Ruter ikkje er gode nok på å utnytte ny teknologi, og at det går ut over dei reisande.

– Anten må ein omfamne moglegheitene teknologien skaper eller så må ein strete imot og sjå på det som eit problem, meiner han.

Han samanliknar det med måten parkeringsselskapa har nytta ny teknologi for at kunden ikkje skal betale for parkeringa på førehand, men berre for tida bilen faktisk står parkert.

Ruter presiserer at dei heile tida jobbar med nye teknologiske løysingar, som liknar på dei Skår skisserer.

Vil ta saka til Høgsterett

Saka mot 19-åringen vart lagt bort etter at politiet konkluderte med at det ikkje hadde skjedd noko straffbart. No har Ruter klaga på avgjerda.

– Vi forstår at slike sånne appar vi har kan vere utfordrande å forstå kompleksiteten av. Så vi mistenker at dei ikkje har forstått heilt korleis dette fungerer, seier Svend Eric Wandaas, jurist i Ruter.

Politiadvokat Mathias Emil Hager, som la bort saka, seier dei skal vurdere den nye informasjonen Ruter har kome med.

– Vi har eit klart bilde av kva som er saka sitt faktum. Men no har Ruter kome med ny informasjon, og det må vi sjølvsagt vurdere, seier Hager.

Farooq Ansari som er advokaten til Skåre seier at klienten ikkje har gjort noko gale.

– Eg synest at det er merkeleg at Ruter klagar fordi dei meiner at politiet ikkje forstår kompleksiteten av teknologien som Sigurd har utvikla. Vår innstilling er og har alltid vore at Ruter ikkje heng med i den teknologisk utviklinga, seier Ansari.

Sigurd Kolstad Skåre understreker at han ikkje har gjort noko ulovleg. Han trur ikkje saka vil gå videre, men om det skjer, er han kampklar:

– Eg kjem ikkje til å gi meg, det kjem til å gå heilt til Høgsterett.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger