Hopp til innhold

Leif må bestille buss 48 timar før

Rullestolbrukar Leif Elde er kritisk til at handikappa ikkje får vere med bussane, utan at dei varslar busselskapa to døgn i førevegen. – Det er horribelt, seier Elde.

Leif Elde

Leif Elde meiner at med dagens moderne bussar må det vere mogleg for handikappa å få bli med, utan lang planlegging.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I heile sitt vaksne liv har Leif Elde (59) frå Valderøy på Sunnmøre sitte i rullestol. Han vart lam i ei motorsykkelulykke som 25-åring og sidan den gongen har han lært seg at det er vanskeleg å vere impulsiv som handikappa. Alt må planleggast nøye. Men Elde meiner at det må vere rom for å ta enkelte ting på sparket, slik som å kunne vere med ein buss som er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

– Mitt ynskje når eg er ute og reiser er at eg kan gå på ein buss som har ledig plass, seier Elde.

Koffertar i midtgangen

For ein månad sidan flaug han frå Ålesund til Trondheim for å delta på eit møte. På Værnes stod ein flybuss og tok med seg passasjerane, men Elde fekk ikkje vere med. Midtrommet var nemleg fullt av bagasje og sjølv om den moderne bussen er tilrettelagt for rullestolbrukarar, var der ikkje plass til Elde. Sunnmøringen fekk beskjed om at han må bestille plass 48 timar før avreise.

– Det er heilt horribelt. Det er ikkje godt nok. Når bussen er universelt utforma, må vi kunne bruke den på lik linje med andre, seier Elde. Han hadde akseptert dersom han ikkje fekk plass på bussen fordi rullestolplassen var oppteken, men ikkje at området vart brukt til koffertoppbevaring.

Måtte ta drosje

Leif Elde

Leif Elde vart lam som 25-åring. Han har lært seg at det krevst mykje planlegging å vere rullestolbrukar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Elde måtte ta drosje inn til byen og prislappen vart mangedobla samanlikna med ein bussbillett.

Heime på Sunnmøre brukar Leif Elde sin eigen bil til det meste, men han veit at ikkje alle handikappa er så heldige. Enkelte er avhengige av annan transport, men opplever at buss er vanskeleg å bruke. Elde, som er styremedlem i Norges handikappforbund Nordvest, er oppteken av at både busselskapa og fylkeskommunane må bli betre på å legge til rette for handikappa og gi betre informasjon.

– Det tar 3 minutt å bestille ei drosje, kvifor skal ein bestille buss to døgn i førevegen, seier Elde.

Like rettar

Trond Thorsø Skullerud som er drifts- og marknadssjef i Værnesekspressen, seier at bussjåføren her må ha referert til dei generelle reisevilkåra, som seier at folk med spesielle behov må ta kontakt med selskapet to verkedagar før reisa for å vere sikra plass og tilrettelegging.

– I praksis skal handikappa ha like rettar som andre betalande. Dersom bussen er full av passasjerar og koffertar, må ein vente til neste avgang, seier Skullerud. Han seier at bussane er universelt utforma med rullestolheisar, sikringsutstyr og personale som er opplært.

Skullerud meiner at Elde burde ha fått beskjed om å vente på neste buss.

Sikre plass i bussen

Også i selskapet Nettbuss som køyrer ekspressruter i heile landet, er det bestilling 48 timar før avreise. Kommunikasjonssjef i Nettbuss AS, Dag Bones seier at det nettopp er for at den handikappa skal vere sikker på å få plass.

– Å bestille billett er i første rekkje for å vere sikker på at vi har riktig materiell for å vareta behova. Ved å bestille på nett er ein sikker på å få plassen som er bestilt, seier Bones.