Hopp til innhold

Styret i INP vil kaste generalsekretæren

Eit samrøystes sentralstyre i INP vil kaste generalsekretæren i partiet. Han svarar at han har ingen planar om å gi seg.

Valgvaken til Industri- og næringspartiet i Oslo i 2023.

Industri- og næringspartiet kunne juble for eit godt lokalval i fjor. Her frå valvaka i Oslo. Men i tida etter valet har partiet vore intern strid i partiet.

Foto: Emilie Holtet / NTB

Generalsekretær Ole Martin Martinsen i Industri- og næringspartiet (INP) sende tidlegare i januar ein e-post til Folkets Parti, tidlegare Folkeaksjonen mot Bompengar.

Der kom han med eit tilbod om å ta med seg store delar av partiet over til Folkets Parti, skriv Klassekampen.

Martinsen skriv at det er stor frustrasjon partiet, og at det særleg er hovudtyngda av veljarar i Rogaland og Vestland, der INP står sterkt, som kan vere interessert i å gå over til eit nytt parti.

Fungerande leiar i Folkets Parti, Cesilie Tveit, stadfestar overfor avisa at dei har teke imot e-posten, men at partiet ikkje ønsker å bli ein del av konflikten i INP.

Owe Ingemann Waltherzøe

INP-leiar Owe Ingemann Waltherzøe har fått krass kritikk for leiarstilen, men han meiner han framleis har støtte i partiet.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Vil avsette Martinsen

Partileiar i INP, Owe Ingemann Waltherzøe, seier til NRK at han fekk vite om e-posten for ei tid tilbake. Han kallar handlinga uhyrleg, og meiner det er ein stor grad av illojalitet.

Torsdag ettermiddag, etter at denne saka vart publisert, vart det kjent at Waltherzøe trekker seg som partileiar.

Onsdag kveld hadde sentralstyret i partiet eit møte der e-posten til generalsekretæren var på agendaen.

– Vi har informert Martinsen om at han ikkje har styrets tillit. Vi har invitert han til forhandlingsbordet. Men vi ønsker å avsette han, og vi har vedteke at vi tek frå han medlemsskapet.

Waltherzøe seier vedtaket var samrøystes.

Du kan høyre heile intervjuet med Owe Ingemann Waltherzøe i Politisk kvarter:

Gir seg ikkje frivillig

Martinsen avviser at han har vore illojal overfor partiet. Han seier til NRK at målet med e-posten han sende til Folkets Parti er å få kasta Waltherzøe som partileiar, og gi INP ein ny kurs.

– Eg jobbar for å få fylkesleiarane til å kaste han som partileiar så snart som råd, jo før, jo heller.

Generalsekretær Ole Martin Martinsen i INP

Generalsekretær Ole Martin Martinsen i INP vil kaste partileiaren.

Foto: INP

Når det gjeld vedtaket sentralstyret gjorde onsdag om å ta frå han medlemsskapet i INP, trur ikkje Martinsen det vil føre fram.

– Waltherzøe er eineveldig. Han har valt seg sine i sentralstyret som ikkje torer å seie han imot. Dette vedtaket tek eg med knusande ro.'

Utsegna kom før det vart kjent at Waltherzøe trekker seg som partileiar.

Han seier han har ingen planar om å gi seg som generalsekretær i INP.

Turbulent

INP gjorde eit svært godt val i fleire fylke i fjor, og har også vore over sperregrensa på fleire partimålingar den siste tida.

Dei har markert seg med sterk støtte til norsk oljeverksemd, motstand mot EU og EØS-avtalen og motstand mot vindkraft.

Men ein personstrid internt i partiet har ført til ein heftig krangel over tid.

Les også INP-leiaren om mistillit: – Vi har lufta litt ut

Fredag var landsstyret i Industri- og næringspartiet (INP) samlet. I forkant av møtet har det vært konflikt innad i partiet

Fredag forlèt landsstyremøtet fordi han meinte innkallinga var ulovleg. På møtet blei det vedteke ei fråsegn som var svært kritisk til leiaren.

Waltherzøe vedgår at det stor turbulens i partiet. Men han trur han likevel har tillit i partiet.

– Eg trur har støtte i grasrota. Det er eg ganske sikker på. Men no får vi sjå. Vi må prøve å samle partiet, og gå gjennom for å sjå kva vi har vore utsett for.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger