Hopp til innhold

INP-leiaren om mistillit: – Vi har lufta litt ut

INP-leiar Owe Ingemann Waltherzøe har ikkje tenkt å lytte til mistillitsformuleringar frå landsstyret som vart skrive klokka halv to natt til laurdag. Han meiner møtet var i strid med partilovene og held fram som leiar.

Fredag var landsstyret i Industri- og næringspartiet (INP) samlet. I forkant av møtet har det vært konflikt innad i partiet

Fredag hadde landsstyret i Industri- og næringspartiet (INP) digitalt møte. Partileiar Owe Ingemann Waltherzøe forlet møtet som seinare vedtok sterk kritikk mot han.

Fredag var det digitalt møte i landsstyret i Industri- og næringspartiet (INP).

Etter møtet vart det sendt ut ei utsegn frå landsstyret. Vedtaksteksten er ikkje nådig mot Waltherzøe.

Fleire avsnitt med kritikk

Landsstyret skriv mellom anna:

  • «...partileder spesielt, har et særskilt ansvar for å opptre samlende og i samsvar med partiets lover, regler, etiske retningslinjer og formelle vedtak.»
  • «Landsstyret ser med stor bekymring og alvor på noen av de uttalelser, skriftlig og muntlig, som partileder har fremmet i media om organisasjonen (...) Landsstyret kan ikke akseptere at organisasjonen og organisasjonens medlemmer, tillitsvalgte eller engasjerte/ansatte, blir utsatt for adferd som strider mot partiets regelverk og verdier.»
  • «Landsstyret kan imidlertid ikke akseptere at partileders negative adferd får fortsette uten konsekvenser.»

Leiar Owe Ingemann Waltherzøe var sjølv til stades tidleg på møtet, men forlét det saman med to sentralstyremedlemmar og landsstyredelegatane frå fire fylke. Partileiaren meiner nemleg vedtektene seier det ikkje finst eit landsstyre. Det er dei fleste andre i landsstyret usamde i.

For ein utanforståande kan vedtektene verke uklare. Paragraf 6 kan sjå ut som eit argument for leiarens syn, paragraf 8 tyder på at landsstyret finst.

– Nokon kallar det kupp

I Politisk kvarter i dag var Waltherzøe gjest og vart spurt om korleis han ser på det som skjedde.

– Ja, det er mistillit, seier Waltherzøe om vedtaket.

Men han er tydeleg på at partiet ikkje eigentleg har eit landsstyre. Og han dreg heile prosessen rundt vedtaket i tvil.

– Eg ser nokon kallar det kupp, nokon kallar det kuppforsøk.

– Bruk dine eigne ord då... Korleis opplever du det?

– Eg opplever det som ei utlufting. Det er arbeidsfolk i dette partiet. Det går gjerne ei kule varmt.

– Men når ein vedtek ein slik tekst er det vel noko litt anna enn at det går ei kule varmt?

– Det er fleire som ikkje kjenner seg igjen i teksten. Den vart skriven klokka halv to på natta.

– Så den er ikkje vedteken i møtet?

– Nei. Det vart ikkje lese opp og vedteke der og då. Det vart utarbeidd etterpå. Det går nok litt kjapt i svingane. Det er fleire som ikkje kjenner seg igjen i teksten. Det er jo litt spesielt å kome med pressemelding med klage på partileiaren.

19 står bak kritikken

Første nestleiar Joar Nesse er ikkje samd i skildringa frå partileiaren.

– Vi laga utkast til tekst og så blei den reinskriven etter møtet. Alle 19 som avslutta møtet står bak, seier Nesse om vedtaktsteksten som blir omtalt som einstemmig.

Waltherzøe er valt som leiar fram til 2026, og han seier i dag at han ønskjer å halde fram trass kritikken.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger