Hopp til innhold

Senterpartiet veit ikkje om dei kan støtte Noregs klimamål for 2030

Eitt år etter at regjeringa la fram Noregs forsterka klimamål, veit Senterpartiet framleis ikkje om dei vil vere med på kutte utsleppa med minst 50 prosent innan 2030. Målet vil ligge fast for ei raudgrøn regjering, slår Ap fast.

Sp legger fram alternativt statsbudsjett for 2021

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil foreløpig ikkje forplikte seg til regjeringas forsterka klimamål om å kutte dei norske med minst 50 prosent innan 2030.

Foto: Vidar Ruud / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For eitt år sidan la regjeringa fram Noregs forsterka mål under Parisavtalen. Dei skrudde då ambisjonane opp frå 40 til 50–55 prosent kutt innan 2030.

Arbeidarpartiets klimapolitiske talsperson Espen Barth Eide har følgande beskjed til Senterpartiet: – Målet om kutt nasjonalt vil ligge fast for ei raudgrøn regjering.

Ingen tvil

– Det kan det ikkje vere nokon tvil om. Det er Noregs innmelde, offisielle mål og det fekk brei tilslutning, seier Eide til NRK.

– Er det tvil om Sp støttar dei norske klimamåla?

– Det var det han sa, men eg trur dette endar med at vi alle stadfestar at det målet står vi bak, seier Ap-toppen.

Men Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum kunne ikkje svare på om partiet vil støtte det forsterka målet då han var med i Politisk kvarter fredag.

– Vi har ikkje hatt dette til endeleg behandling. Vi har ein prosess rundt dette, og så må vi sjå korleis vi kan bruke klimapolitikken aktivt. Vi må få ned norske klimagassutslepp, sa Sp-sjefen.

– Regjeringa kom med dette målet for eitt år sidan. Når kjem de med ei avgjerd?

– Vi går grunding gjennom klimameldinga, punkt for punkt for å sjå korleis det slår ut for ulike næringar. Vi kjem til å bruke den behandlingstida vi har i Stortinget denne våren.

Eide mener Vedum var «meir famlande enn han brukar å vere» i Politisk kvarter.

– Det illustrerer godt at dette er krevjande internt, seier han.

– Gråare enn dei er

I Senterpartiets programutkast står det at Parisavtalen ligg fast. Der skriv partiet blant anna at Noreg skal jobbe for å auke eigne klimaambisjonar og arbeide for å få andre land til å gjere det same.

Og i Nationen tok tidlegare Sp-leiar Liv Signe Navarsete eit oppgjer med måten partiet har markert seg i klimapolitikken på, og sa at tida for dei nye, store oljeutvinningsprosjekta er over.

– Sp gjer seg litt gråare enn dei eigentleg er, dei er faktisk grønare enn det Vedum gjer dei i den offentlege samtalen, seier Espen Barth Eide.

Eide meiner Vedums profilering i klimapolitikken skuldast at Sp konkurrerer med Frp om mange veljarar.

– Eg er veldig usamd i nokre av dei utspela. Men eg er faktisk ganske optimistisk på at vi skal finne fram til løysingar i komande regjeringsforhandlingar. Det trur eg vi klarer.

– Sp må bli tydelege på om dei aksepterer prinsippet om at forureinar skal betale. Det er både i Noreg og internasjonalt eit gjennomgåande viktig prinsipp. Det må gjelde sjølv om ein er «venn med» forureinaren.

Samsending med P2.

Samsending med P2.

Rotevatn: – Flaut

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) er ikkje vidare imponert av utsegna til Vedum.

– Eg synest det er flaut og oppsiktsvekkande. Eg trudde faktisk vi var samde i Noreg no om kva som er klimamålet vårt.

Rotevatn meiner utsegna set dei ambisiøse klimamåla til Noreg i spel dersom det blir skifte av regjering etter valet til hausten.

– Senterpartiet er det største partiet på raudgrøn side akkurat no, og dei veit verken kva klimamålet skal vere, eller kva dei skal gjere med klimautfordringa. Det må Senterpartiet no bestemme seg for, og svare på.

Sveinung Rotevatn

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) meiner det blir stor forskjell i klimapolitikken dersom eit stort Senterparti kjem til makta etter valet til hausten.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Statsråden seier vidare at det vil vere oppsiktsvekkande om Noreg melder at ein ikkje kjem til å nå klimamåla som ligg i Paris-avtalen.

– At ein erfaren partileiar som Trygve Slagsvold Vedum ikkje veit om han er for klimamål eller ikkje, synest eg seier veldig mykje om at han spring rundt med fine slagord, men ikkje set seg ordentleg inn i dei viktigaste politiske spørsmåla for Noreg.

Meiner Noreg har eit særleg ansvar

MDG-leiar Une Bastholm meiner Senterpartiet har brukt for lang tid på å ta stilling til målet til regjeringa, og meiner det begynner å haste.

– Det verkar som om Senterparti-toppane ikkje har teke inn over seg at vi har ei klimakrise som er livstrugande for mange menneske på kloden, der Noreg har eit stort ansvar. Det er framtida til ungane våre det er snakk om.

Une Aina Bastholm under MDGs digitale årsmøte 2020

MDG-leiar Une Bastholm meiner det er oppsiktsvekkande at Senterpartiet framleis ikkje har teke stilling til Noregs forsterka klimamål.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ho peikar på at Noreg har eit stort ansvar fordi vi er eit velståande land, og fordi vi har blitt rike på å produsere og eksportere olje og gass som bidreg til klimagassutslepp som er årsaka til klimakrisa.

For å nå dei skjerpa utsleppsmåla, har Noreg inngått eit samarbeid med EU om å kutte utslepp år for år. Vedum kunne ikkje svare på om denne avtalen vil stå ved lag dersom Senterpartiet tek over regjeringskontora.

– Senterpartiet ønsker ikkje at EU skal styre. Vi ønsker å få ned norske utslepp. Vi stemte i mot avtalen, men vi har ikkje hatt ein diskusjon i partiet i det siste.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger