Hopp til innhold

Pilotane: – No er det opp til SAS

På veg inn til dagens meklingsmøte i Stockholm la pilotane press på SAS-leiinga. Professor meiner ting byrjar å sjå farleg ut for selskapet.

På veg inn til meklingsmøtet med SAS-leiinga seier leiar for Norske SAS-flygarars foreining, Roger Klokset at det er opptil SAS å avslutte streiken.

FORHANDLINGAR: På veg inn til meklingsmøtet med SAS-leiinga seier leiar for Norske SAS-flygarars foreining, Roger Klokset at det er opptil SAS å avslutte streiken.

Foto: ALI LORESTANI / TT NYHETSBYRÅN

Partane har vore langt frå ei løysing sidan 900 pilotar gjekk ut i streik for ti dagar sidan.

I eit forsøk på å finne ei løysing, vende SAS-leiinga og fagforeiningane tilbake til forhandlingsbordet i Stockholm onsdags føremiddag.

– Vi er løysingsorienterte som alltid, men har allereie strekt oss ekstremt langt, seier leiar for Norske SAS-flygarars foreining, Roger Klokset til NRK før dagens møte.

– Løysinga ligg der om dei ønskjer å avslutte streiken, seier han.

Og det meiner professor ved Noregs handelshøgskule må skje raskt.

Kan bli farleg for SAS

Eg trur at det blir ei snarleg løysing, seier Frode Steen, professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole.

Det er fordi selskapet no har kasta vekk rundt ein milliard kroner og ikkje tener inn dei sårt trengde pengane frå alle som reiser på sommarferie, ifølgje Steen.

Streiken har ført til at 1.493 flygingar til og frå Noreg har vorte kansellerte, og 158 av dei er i dag. Det viser tal frå nettsidene til Avinor, skriv NTB.

Den største marknaden til SAS er ferieavviklinga, og no er dei i ferd meg å spolere heile den marknaden.

SAS flystreik Gardermoen 4. juli

Pilotstreiken i SAS har ført til mange kansellerte flygingar på norske flyplassar.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Han seier vidare at det også går dårleg med dei to andre marknadane som selskapet fokuserer på. Marknad som langdistanseflyging og jobbreiser.

Vi er på Teams, så vi reiser ikkje like mykje med jobben og kjøper ikkje desse dyre billettane, seier Steen og legg til:

Det betyr at om ikkje SAS hentar pengane sine i sommar, så lurar eg på kor dei skal hente pengane sine frå?

Frode Steen. professor NHH.

Professor i samfunnsøkonomi ved NHH, Frode Steen seier at SAS er i ferd med å spolere sin eigen sommarferie-marknad.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Steen trur at selskapet ikkje kjem til å gå tilbake til slik det var før. SAS slit ikkje berre med streik, men har også hatt mykje kanselleringar, ombookingar, og mangel på fly og pilotar.

– Alt dette kan føre til at folk tenkjer «eg bestiller reisa ein annan stad», seier Steen og avsluttar med:

–Det kan bli veldig farleg for SAS.

Les også Over halvparten av befolkningen støtter pilotene

Julie Gonzales Haram, Ine Linea Bjerke Skjelde
Hedda Vrenne Kveum
Juilanne Svinø

– No er det opp til SAS

På veg inn til dagens meklingsmøte håper Roger Klokset at SAS-leinga kjem med nye innspel.

– Eg forventar at SAS-leiinga stiller med ei reell vilje til å forhandle, og eit ønske om å respektere tariffavtalar og retten til å gå inn att i stillingane til dei oppsagde medlemmane våre, seier Klokset.

Rett etter at Klokset gjekk inn dørene på Næringslivets hus, kom leiar for SAS-pilotane i Parat Jan Levi Skogvang.

– Det er SAS som har invitert oss, så vi får berre sjå, seier han.

Er det berre SAS som må bevege seg, må ikkje dykk gjere det også?

– Vi har bevega oss ekstremt langt allereie. No er det opp til SAS, det er heilt klart, avsluttar Skogvang.

– Får sjå om vi lykkast

Streiken vart eit faktum då partane braut med forhandlingane måndag 4. juli. Det førte til at 900 pilotar frå Noreg, Sverige og Danmark vart tekne ut i streik.

Måndag tok SAS initiativ til eit nytt møte. Det takka fagforeiningane ja til.

– Eg er alltid optimist. Det må du vere i denne jobben.

Det seier Riksmeklar Mats Ruland på veg inn til møtet.

Riksmekler Mats Ruland ankommer meklingsmøtet mellom SAS og piloterne på Näringslivets hus i Stockholm.

Riksmeklar Mats Ruland på veg til meklingsmøtet mellom SAS og pilotane på Näringslivets Hus i Stockholm.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Målet mitt er å løyse ei arbeidskonflikt, det er difor vi er her. Eg oppfattar at partane også ønskjer å løyse konflikten. Så får vi sjå om vi lykkast.

Ruland skildrar dette som ei stor arbeidskonflikt som råkar fleire partar.

– Det er mange som ikkje får reist, mange som er stranda og selskapet er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, avsluttar han.

AKTUELT NÅ