Sandstrøm kallar påstandane uhyrlege, og seier at dei manglar substans og konkretisering.
John G. Sandstrøm er saman med rettspsykiater Pål Herlofsen meld til politiet, etter at Dagens Næringsliv i helga skreiv at dei to har selt falske legeerklæringar til kriminelle, slik at dei fekk mildare fengselsstraff.
Psykolog John Sandstrøm avviser alle skuldingar. (NRK-foto)
Helsedirektøren har i dag avgjort at dei to ikkje skal suspenderast.
John G. Sandstrøm er ein av dei mest kjende psykologane i Noreg. Han har vore med i fleire TV-program, dei siste åra har han delteke i valet av reality-deltakarar på TV3.
Ein journalist frå Dagens Næringsliv møtte opp på Sandstrøm sitt kontor, og gav seg ut for å vere kriminell. Han seier han fekk kjøpe ei legeerklæring til 8500 kroner.
Sandstrøm seier at han opplevde DN-journalisten som ein god skodespelar, og at han kanskje burde søkje teaterskulen. Han vil ikkje kommentere arbeidsmetodane til Dagens Næringsliv på noko annan måte enn at han minner om kva som står i Vær Varsom-plakaten.
Vær Varsom-plakaten er ein gjennomgang av dei etiske retningslinene journalistar skal arbeide i forhold til. (NRK)