Hopp til innhold

Rod Stewart eldste mannlege listetopp nokon gong

Den snart 75 år gamle artisten Sir Rod Stewart toppar dei britiske hitlistene med «You're in my Heart».

Britain Rod Stewart

Sir Rod Stewart toppar listene i Storbritannia som den eldste mannlege artist nokon gong.

Foto: Matt Dunham / AP

Det er den tiande listetoppen til Rod Stewart gjennom hans lange karriere. Og det skjer når Stewart er 74 år og 11 månader gammal. Det var Paul Simon som hadde den gamle rekorden. Han toppa dei britiske listene då han var 74 år og åtte månader.

Men det er eit stykke igjen til å bli den eldste artisten med listetopp. For den rekorden har Dame Vera Lynn med samlealbumet «Vera Lynn: National Treasure» i 2014. Då var ho 97 år gammal.

Fleire veteranar

Daltrey and Townsend of British band The Who perform during Paleo festival in Nyon

Roger Daltrey (t.v.) og Pete Townshend, ikkje akkurat ungdomar dei heller, ligg høgt oppe på hitlistene i Storbritannia. Her frå ein konsert i 2006.

Foto: Denis Balibouse / Reuters

Det var berre så vidt at Rod Stewart skulle greie toppen av listene denne veka, for han hadde sterk konkurranse blant andre frå to andre veteranar, Pete Townshend og Roger Daltrey frå The Who, som er ute med det kritikarroste albumet «Who».

Mellom dei på lista ligg ei juleplate med Robbie Williams, «The Christmas Present».

Rod Stewarts «You're in my Heart» er ei nyinnspeling av mange av dei store hitlåtane hans akkompagnert av Royal Philmarmonic Orchestra. Her er det blant anna nye versjonar av gamle landeplager som «Sailing» og «I don't want to talk about it».

Og Sir Rod hadde følgjande reaksjon på meldinga om at han låg på toppen av listene igjen, ifølgje BBC :

«Ei ny regjering og ein ny nummer ein for Sir Rod. Signe dykk alle og God Jul. Bra jobba Robbie, bra jobba Boris, og håper du ikkje tek det ille opp, Pete Townsend».

Rod Stewart er Celtic-tilhengjar.

Rod Stewart reknar seg som skotte og er svoren Celtic-tilhengjar. Her gratulerer han med ligacuptittelen i 2015.

Foto: Russell Cheyne / Reuters

Misnøye i Skottland

Ifølgje Sky News har gratulasjonen til Boris Johnson falle mange skottar tungt for brystet. Rod Stewart har alltid rekna seg som skotsk, sjølv om han er fødd og oppvaksen i London. Dette fordi han har skotsk familiebakgrunn.

Det skotske nasjonalistpartiet Scottish National Party, som går inn for at Skottland skal rive seg laus frå Storbritannia, gjorde nærmast reint bord i det britiske parlamentsvalet i Skottland tidlegare denne veka. Partiet ynskjer ei ny folkerøysting om sjølvstende, men statsminister Boris Johnson har kategorisk avvist at det blir aktuelt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger