Hopp til innhold

Rektor åtvarar om konsekvensane av lærarstreiken

Over 3000 lærar over nesten heile landet er i dag ute i streik. Nå er fleire bekymra for elevane. – Eg kjenner nesten at eg har ein klump i magen, seier rektor.

Solveig Rossebø Kalstad, rektor ved Haugaland videregående skole i Haugesund

BEKYMRA: Rektor Solveig Rossebø Kalstad ved Haugaland vidaregåande skule i Haugesund seier lærarstreiken rammer skeivt og er urettferdig for elevane.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Like før rektor Solveig Rossebø Kalstad ved Haugaland vidaregåande skule i Haugesund skulle ønska elevane velkomen til skulestart, fann ho ut at halvparten av lærarane var tatt ut i streik.

Totalt er det rundt 850 elevar på skulen. Elevane hadde knapt blitt lagt inn i datasystemet før dei blei sendt heim.

Rammer skeivt

Måndag førre veke varsla Utdanningsforbundet at ytterlegare 1423 lærarar på ungdoms- og vidaregåande skular skulle bli tatt ut i streik.

Totalt er nå over 3000 lærarar frå tre forskjellige fagforeiningar ute i streik. Uttaket gjeld for 14 kommunar og ti fylke.

Onsdag vil 431 fleire lærarar vil bli tatt ut i streik, varsla Utdanningsforbundet fredag.

Rektor Kalstad meiner streiken slår veldig skeivt ut mellom elevane. Nokon får ha undervisning og andre ikkje, seier ho.

– Eg kjenner nesten at eg har ein klump i magen. Eg er bekymra for ungdommane våre som har vore gjennom ein pandemi, og som nå får ein veldig dårleg skulestart.

Rektoren fryktar for kva som kan skje om streiken blir langvarig. Ho meiner skulen er det viktigaste haldepunktet i kvardagen til elevane.

– Me har elevar som er einsame, som kanskje driv med sjølvskading og har sjølvmordstankar. For dei vil denne streiken kanskje vera dramatisk.

Det er også fleire nye elevar som skulen enno ikkje veit om treng ekstra støtte eller ikkje, fortel rektoren.

Under pandemien kunne skulen tilby elevane heimeundervisning. Det kan dei ikkje no, då det vil vera eit brot mot streikeretten, fortel Kalstad.

Meiner barn og unge blir nedprioritert

Nokon av skulane som frå og med i dag blir ramma av opptrappinga av lærarstreiken er Bjørnsveen Ungdomsskole og Biri Ungdomsskole i Innlandet.

FAU-leder ved Biri ungdomsskule Sissel Morken Gullord er bekymra for elevane.

Ho seier foreldre ikkje kan erstatta lærarane, og meiner det «blir patetisk å snakka om å prioritera barn og unge når det så tydeleg ikkje skjer».

FAU-leder ved Biri ungdomsskole, Sissel Morken Gullord

FAU-leiar ved Biri ungdomsskule i Innlandet Sissel Morken Gullord seier opplæringslova blir sett fullstendig til side av streikeretten.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det er jo ein fare for at dette kan bli langvarig. Tar dette mange veker får det alvorlege konsekvensar for elevane ved ungdomsskulen. Opplæringslova blir tydelegvis sett fullstendig til side av streikeretten. Sånn må det kanskje vera, men det er veldig urettferdig overfor elevane, som er dei einaste som taper på dette.

Gullord forstår kvifor lærarane har gått ut i streik. Likevel synest ho timinga er dårleg.

– Eg ser at vi har eit behov for gode lærarar. Det er krise at det er nedgang i søkinga til utdanninga, og det er krise at så mange sluttar i læraryrket. Det er veldig vanskeleg å få tak i lærarar. Det gjeld ikkje berre her på Biri, men for heile landet.

Gullord har ikkje svar på korleis konflikten skal løysast, men ho synest det er viktig at barna blir prioriterte.

FAU-leder ved Biri ungdomsskole, Sissel Morken Gullord, snakker med streikevakter utenfor skolen.

FAU-leiar Sissel Morken Gullord med streikevaktane utanfor Biri ungdomsskule.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Vi veit jo etter pandemien kor skadeleg skulenedstengingar er, seier ho.

Ser ingen ende enno

Forskar i Fafo Kristine Nergaard ser ikkje ein slutt på streiken med det første.

– Det me ser her, er at partane framleis står like langt frå kvarandre som dei gjorde då streiken starta i juni, seier Nergaard.

For at streiken skal enda med tvungen lønnsnemnd, må offentlege instansar senda bekymringsmeldingar til myndigheitene, fortel ho. Det er Helsetilsynet som vurderer bekymringane opp mot faren for liv og helse.

Kristine Nergaard, FAFO

Forskar i Fafo Kristine Nergaard trur streiken kjem til å vara ei stund fram i tid.

Foto: FAFO

Kan du sjå føre deg at det blir ei tvungen lønnsnemnd?

– Eg tenker at viss denne streiken blir skikkeleg langvarig så kan det bli ei tvungen lønnsnemnd. Det er trass alt to lovverk som står mot kvarandre. Det er retten til å streika og retten til opplæring.

Basert på tidlegare erfaringane frå lærarstreiken i 2014, trur Nergaard ei eventuell tvungen lønnsnemnd ikkje vil skje med det første.

Kan ha konsekvensar for heile livet

Barnepsykolog og professor ved Universitetet i Tromsø, Willy-Tore Mørch, skreiv førre veke eit lesarbrev i Nordnorsk debatt der han sa at elevane blir ofra til fordel for lærarlønna.

Han reagerer på at streikeleiarane ikkje har sagt eller nemnt kva negative sider streiken har for elevane.

Willy-Tore Mørch, Tromsø, juni 2022.

Barnepsykolog Willy-Tore Mørch er redd for at ein langvarig streik potensielt kan øydelegga liv.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

– Det er ein ting at dei heng etter skulefagleg, men det er også slik at det kan gå ut over den psykiske helsa. Det kan gå ut over sjølvtillit og sjølvkjensle. Det er ein snøball som kan rulla, og som kan ha konsekvensar for heile livet, seier Mørch.

Derfor meiner Mørch at staten burde ta inn psykisk helse i vurderinga om faren for liv og helse, som potensielt kan føra til tvungen lønnsnemnd.

Han understrekar at han ikkje er imot at lærarar skal kunna streika, men roper varsku då det verkar som streiken kan vara ei stund.

Les også Elever møtte opp hos ordføreren for å få slutt på streiken: – Dette er ikke greit

Viktoria Skaane Buaas er elevrådsleder ved Kjølnes ungdomsskole i Porsgrunn. Sammen med nestleder i elevrådet Marius Aandal Pedersen banker hun på døra til rådhuset i Porsgrunn for å slippe inn til møte med ordføreren.

– Denne streiken må me ta

Forbundsleiar for Skolenes landsforbund, Mette Johnsen Walker, avviser at dei ikkje har tenkt på konsekvensane for elevane.

– Det er jo derfor me har skjerma barneskulen, og me skjermar også dei som er i spesialundervisning.

Mette Johnsen Walker, leder Skolenes Landsforbund

Leiar i Skolenes landsforbund Mette Walker meiner streiken er naudsynt, særleg for rekrutteringa av nye fag- og yrkeslærarar.

Foto: Skolenes landsforbund

Undersøkingar frå pandemien viste at det var elevar på ungdoms- og vidaregåande skular som blei hardast ramma under pandemien. Walker meiner det er andre myndigheiter som kan hjelpa dei som eventuelt slit her.

– Det er framleis mogleg å hjelpa dei, men denne streiken den må me ta, seier Walker.

Samsending med P2.

Sjå sendinga om lærarstreiken i NRK TV.

Opp til partane å finna ei løysing

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) vil ikkje svara på om staten vil gripa inn med tvungen lønnsnemnd enno.

– Det er partane som eig konflikten og som sit med ansvaret for å finna ei løysing.

Dersom streiken fører til fare for liv og helse eller har andre alvorlege samfunnsmessige konsekvensar, kan staten gripa inn med tvungen lønnsnemnd.

– Kan ein lærarstreik ha alvorlege samfunnsmessige konsekvensar sjølv om det ikkje er direkte fare for liv og helse?

– Det er ingen tvil om at ein lærarstreik kan ha store samfunnsmessige konsekvensar. Kva som skal til for at ein fullt lovleg lærarstreik kan få så store samfunnsmessige konsekvensar at det kan forsvara å stoppa med tvungen lønnsnemnd, vil eg ikkje spekulera i. Det vil vera ei konkret vurdering av den enkelte situasjon, og ikkje riktig å svara på generelt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger