Hopp til innhold

Regjeringa vil fjerne offentleg støtte til tannregulering

Frå og med neste år kan delar av den offentlege støtta til tannregulering bli fjerna. – Ein skal ikkje sjå på smilet til barna om du er fattig eller rik, meiner stortingsrepresentant.

Tannregulering

Forslaget til statsbudsjettet for 2019 vil truleg foreslå å ta bort den offentlege støtta til kring 10.000 pasientar med behov for tannregulering.

Det var Stavanger Aftenblad som omtalte saka først.

Når forslag til statsbudsjettet for 2019 blir presentert 8. oktober, er det sannsynleg at ein del av den offentlege støtta til tannreguleringa blir fjerna.

Helseminister Bent Høie (H) kan ikkje bekrefte det, men meiner at dagens system legg press på foreldre til å betale for kostbar tannregulering for barnet sitt, særleg for dei med dårleg råd.

– Ifølgje Helsedirektoratet er svært mykje av denne behandlinga ikkje naudsyn av medisinske grunnar, berre av kosmetiske, seier ministeren til Stavanger Aftenblad.

Medlem i helse- og omsorgskomiteen, Tellef Inge Mørland (Ap), synest at ein kan ta ei revurdering på ordninga slik den er i dag. Men å kutte støtte for inntil 10.000 familiar er feil, meiner Mørland.

– Målet bør vere at ein styrker støtteordningane for tannhelse, og ikkje svekker dei slik det ser ut til at regjeringa her ønsker, seier Mørland til NRK.

– Ikkje medisinsk naudsynt

Høie trekk parallellar mot Sverige og Danmark, og peikar på at nabolanda ikkje gir offentleg støtte til dei behandlingane vi har i Noreg.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H) meiner at dagens system legg press på foreldre til å betale for kostbare tannreguleringar.

Foto: Jørn Tveter / NRK

– Så store beløp bør etter mi meining ikkje utbetalast for behandlingar som ikkje er medisinsk naudsynt. Med unntak av ei undergruppe, nemleg dei som har stor plassmangel til fortennene, har direktoratet råda oss til å fjerne refusjonen som er gjeldande i dag, seier Høie til Stavanger Aftenblad.

Ifølgje Høie vil foreldra, som allereie betaler mest av rekninga for tannreguleringane, spare mest ved at presset for tannregulering forsvinn.

– Vil forsterke dei sosiale skilnadene

Tellef Inge Mørland (Ap) reagerer på argumenta til Høie om at foreldre vil spare pengar på det nye forslaget.

– Det vil forsterke dei sosiale skilnadene innanfor tannhelse. Tannregulering er allereie dyrt, seier Mørland til Fri Fagbevegelse.

Mørland meiner at dette vil føre til at familiar med dårleg råd vil få ei ytterlegare økonomisk belasting.

Tellef Inge Mørland

Medlem i helse- og omsorgskomiteen, Tellef Inge Mørland (Ap), rettar kritikk mot argumenta til Bent Høie.

Foto: Svein Sundsdal / Nrk

– Det skal ikkje vere slik at ein skal kunne sjå på smilet til barna dine om du er fattig eller rik, seier han til NRK.

Mørland meiner dei aktuelle pasientane bør halde fram med å få den offentlege støtta fordi dei har eit klart behov for tannregulering. Ifølgje han handlar det om meir enn reint kosmetiske omsyn.

– Eg kjenner ikkje nokon som har hatt tannregulering berre fordi dei synest det var stas, seier han.

Han presiserer at behovet for tannregulering varierer, også i gruppe C, men at foreldra sin økonomi ikkje bør avgjere om ein kan få regulering eller ikkje.

– Dette er allereie utfordrande nok for mange familiar i dag.

AKTUELT NÅ