Hopp til innhold

Regjeringa strammar inn etter «texas-tilstandar»

Drosjenæringa får enda fleire krav. Regjeringa vil bli kvitt svart økonomi ved å krevje at drosjene er tilknytt ein sentral. Gamaldags, seier NHO.

Kø av drosjer i Oslo

STRAMMAR INN: Frå nyåret vil regjeringa krevje at drosjer er tilknytt ein drosjesentral.

Foto: Hans Erik Weiby

Dei siste åra har talet på drosjeløyve gått kraftig opp, spesielt i Oslo, etter at drosjemarknaden blei liberalisert i 2020.

Fleire av dei nye aktørane har teke i bruk betaling via app i staden for å bruke taksameter. Ekspertar fryktar dette skal ha ført meir svart betaling, og kravd opprydding.

No strammar regjeringa inn.

– Vi har fått ei overetablering i byområda, og ei utarming i distrikta. Dette er ikkje bra, så vi må rydde opp i taxibransjen, seier Jon-Ivar Nygård, samferdselsminister (Ap).

No må alle drosjeløyvehavarar vere tilknytt ein sentral.

– Det handlar om at det skal bli trygt for kundane. Du skal ha ein stad å vende deg til som kunde. Og vi skal bidra til seriøsitet i næringa, seier Nygård.

Espen Barth Eide og Jon-Ivar Nygård står i dress på ei kai i Oslo. I bakgrunnen ser vi ei elektrisk passasjerferje som legg til kai.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård vil stramme inn drosjenæringa.

Foto: Tom Balgaard / NRK

– Vi må få meir ryddige og ordna forhold, slik at dei som jobbar som taxisjåførar kan vite at dei kan få ei anstendig lønn, og ikkje slike Texas-tilstandar som det har vore, seier Trygve Slagsvold Vedum, finansminister (Sp).

Fredag skal forslaget til Statsråd.

– Ikkje nødvendig

Drosjeaktørane som ikkje er tilknytt ein sentral er gjerne drive gjennom appar. Bolt, Uber, Yango er nokre av nykommarane.

– Dei kan framleis drive. Men dei må følge norske reglar og det norske systemet, seier Vedum.

Har dei ikkje gjort det til no?

Senterpartiet landstyremøte.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier det er Texas-tilstandar i drosjenæringa.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Det kunne fort blitt ein overrepresentasjon. Plattformselskapa utfordrar ein del av grunntenkinga i den norske arbeidslivsmodellen.

Korleis då?

– Dei har ei lausare tilknyting til arbeidslivet, at du kanskje jobbar litt på fritida, litt på kvelden. Vi veit ikkje alltid kven som står bak, seier Vedum.

Dette vil dei no ha slutt på.

Les også Advarer mot ville tilstander i taxi-markedet: – Det er en cowboy-bransje

Kø av drosjer i Oslo

Sentraltilknytingsplikt, som regjeringa no innfører, meiner Nils Ola Widme, næringspolitisk direktør i NHO-foreininga Abelia, ikkje er nødvendig.

– Det er gamaldags og unødvendig. Å sikre ein kvit økonomi i drosjenæringa kunne ein gjort på ein betre måte med meir moderne krav til dei digitale taksametera, slik den førre regjeringa foreslo.

Køyrer drosjenæringa kvit då?

– Dei skal gjere det. Det e løyvehavar som har ansvar for å sikre det. Det er eit krav for plattformselskapa.

Nils-Ola Widme, næringspolitisk direktør Abelia

Nils Ola Widme, næringspolitisk direktør i Abelia, seier at sentraltilknyting for drosjene er gamaldags og unødvendig.

Foto: Ilja C. Hendel / Ilja C. Hendel

Eit av selskapa som blir råka av dette er Bolt. Dei er svært overraska av tiltaka:

– Det er overraskande at regjeringa fremjar forslaget om sentraltilknytingsplikt trass at ESA så tydeleg har sagt at dette er i strid med EØS-avtalen:

– No blir bransjen påført mindre tryggleik i lang tid, stikk i strid med regjeringa sitt mål då dei sat ned Drosjeutvalet, seier Jonas Lefebure i Bolt.

Næringa har kollapsa

Jarle Kanaris er drosjesjåfør og dagleg leiar for Bytaxi. Han er også bydelspolitikar for Senterpartiet.

Kanaris er sterkt kritisk til tilstanden i næringa akkurat no.

– Drosjesituasjonen i Oslo er full av store utfordringar. Det meste er kollapsa. Skattejuks er innført igjen:

– Frisleppet har medført at styresmaktene ikkje lenger har kontroll på om alt blir meldt inn til skattestyresmaktene.

Jarle Kanaris

Jarle Kanaris seier at drosjenæringa har kollapsa og at tiltaka frå regjeringa ikkje er tilstrekkelege.

Han er positiv til regjeringa sitt krav om sentraltilknytingplikt, men meiner at regjeringa sine tiltak ikkje er gode nok.

– Det er ikkje tilstrekkeleg. Dei gjer ingenting med reguleringa av talet på drosjer, dei gjer ingenting med driveplikt, og ingenting med maksprisen.

Strammar inn litt og litt

Det er ikkje første gangen regjeringa strammar inn på drosjenæringa.

– Det er enormt mange selskap og overrepresentasjon, der du på nokre haldeplassar kan stå enormt mange bilar, medan det på mindre stader ikkje finst nokon i det heile teke som kan køyre taxi, seier Vedum.

Frå 1. januar 2023 prøvde regjeringa ut nye tiltak for drosjenæringa. Frå nyåret blir desse krav.

Frå 1. juni i år blei også krav om fagkompetanse for drosjeløyvehavarar innført.

Drosjer i Oslo sentrum

Drosjeutvalet som er utnemnt av regjeringa, leverte første delen av utgreiinga si i 2023. Den neste delen kjem i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Mogleg tak til sommaren

Etter høgre-regjeringa sitt frislepp frå tre år sidan har talet på drosjeløyve auka frå 7000 til 18.000 i heile landet.

I Hurdalsplattformen til regjeringa står det at regjeringa skal sjå på eit tak kor mange drosjeløyve ein han ha.

Men her vil dei kanskje få problem med EØS-reglane.

– Vi skal også sjå på avgrensingar. Og det jobbar drosjeutvalet med, som kjem med si innstilling inn mot 2024, seier Nygård.

Nils Ola Widme i NHO meiner eit tak på drosjeløyva ikkje kjem til å gå gjennom.

– Det er ein klassisk etableringshindring som vil vere ulovleg etter EØS-avtalen. Det er ganske trygg på at regjeringa ikkje vil innføre, seier Widme i Abelia.

Men drosjesjåfør Jarle Kanaris seier at dette er nødvendig for å få drosjenæringa på beina igjen.

– Det finst eit handlingsrom der, men då må Nygård ville det. Det gjorde Stoltenberg-regjeringa i 2012.

Drosjeutvalet leverte første del av utgreiinga si i 2023, og kjem med den andre delen i 2024. Her skal dei sjå på driveplikt, regulering av talet på drosjer, kontroll og tilsyn mellom anna.

Denne prosessen er også Kanaris kritisk til:

– Dei fragmenterer innføringa av reglane som gjer det unødvendig komplisert.

Les også Drosjesjåfører må vente i timevis på turer: – Det går dårligere og dårligere

Osman Kadransi drosjesjåfør

AKTUELT NÅ