Hopp til innhold

Regjeringa vil ha ungdom og arbeidslause ut i åkeren

Bøndene må klare seg utan mange av dei utanlandske sesongarbeidarane i år. Difor løyver regjeringa pengar til opplæring av norsk arbeidskraft.

Jordbærplukkere

Bøndene har i fleire år vore avhengige av utanlandske sesongarbeidarar for å få arbeidet gjort. Innreiserestriksjonane gjer at det blir langt færre sesongarbeidarar som slepper inn i Noreg i år.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Pandemien fører til færre utanlandske sesongarbeidarar i landbruket i år. Fleire bønder har talt på knappane om dei skulle plante og så i år.

Både arbeidslause og ungdommar har sagt at dei gjerne vil bidra. Men mange av desse treng opplæring, og det blir dyrt for bøndene.

Difor legg regjeringa no 40 millionar kroner i potten over revidert nasjonalbudsjett. Det skal gå til ei mellombels ordning der bøndene får refundert utgifter dei har i forbindelse med opplæringa.

– Målet er å hjelpe i ei akutt krise. Dei treng arbeidskraft no. Samtidig kan vi tenke langsiktig. Ved å lære opp norsk ungdom no, har bøndene kanskje vikarar og sesongarbeidarar i lang tid, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad til NRK.

Olaug Bollestad med med en bunt gulrøtter

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad håper den nye ordninga skal gjere landbruket mindre avhengige av utanlandsk arbeidskraft. I 2019 fekk Bollestad vere med å hauste gulrøter på Jæren.

Foto: Carina Johansen / NTB

Vil tenke langsiktig

Bollestad seier at berre dei mest naudsynte sesongarbeidarane frå utlandet får sleppe inn i år. Samtidig står fleire tusen potensielle arbeidarar klare til å jobbe på gard denne sommaren.

Ungdommar og arbeidslause skal dei få opplæring i blant anna såing, luking og innhausting av frukt, bær og grønsaker.

– No får norsk ungdom ein prima moglegheit til å oppleve norsk landbruk, og vi kan tenke langsiktig slik at vi ikkje er så avhengige av utanlandske sesongarbeidarar.

I fjor blei det fokusert på låge lønningar, og at det var få nordmenn som var villige til å jobbe for slike satsar. Bollestad understrekar at det er tariffen som gjeld.

– Det har vore noko av kritikken at det har vore låge lønningar frå sesongarbeidarar. Det må vere eit varsku for oss forbrukarar også. Skal vi vere med å løfte norsk landbruk, må vi kanskje betale litt ekstra for varene vi kjøper.

Positivt førsteinntrykk

Ordninga går no ut på høyring med ein svært kort frist for å kome med innspel. Innan 17. mai ønsker regjeringa å få tilbakemeldingar frå bøndene på korleis vi skal få meir norsk arbeidskraft inn på gardane.

Leiar for Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, håper ordninga kan bli sett i verk raskt og at ho ikkje blir for byråkratisk.

– Dette er ei hardt pressa næring med mangel på arbeidskraft. Våronna er allereie i gang, og mange har bestemt seg for å redusere produksjonen denne sesongen.

Leder i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, meiner den nye ordninga er eit steg i rett retning, men ho løyser ikkje heile problemet med mangelen på arbeidskraft.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Sjølv om det er mange som seier dei er klare til å ta i eit tak på åkeren denne sesongen, kan ikkje bøndene bruke kven som helst.

– Det er mange oppgåver som skal løysast. Noko av det er teknisk kompliserte arbeidsoppgåver. Andre oppgåver handlar om å handtere grønsaker, frukt og bær forsiktig. Det er eit kvalitetsfokus i heile næringskjeda. Det som blir gjort på åkeren skaper resultat i butikken, seier han.

AKTUELT NÅ