Hopp til innhold

Desse tiltaka skal få ned ventetida i helsevesenet

Ventetidene i helsevesenet har auka sidan 2017. No lanserer regjeringa ti punkt som skal korta ned køane.

Ingvild Kjerkol

Helseminister Ingvild Kjerkol besøkte den nye legevakta i Oslo torsdag.

Foto: Knut Are Tornås / NRK

Fredag legg helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) fram Nasjonal helse- og samhandlingsplan. I planen kjem helsedepartementet med ti tiltak som skal gjera ventetida for pasientar kortare.

Blant tiltaka står auka satsing på kvinnehelse, bruk av kunstig intelligens i organiseringa og eit betra samarbeid mellom det kommunale og regionale helsetilbodet.

Helsekøane har auka sidan 2017. Det er særleg pasientar innan psykisk helsevern som har måtta venta lenge.

For å snu utviklinga meiner Kjerkol at kapasiteten må utvidast.

Me må ha betre digitale løysingar, betre bruk av fagfolk, og det må vera meir saumlaust mellom nivåa, slik at pasienten ikkje får unødig venting i forløpet sitt.

Ønsker tettare samarbeid

Bakgrunnen for helseplanen er at organiseringa mellom kommunal sektor og dei regionale helseføretaka ikkje er god nok, og at pasientar med samansette behov fell mellom to stolar og må vente lenge.

Planen følger også opp tilrådingane frå Helsepersonellkommisjonen og sjukehusutvalet.

Ingvild Kjerkol

Helseministeren legg fram helseplanen fredag.

Foto: Knut Are Tornås / NRK

Torsdag besøkte helseministeren Aker sjukehus i Oslo. Der fekk den kommunale legevakta nye lokale før jul. Her går pasientane inn same inngang, anten dei skal på legevakta eller har time hos spesialist på sjukehuset.

Helseministeren meiner pasienten altfor ofte blir ein kasteball i eit fragmentert system, og ønsker betre samarbeid, slik som på Aker.

Me må ha eit felles system kor fagfolka kan brukast på tvers, og samarbeidet fungerer på tvers, seier Kjerkol.

Les også Her er kuttlista for de nye Oslo-sykehusene

Oversiktsbilde Nye Aker. Slik vil det nye sykehuset se ut fra lufta, ifølge plandokumenter.

Satsingsområde

I planen som blir presentert fredag, føreslår dei at ein særleg på to felt ynskjer å viske ut skila mellom helsetenester som blir drive av kommune og stat:

For dei som skal ha barn, meiner regjeringa at eit tettare samarbeid mellom sjukehusa og den kommunale helseteneste, vil kunne gi betre og tryggare tilbod.

Les også Fredar akuttkirurgien og fødetilbodet i Lofoten og Narvik

Helse- og omsorgsministeren holder sykehustalen 2024

I tillegg er køane for lange for barn og unge som slit med rus eller har psykiske vanskar. Også her vil regjeringa rive ned skillet mellom ulike nivå i tenestene.

Målet er å korta ned ventetida ved å utvida lågterskeltilbodet i kommunane og prioritera psykisk helse ved sjukehusa.

Ikkje nok fokus på rekruttering eller finansiering

President i Den norske legeforening Anne-Karin Rime etterlyser pengar blant tiltaka som regjeringa legg fram.

Anne-Karin Rime, president i Legeforeningen

Anne-Karin Rime i Legeforeningen etterlyser pengar i planen.

Foto: Martin Tangen Schmidt / NRK

Historisk sett er det auka finansiering som er ein sikker vinnar for få ned ventetidene i spesialisthelsetenesta. Enn så lenge ligg det ikkje noko pengar i planen, så det er viktig at dei gode tiltaka blir greia ut og at det følger med finansiering.

Lill Sverresdatter Larsen

Leiaren for sjukepleiarane Lill Sverresdatter Larsen saknar meir fokus på rekruttering blant tiltaka i helseplanen.

Foto: Glenn Aaseby / NRK

Leiar i Norsk Sykepleierforbund Lill Sverresdatter Larsen meiner mange av tiltaka er gode, men meiner helseplanen kunne lagt meir vekt på bemanning for å gjennomføra tiltaka.

Heile problemet er at me manglar helsepersonell og fagarbeidarar. Skal me få ned ventetidene, må me gjere noko med rekrutteringa.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger