NRK Meny
Normal

Reddar liv på ekstremtur

Planen var aldri å gå innom den avsidesliggande landsbyen i Himalaya. Men omvegen dei åtte norske turgåarane tok kan ha redda livet til ein fire veker gammal baby. Den norske organisasjonen Medical Aid Mountaineering kombinerer livredding på vegen til tindeklatring i livsfarlege fjell.

Solvor Småkasin og ei lokal jente

Anestesisjukepleiar Solvor Småkasin og eit born i ein av dei små landsbyane dei går innom.

Foto: Medical Aid Mountaineering / Privat

I det sentrale Nepal, nordvest for Katmandu finn du Manaslu-regionen. Eit område som får lite besøk av turistar. Her er det urørt natur, livsfarlege fjelltoppar og avsidesliggande landsbyar med fleire etniske folkegrupper som lev side om side.

Anestesisjukepleiaren Solvor Småkasin kjenner Nepal godt etter fleire turar til landet dei siste åra. Det vesle, mangfaldige landet med den ville naturen. Langs grensa i nord ligg 10 av verdas 16 høgaste fjell.

Solvor Småkasin

Solvor Småkasin frå organisasjonen Medical Aid Mountaineering i Nepal.

Foto: Medical Aid Mountaineering / PRIVAT

Med medisin i ryggsekken

Med ein ekstra bag med grunnleggande medisinsk utstyr tok ho og resten av gruppa for eit par veker sidan fatt på ekspedisjonen i Tsum-dalen i nærleiken av fjellet Manaslu. Først gjennom fleire landsbyar, før turen sitt eigentlege formål, å nå fjelltoppen, starta.

31 år gamle Solvor Småkasin er turleiar for gruppa som no er i Nepal.

– Ein kan seie at turen er todelt. Den første delen består av å gå opp mot fjellet, og innom landsbyane. Der spør vi om det er nokon som treng hjelp. Som regel er det heilt grunnleggande skader vi kan hindre blir farlege. Slikt hjelper vi til med, fortel Småkasin på ein satelittelefon frå Nepal.

Deretter startar den meir egosentriske delen av turen, opp mot fjellet for å få den gode kjensla av meistring når dei når toppen.

– Små skadar blir livsfarlege

I 2009 reiste Småkasin for første gong til Manaslu-regionen saman med eit turteam. På vegen hjalp dei lokalbefolkinga med førstehjelp.

Med dette var det gjort for Solvor Småkasin, som til vanleg jobbar som anestesisjukepleiar ved Ullevål sjukehus i Oslo. Kvart år sidan har ho oppsøkt livsfarlege fjell, samtidig som ho har redda liv på vegen.

Saman med fleire andre oppretta ho i 2012 den frivillige organisasjonen Medical Aid Mountaineering, som ilag med turoperatøren Hvitserk organiserer slike todelte turar til fjella i Nepal.

Medical Aid Mountaineering

Carl Robert Christiansen jobbar til vanleg som paramedic i Oslo, her sjekkar helsetilstanden til ein eldre mann.

Foto: Medical Aid Mountaineering / Privat

Akkurat no er ei gruppe på åtte nordmenn med ulik bakgrunn i Nepal for å klatre i fjellet. På vegen har dei vore innom fleire landsbyar.

– Er dette ein måte å få godt samvit på, etter den egotripen det er å klatre i fjellet over dei?

– Nei, det vil eg ikkje seie det er. Eg respekterer dei som kun reiser for å klatre eller gå ein fottur, men for meg er det heilt unaturleg å berre gå forbi når eg kan heller hjelpe. Sjølve klatringa er ein egotrip, det er klart. Men ved å klatre og trekke så gir ein jo også arbeid til mange menneske, svarar ho tydeleg.


Den dødssjuke babyen

12. oktober gjekk dei feil, som gjorde at dei måtte gå ein omveg på omlag ein halvtime. På omvegen kom dei til den vesle landsbyen Bihi, som få vestlege turistar besøker på veg til fjella.

– Når vi likevel var der, så kunne vi høyre om der var nokon som trengte hjelp, fortel Småkasin.

Bort kom ei ung mor, og hennar fire veker gamle dotter. Den vesle babyen hadde ein betent byll på størrelse med ein tennisball på halsen, og høg feber. Jenta var dehydrert og hadde ein infeksjon i munnen.

Det hadde starta med ei lita kvise, få dagar i forvegen. Dei eldre i landsbyen hadde råda mora til å bruke eit dyrebein for å fjerne den vesle kvisa. Men såret vart verre, og det vaks fram ein stor, betent kul.

Ein liten baby som treng akutt hjelp

Den vesle babyen hadde fått ein alvorleg infeksjon etter feilbehandling i landsbyen.

Foto: Solvor Småkasin / Medical Aid Mounaineering

- Vi fortalte til mora at dersom vi ikkje skaffa hjelp, så ville dottera hennar døy. Vi har ikkje sjangs til å bære henne ned til fots eller med bil, for ho vil døy lenge før vi nådde sjukehuset, seier Småkasin. Den einaste måten ville vere å få eit helikopter til å hente henne, legg ho til.

Mora var knust over beskjeden. Helikopter er ikkje enkelt å skaffe så raskt.

– Ved hjelp av ein guide som tilfeldigvis var nede frå fjellet for å arrangere ein redningsaksjon, klarte vi å få dei til å ta turen innom den vesle landsbyen først.

Helikopteret kom og henta den vesle jenta. Ho har no har gjennomgått to operasjonar og er i trygge hender på sjukehuset, takka vere nordmennene og pengar frå frivillige som donerer.

Grunnleggande undervisning


Innbyggjarane i dei små landsbyane har lite eller inga opplæring i korleis ein skal handtere sår og liknande.

– Vi lærer menneska at dei må koke opp vatn og rense sår med reine klutar. Vi har møtt folk som har behandla kuttskader ved å smøre på geitemøkk og liknande, fortel Småkasin.

Landsbybuarane har steinhus der dei brukar open eld til å fyre med. Det finnast ikkje pipesystem eller annan måte å få røyken ut på. Dette gjer at mange har fått kols eller andre lungeplager.

– Dette er ting vi ikkje får gjort noko med. Og det opplever vi ofte. Det einaste vi kan gjere er å gi råd i korleis ein skal lufte og bygge pipe, og andre ting for å halde sjukdomane i sjakk. Det er frustrerande, seier anestesisjukepleiaren.

Sårrens

Organisasjonen Medical Aid Mountaineering møter fleire menneske med små sår som har blitt betente. Her renser dei såret på leggen til ei kvinne.

Foto: Solvor Småkasin / Medical Aid Mounaineering

– Har ofte tenkt at det er galskap

Det å hjelpe til er jo ikkje sjølve formålet med turen, fortel Småkasin.

– Det er ein pakke. Den opplevinga fjellet og naturen gir, og det å kome opp i høgda er absolutt målet med turen, legg ho til.

Ho har fleire gonger tenkt at dette er galskap. Å klatre slik oppi dei farlege fjella. Dei er svært strenge med kvar dei reiser, og vurderer heile tida tilhøva i fjellet. Ho seier at dei har med gode turguidar som hjelper til med det.

Men likevel har Solvor Småkasin sjølv kjent dei ekstreme naturkreftene på kroppen. I 2012 vart dei råka av eit stort snøskred. Den kjende klatraren Bjørn Myrer Lund vart tatt av skredet, medan Solvor Småkasin og dei tre andre kom seg unna. Lund vart liggande lenge på sjukehus, men overlevde.

Artikkelen held fram under biletet

Medical Aid Mountaineering

Turane er kontrastfylte. Her er dei komne opp i høgda der dei kryssar svært bratte fjellryggar.

Foto: Medical Aid Mountaineering / Privat

– Vi er alltid svært forsiktige, og skal ha ein absolutt null prosents skredsjanse før vi startar på turen opp. Men ein kan jo aldri vite med naturen likevel. Det hender at vi blir overraska av naturkreftene, fortel ho.

Turgruppa høyrer store og små skred til alle tider på døgnet, som følge av det dårlege vêret den siste tida. Det har gjort at dei stadig må ta seg over store skred.

– Eg tenker jo at under her kan det ligge nokon, seier Solvor Småkasin.

Over snøskred

Medical Aid Mountaineering på veg over eit snøskred.

Foto: Solvor Småkasin / Medical Aid Mountaineering

Kvinna som brente seg inn i minnet

I 2009 opplevde Småkasin noko som ho aldri kjem til å gløyme. Den då 26 år gamle anestesisjukepleiaren kom innom ein landsby og vart kontakta av ein ung mann som lurte på ho kunne hjelpe.

– Eg kom inn i eit rom fullt av folk som stod rundt ei kvinne på min alder. Eg hugsar eg tenkte at ho var svært vakker. Ho var omtrent på min alder, fortel Småkasin, og seier det den dag i dag er veldig vanskeleg å tenke tilbake på den gongen.

Kvinna var heilt slått ut, men hadde ingen synlege skadar. Småkasin lytta på hjartet, og høyrde ein karakteristisk lyd, som Småkasin kjende att som ein lekkasje.

– Eg fortalte at ho måtte på sjukehus for å få hjelp. Dette er svært dyrt, og desse menneska har lite pengar. Vi samla saman det vi hadde, og gav til familien, fortel ho.

Dagen etter starta den seks dagar lange fotturen ned til sjukehuset.

– Det siste biletet eg har av kvinna er at ho sit i ei korg bak på ein rygg.

Når Solvor Småkasin kjem ned til Katmandu nokre dagar seinare og fortel ein lege om hendinga, får ho beskjed om at den type operasjonar ikkje blir utført i Nepal. Slike pasientar må til India, og det kostar mykje meir enn det dei hadde klart å samle saman oppe i landsbyen.

Legen seier at dette aldri burde vore gjort. Kvinna burde heller fått døy i heimen sin, saman med nære vener og familie.

– Den kjensla eg fekk då gjer framleis vondt den dag i dag. At eg som vestleg kom og liksom skulle redde verda, og sendte henne ned utan å vite meir. Det gjer vondt den dag i dag, fortel ho med ei sår stemme.

– Motivasjonen for å gjere dette meir ordentleg kom då, og vi oppretta Medical Aid Mountaineering to år seinare. Kanskje gjer eg dette for å børe for den feilvurderinga eg tok den gongen, fortel Småkasin tankefullt.

Eit born med brannskader

Eit barn med brannskader får hjelp til å rense handa si av ein turdeltakar i regi av Hviterk og Medical aid Mountaineering.

Foto: Medical aid Mountaineering / PRIVAT

Snøstormen som har kosta mange liv

Gruppa frå Medical Aid Mountaineering går no i dei same fjella der 40 menneske til no er funne omkomne dei siste dagane. Om lag halvparten av dei døde er utanlandske turistar. Snøstormen i fjella nær grensa til Tibet i førre veke kom svært brått på, og kom utanfor sesongen der det vanlegvis er slikt vêr.

– Vi var klar over at vêret kom til å bli gale. Vi var på rett side av fjellet og holdt oss langt nede. Så vi kjente oss trygge. Men det var vanskeleg å høyre om alle som var sakna, og ikkje kunne gjere noko, seier Småkasin.

Fjelltragedien blir omtalt som ein av dei verste verda har sett, og den mest katastrofale i Nepal sidan 1995.

Totalt 168 utanlandske turistar hadde registrert seg for å gå i fjellet då tragedien skjedde. Desse hadde også følgje av eit ukjent tal nepalske sherpaar.

Nepalske statsborgarar treng ikkje registrere seg før dei klatrar i fjellet, og oversikta over turgåarar og hjelparar er mangelfull.

Artikkelen held fram etter biletet

På veg til topps

Gruppa som no er i Nepal, her på veg opp til fjelltoppane, etter å ha besøkt fleire landsbyar på vegen.

Foto: Solvor Småkasin / Medical Aid Mountaineering

Tok seg opp på fjelltopp ingen før har vore på

Gruppa som no er i fjella i Nepal har ikkje hatt ein heilt uproblematisk tur. På kring 5000 meter oppe i fjellet fekk fleire symptom på høgdesjuke. Ein av turdeltakarane vart så dårleg, at Solvor Småkasin bad om å få eit redningshelikopter til å hente dei.

– Eg blei med deltakaren ned til sjukehuset i Katmandu. Ho er no heilt fin igjen, fortel Småkasin gjennom satelittelefonen på hotellrommet.

Dei gjenverande deltakarane har heldt fram med tindeklatringa. På måndag nådde dei ein topp som ingen andre før har klatra til.

Vel nede i byen og på sjukehuset fekk Solvor sjå att den vesle jenta dei fekk frakta ned med helikopter. Ho har fått blodforgiftning, og treng behandling i to veker til. Behandlinga er dyr, men donasjonar frå privatpersonar strøymer inn på kontoen til organisasjonen for å finansiere behandlinga vidare.

Omvegen som gruppa tok den 12. oktober var livsviktig for henne.

– Hadde vi ikkje gått feil den dagen, ville nok historia enda annleis, avsluttar Solvor Småkasin.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger