Hopp til innhold

Reagerer etter vitneforklaring: Senator kjem med åtvaring til Zuckerberg

Facebook har for mykje makt, meiner varslaren Frances Haugen. No lovar Kongressen handling mot tech-giganten.

Frances Haugen

Francis Haugen jobba i Facebook fram til april i år. Tysdag møtte ho i Kongressen.

Foto: Drew Angerer / AP

– Eg starta å jobbe i Facebook fordi eg trur Facebook har potensial til å få fram det beste i oss. Men eg er her i dag fordi eg meiner Facebook sine produkt skader barn, skaper splid og svekker demokratiet vårt.

Slik opna Facebook-varslaren Francis Haugen (37) si vitneforklaring i den amerikanske Kongressen tysdag.

Haugen stod tidlegare i år bak ein stor lekkasje av dokument til kongressmedlemmer og avisa The Wall Street Journal.

Der stod det mellom anna at Instagram, som er eigd av Facebook, visste at kvar tredje tenåringsjente oppgav å ha fått forsterka kroppskompleks på grunn av mediet. Facebook valte å ikkje dele rapporten utanfor selskapet.

Frances Haugen

37-åringen er utdanna IT-spesialist og har også jobba for selskap som Google, Pinterest og Yelp.

Foto: Jabin Botsford / AFP

– Vi vil ikkje la selskapet ditt skade våre barn

No krev Haugen inkje mindre enn full openheit frå selskapet.

– Så lenge Facebook får operere i mørket og skjuler funna for offentleg gransking, er dei ikkje ansvarlege for nokon.

Fleire av senatorane til stades på høyringa rosar Haugen for sin innsats for å bringe Facebook sine hemmelegheiter fram i lyset. Senator Ed Markey kallar ho «ein amerikansk helt».

Senator Ed Markey

Senator Ed Markey møtte pressa før Haugen kom til Capitol Hill. Han lovar handling etter avsløringane rundt Facebook.

Foto: Jim Watson / AFP

Markey kom samtidig med ei åtvaring til Facebook-grunnleggaren.

– Her er mi melding til Mark Zuckerberg: Tida er over for at du invaderer personvernet vårt og fremmer giftig innhald til barn og tenåringar, seier demokraten og legg til:

– Kongressen vil sette i verk tiltak. Vi vil ikkje la selskapet ditt skade våre barn, våre familiar og vårt demokrati lenger.

Den demokratiske senatoren Amy Klobuchar viser til at Facebook i august tilbakekalla ei gruppe forskarar sin tilgang til data om feilinformasjon om koronavaksinen.

– Det faktum at Facebook er så redd for grunnleggande openheit at dei går ut av sin veg for å stoppe forskarar som stiller vanskelege spørsmål, viser at det behov for at Kongressen held tilsyn, seier ho.

Congress Facebook Whistleblower

Senator Amy Klobuchar (i raudt) seier tida har kome for handling mot Facebook. Ho meiner Haugen (til høgre) var den utløysande årsaka for endringane som kjem.

Foto: Drew Angerer / AP

– Skremmande påverknad

Facebook har for mykje makt, meiner Haugen, som seier at dei bidrar til å forme vårt bilde av verda ved å velje kva informasjon vi får sjå.

– Til og med dei som ikkje brukar Facebook blir påverka av fleirtalet som gjer det. Eit selskap med ein slik skremmande påverknad for så mange folk, over deira djupaste tankar, kjensler og oppførsel, treng reelt tilsyn, seier ho.

Haugen viser til Google, som er langt meir opne for å dele sine data om folk. Ho set spesielt spørsmålsteikn ved om Mark Zuckerberg, som eig 55 prosent av selskapet, har for stor makt.

– Det er ingen andre enn Zuckerberg som held han ansvarleg.

Prioriterer pengar over folk

Mangelen på openheit rundt korleis Facebook sine algoritmar fungerer, gjer det umogleg å regulere, meiner Haugen. No ber ho myndigheitene involvere seg.

– Selskapets leiing veit korleis dei kan gjere Facebook og Instagram tryggare, men dei vil ikkje utføre dei nødvendige endringane fordi dei prioriterer sine astronomiske overskot føre folk.

Frances Haugen

Haugen meiner dokumenta viser at Facebook målrettar innhald mot tenåringar og barn under 13 år.

Foto: Drew Angerer / AP

Facebook, Instagram og Snapchat var måndag nede i rundt seks timar. Haugen seier ho ikkje veit årsaka til hendinga.

– Eg veit at i over fem timar blei ikkje Facebook brukt til å utdjupe splid, destabilisere demokrati, og få unge jenter og kvinner til å føle seg dårleg om kroppen sin.

Seier Haugen ikkje har jobba med temaet

Haugen fekk spørsmål om ho hadde konkrete bevis på at Facebook er skadeleg for barn. Ho viste då til ei undersøking frå selskapet, som viste at 6 prosent av barn seier dei er så avhengige av Instagram at det går ut over skule og helse.

Talsperson for Facebook, Andy Stone, set spørsmålsteikn ved om Haugen er skikka til å uttale seg om temaet barn og unge.

– Berre påpeiker det faktum at Frances Haugen ikkje har jobba med barnesikkerheit eller Instagram, eller forska på desse problema og har ingen direkte kunnskap om temaet frå arbeidet hennar på Facebook, tvitra Stone under høyringa.

Andy Stone om Frances Haugen
Foto: Skjermbilde frå Twitter, tatt 05.10.2021 kl. 18.12.

Mark Zuckerberg har enno ikkje kommentert avsløringane til Haugen, som blei omtalt i The Wall Street Journal 14. september. Måndag delte han ein video på Instagram av han og venner på segletur.

AKTUELT NÅ