PST følgjer Listhaug-debatten: – Vurderer fortløpande om ytringar kan vere straffbare

Politiets tryggingsteneste (PST) har så langt ikkje registrert straffbare ytringar mot verken Sylvi Listhaug, Jonas Gahr Støre eller andre myndigheitspersonar den siste veka. Men dei stadfester at temperaturen er svært høg i debatten om saka på nett.

SYLVI LISTHAUG

Avgått statsråd Sylvi Listhaug har i lang tid hatt fast vakthald av livvakter frå PST. Her forlèt ho NRK-bygget på Marienlyst etter å ha delteke i Dagsrevyen tysdag kveld.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Både pressa og politiske parti har omtalt at fleire politikarar har motteke drapstruslar den siste veka.

PST opplyser til NRK at dei førebels ikkje etterforskar nokon straffbare ytringar:

– Av dei sakene vi har vurdert til no, er det ingen vi har vurdert som straffbare, seier seniorrådgjevar Martin Bernsen i PST.

Høg temperatur

Tysdag skreiv VG at Ap-leiar Jonas Gahr Støre har fått politivakthald etter å ha motteke drapstruslar, og på Twitter i helga skreiv Sylvi Listhaug sin politiske rådgjevar Espen Teigen, som har gått av saman med statsråden, at Listhaug har fått drapstruslar og at dei er melde til politiet:

Teigen på Twitter

PST kan stadfeste at kommentarfelta har gått varme i høve bråket rundt Listhaug og regjeringa:

– Dei siste dagane har PST registrert ein høg temperatur i debattane på nettet, og vi vurderer fortløpande om enkelte ytringar kan vere straffbare. Førebels har vi ikkje starta nokon open etterforsking på bakgrunn av debatten den siste veka, seier seniorrådgjevar Martin Bernsen i PST.

For ordens skuld: Hadde det kome drapstruslar mot myndigheitspersonar, ville dette blitt ei såkalla «open etterforsking» som Bernsen viser til.

Høgare trusselnivå

– Så det er ikkje drapstruslar som har ført til at Støre har fått livvakter?

– Vi kommenterer ikkje enkelttiltak mot myndigheitspersonar, seier Bernsen.

Støre blei passa på av livvakter frå PST tysdag, både i Stortinget og andre stader han bevega seg. Ap-leiaren har vore utsett for eit høgare trusselnivå dei siste dagane – både grunna den tilspissa debatten på internett, men også fordi han fram til tysdag potensielt kunne bli statsminister dersom regjeringa hadde gått av. Det at Støre har livvakt er altså ikkje fordi han har fått konkrete truslar.

Sist Støre blei passa på av PST var under valkampen i fjor.

Politikere ankommer NRK

Støre kom i følgje med livvakter frå PST då han skulle i Dagsrevyen tysdag kveld.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

NRK har fått fotfølgje livvaktane i PST – både i valkampen 2015 og 2017. Hanne Blomberg er leiar for Seksjon for sikkerheitsetterretning i PST og det er ho som avgjer kven av politikarane som skal beskyttast av livvakter eller ikkje. Det å få livvakt er siste utveg, uttalte Blomberg i eit NRK-intervju under valkampen i fjor.

Fleire regjeringsmedlemmer blir kontinuerleg passa på av livvakttenesta i PST. Det gjeld mellom anna statsministeren, finansministeren, den avgåtte justisministeren, utanriksministeren og forsvarsministeren.

Stor terrorfare i Europa får også konsekvensar for den norske valkampen. Tryggleiken rundt fleire av toppolitikarane har auka betydeleg.

PST skjerpa tryggleiken under valkampen i fjor. NRK fekk fotfølgje Erna Solberg sine livvakter.

Advokat: – Ikkje matematikk

Advokat Jon Wessel-Aas, som har arbeidd mykje med ytringsfridom, seier at ein straffbar trussel skal vere eigna til å framkalle alvorleg frykt.

– Dette er ikkje matematikk, men samansette vurderingar av både kontekst og innhald, seier han.

Ein av dei som har skrive i kommentarfeltet på Facebook skriv at det er «på tide at en fremmedkriger setter en kule i panna» ho og at ho burde bli «gjengvoldtatt».

– Det er ikkje ein trussel. Han håpar at nokon, altså andre enn seg sjølv, gjer det. Det er neppe ein straffbar trussel, men ein kan stille spørsmål om det er ei straffbar oppmoding til ei straffbar handling. Eg vurderer ikkje at det er det, seier Wessel-Aas.

– Men igjen, dette er ikkje svart-kvitt, legger han til.

Kan risikere å få politiet på døra

Bernsen i PST seier dei følgjer med og vil ta på alvor dersom nokon kjem med truslar mot politikarar.

– Dersom nokon skulle true myndigheitspersonar med vald eller oppfordre til vald skal dei vere klar over at det kan få konsekvensar, seier Bernsen.

– Då får dei med PST å gjere?

– Då må ein rekne med reaksjonar frå PST og politiet.

– Kan det bety at de vil komme på døra til folk?

– Ja, det kan det.

For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje vil gå bra. Slik tenkjer livvaktane i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.

For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje vil gå bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.

Avtroppende justisminister gjestet Dagsreveyen i NRK.

SISTE NYTT

Siste meldinger