PST om terror i valkampen: – Vi dimensjonerer langt kraftigare enn før

Stor terrorfare i Europa får også konsekvensar for den norske valkampen. Tryggleiken rundt fleire av toppolitikarane har auka betydeleg.

Stor terrorfare i Europa får også konsekvensar for den norske valkampen. Tryggleiken rundt fleire av toppolitikarane har auka betydeleg.

NRK er med når PST passar på statsminister Erna Solberg.

Val

Årets valkamp er den mest utfordrande og krevjande for Politiets tryggingsteneste (PST). Dei vurderer at det er sannsynleg med eit terroråtak i Norge i år, og det får også konsekvensar for årets valkamp. Det fører til betydeleg auke i sikkerheitstiltaka rundt norske toppolitikarar.

Hanne Blomberg er leiar for Seksjon for sikkerheitsetterretning i PST og har ansvar for å utarbeide trusselvurderingar. Det er ho som signerer trusselrapportane.

– Trusselbiletet i valkampen er påverka av det generelle trusselbiletet. Vi har dei siste åra sett ei negativ endring og vi vurderer åtak med enkle hjelpemiddel som aktuelt, seier Blomberg til NRK.

Sjefen for Seksjon for livvaktteneste i PST, Harald Thorp, seier dei fryktar åtak mot politikarane:

– Eit anslag mot våre myndigheitspersonar er noko vi fryktar, anten eit stort ansalg frå ei terroristgruppe eller eit anslag frå enkeltpersonar. Det er alltid ein frykt for at noko slikt skal skje, seier Thorp.

Difor er det mykje som har endra seg sidan førre valkamp:

  • Fleire blir beskytta av væpna livsvaktar no enn tidlegare
  • PST har dimensjonert seg med fleire livsvaktar rundt dei som blir passa på
  • Livvaktene er utstyrt pistol, men er også til tider væpna med tohands automatvåpen i ryggsekk eller bag
  • Politiet brukar køyretøysperrer for å hindre bilangrep mot toppolitikarane
  • PST har frårådd politikarar å gjere ting grunna sikkerheita deira
  • Fleire trugar politikarar på internett, og mange har blitt oppsøkt av PST
  • Beredskapstroppen bistår i større grad for å sikre politikarane

Har liste med farlege namn

Hanne Blomberg og hennar stab vurderer kven av politikarane som skal beskyttast av livvaktar eller ikkje. Det å få livvakt er siste utveg, ifølgje seksjonsleiaren.

– Det skarpaste tiltaket er livvaktbeskytting. Vi har også mange andre tiltak vi kan ta i bruk. Det er riktig å sei at fleire blir beskytta av livvaktar i denne valkampen enn tidlegare, seier Blomberg.

Kven eller kor mange som har livvakt er hemmeleg, men blant politikarane som kontinuerleg blir passa på er medlemmer av regjeringa. Men også toppleiarane i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre og Hadia Tajik, blir i periodar beskytta, spesielt i valkampen.

Hanne Blomberg er leiar for Seksjon for sikkerheitsetterretning i PST

Hanne Blomberg er leiar for Seksjon for sikkerheitsetterretning i PST.

Foto: Ola Hana / NRK

– Er det konkrete namn som utgjer ein trussel mot valkampen og politikarane?

– For nokre politikarar kan det vere konkrete namn som kan utgjere ein trussel, seier Blomberg.

– Finst det ei liste?

– PST har ei liste, ja. På den lista står det namn som det er knytt bekymring til.

– Kor mange er det?

– Det kan eg ikkje gå inn på, seier Blomberg.

Kvifor står dei på denne lista?

– Det er fordi det er knytt bekymring til at dei skal gjere noko. Det kan vere både mot ein politikar, men også mot andre objekt i Noreg.

Har med seg automatvåpen

Livvaktsjef Harald Thorp seier dei i denne valkampen også nyttar sperrer for å hindre køyretøyåtak mot statsministeren og dei andre politikarane.

Etter det NRK veit er livvaktene no også utstyrt med automatvåpen i enkelte situasjonar, noko som ikkje var vanleg tidlegare. Ser du ein livvakt med ryggsekk eller bag på ryggen har han eller henne mest truleg eit automatvåpen med seg. Dette vil ikkje PST stadfeste eller avkrefte.

Kva er i sekken?

Harald Thorp, sjef, Seksjon for livvaktteneste, PST

Sjefen for Seksjon for livvaktteneste i PST, Harald Thorp, seier politikarane som blir passa på har fleire livvaktar no enn før.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Mest sannsynleg er det naudsynt utstyr for å gjennomføre det oppdraget dei er på. Kva type utstyr vil eg ikkje gå inn på.

– Er det konkret fare rundt dei som blir passa på?

– Til tider er det det. Det er ein god grunn for at vi er der.

Thorp seier dei samarbeider tett med politidistrikta og at dei oftare får bistand frå Beredskapstroppen i jobben med å beskytte politikarane. Han stadfestar at PST ved fleire høve har nekta eller frårådd politikarane å gjere ting eller delta på arrangement.

– Ja, det har vi gjort. Vi har frårådd dei å gjere enkelte ting sett frå eit sikkerheitsperspektiv, seier Thorp.

Han seier dei strekk seg langt for at politikarane skal få gjere som dei vil, men at dei av og til må setje foten ned.

– Nærleiken til publikum gjer at vi dimensjonerer med fleire livvaktar no enn før, slik at vi står sterkare og betre rusta til å hindre åtak.

Sover du godt om natta?

– Ja, det gjer eg. Eg har topp motiverte mannskap som gjer ein godt jobb og som strekk seg langt, svarer Thorp.

Statsminister Erna Solbergog "Skam"-Sana møtes for første gang

Statsminister Erna Solberg og «Skam»-skodespelar Iman Meskini trefte kvarandre under id-feiringa i Oslo i juni. Til høgre i biletet er ein PST-livvakt med bag på ryggen. NRK veit at livvaktene til tider har med seg automatvåpen i bag eller ryggsekk.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Nettroll har fått PST på døra

Hanne Blomberg seier dei registrerer auka negativ aktivitet på internett, og at politikarane oftare får trugsmål eller negative ytringar retta mot seg.

– Dette påverkar også trusselbiletet i forbindelse med valet, seier ho.

PST har fleire gonger banka på døra til dei som har skrive på internett.

– Det er nok enkelte personar i Noreg som har blitt litt overraska over å ha fått PST på døra. Vi har gjort det rett og slett for å spør kva det er dei held på med og sjekke om dei er ein fare eller ikkje, seier Blomberg.

Ho seier at dei startar etterforsking dersom nokon kjem med trugsmål, fordi det er straffbart, anten dei som skriv meiner det eller ikkje. Ho vil ikkje kommentere om dei har pågåande slike etterforskingar.

Sjå reportasje frå valkampen 2015:

For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje vil gå bra. Slik tenkjer livvaktane i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.

For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje vil gå bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.

SISTE NYTT

Siste meldinger