Livvakt PST - Nina

Nina (37) er livvakt i PST og har ansvar for å beskytte mellom anna statsministeren. Her vitjar Erna Solberg Hegg skole i Lier, og blir tatt vel imot av ordføraren i kommunen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Vaktar viktige liv

For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje vil gå bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.

Auga beveger seg frå side til side. Livvakt Nina (37) og Svenn Tore (51) er konsentrert når dei scanner folkemengda i Spikersuppa i Oslo. Auga til Nina stoppar opp – på ei hand i ei jakkelomme.

Handa kjem opp frå jakkelomma. Det var berre ein mobil. Auga jobbar vidare.

– Vi må alltid vere på vakt, og tolke det som skjer. Vi jobbar heile tida med blikket, ser etter det som er unormalt. Det er ikkje enkelt, for det er krevjande å lese menneske, seier Nina.

Jobben hennar er å beskytte livet til statsministeren, eller «Oscar 30» som er kallenamnet hennar.

For kvar dag det går bra, så er vi ein dag nærmare dagen det ikkje går bra.

Svenn Tore, livvakt, PST

Dei siste månadane har NRK følgt livvakttenesta i Politiets tryggingsteneste (PST). Oppgåva deira er å beskytte og passe på politikarar og andre myndigheitspersonar som er trusselutsette.

Skjerpa terrortrussel har gjort kvardagen til livvaktene langt meir krevjande. Tryggingstiltaka har blitt strengare, og fleire har fått livvakt dei siste åra.

Sjå tv-sak: Slik jobbar livvaktene i PST

Livvakt PST

Livvakt Nina er alltid få skritt unna når ho har ansvar for nærsikringa av statsministeren. Her frå dør til dør-runde i Buskerud.

Foto: Simon Solheim / NRK
For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje vil gå bra. Slik tenkjer livvaktane i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.

Fryktar ustabile personar

Det er midt i valkampen. Ein travel periode for politikarane – men også travelt for livvaktene som passar på dei.

Valkampen er også ekstra utfordrande for livvakttenesta, for mange oppdrag er ute blant folk. Ofte i store folkemengder, der alle har tilgang, slik som i Spikersuppa denne augustdagen. Det er uoversiktleg. Det er umogleg å ha full kontroll på kven som er der.

Fire livvakter står tett rundt statsminister Erna Solberg. Dei står i formasjon. 360 grader er dekka. Dei jobbar med blikket, og analyserer alt som skjer. Like tett som livvaktene står vanlege folk – folk som vil handhelse, klemme eller som vil ta selfie med statsministeren.

I tillegg til livvaktene er det også sivile og uniformerte politifolk i nærleiken. Oppgåva til dei sivile er å plukke ut og halde auge med mistenkelege personar. Dei uniformerte politifolka skal vere synlege og ta seg av eventuelle ordensforstyrringar som oppstår. Livvaktene må konsentrere seg om nærsikringa av statsministeren.

– Vår største uro er ustabile personar. Dei som kan bli trigga av at vi er der med ein VIP, og som ikkje har planlagt noko. Det er vår aller største uro, seier Svenn Tore.

Det var det som skjedde med Sverige sin utanriksminister Anna Lindh i 2003.

– Drapsmannen vart mest truleg trigga av at ho var der. Han gjekk og kjøpte ein kniv og kom tilbake igjen og knivstakk henne. Dette er også vår uro – ustabile personar som vi ikkje har kontroll på.

Livvakt PST

Statsminister Erna Solberg ringjer på tilfeldige dører i Buskerud. Før besøket har PST søkt i register og sjekka området på førehand. Dei vil ikkje at statsministeren skal ringje på hos kven som helst. Fleire livsvaktar følgjer tett på.

Foto: Simon Solheim / NRK

Konkrete og reelle truslar

Det er viktig for politikarane å møte veljarane ute på gata. Men det er ikkje utan risiko.

Harald Thorp, sjef, Seksjon for livvaktteneste, PST

Harald Thorp, sjef for Seksjon for livvaktteneste i PST.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Det er kanskje det mest utfordrande, for det er alltid ein fare for at noko kan skje. Vi veit at faren er der, men vi aksepterer den. Det er slik vi vil ha det her i landet, at avstanden mellom folk og politikarane er liten, seier Svenn Tore.

Av omsyn til jobben brukar NRK berre førenamn på livvaktene.

– Under oppdrag i store folkemassar har vi ein open og tydeleg profil. Vi er alltid tett på VIPen, og vi ønskjer å vise at vi er der, seier han.

NRK veit kven livvakttenesta i PST passar på. Det er medlemmer av regjeringa, men også andre politikarar og myndigheitspersonar. Kven dei er eller kor mange som har livvakt, vil ikkje PST kommentere. Det er hemmeleg.

– Men det eg kan sei, er at langt fleire har livvakt i dag kontra 22. juli 2011. Det heng saman med skjerpa trusselbilete, seier Harald Thorp, sjef for Seksjon for livvaktteneste i PST.

Det skjer ofte at PST på skjerpe tryggleiken rundt dei dei passar på. Trusselbiletet endrar seg ofte.

– Det kan vere at vi må setje på fleire livvakter på ein VIP. Men det kan også vere andre tiltak, som til dømes at vi får bistand frå andre politifolk, seier Thorp.

Finst det konkrete og reelle truslar mot dei som har livvakt?

– Ja, det gjør det. Detaljar rundt kva type truslar det er snakk om vil eg ikkje gå ut med, men det er ein grunn for at vi er der.

Livvakt PST

Svenn Tore går gjennom dagens program. Det er fredag 28. august. Statsministeren skal på rundreise til Asker og Bærum og Buskerud.

Foto: Simon Solheim / NRK

Alt kan skje alltid, er tanken

Livvakt PST

Erna Solberg kjem ut av sin skotsikre og pansra Mercedes. Livvakt Nina sjekkar alltid rundt seg før ho opnar døra.

Foto: Simon Solheim / NRK

Det er tidleg fredag morgon. Vaktlaget til Svenn Tore skal på rundreise med statsministeren i Buskerud og Asker og Bærum. Svenn Tore leiar dagens oppdrag, og skal vere «forpatrulje». Han køyrer først for å kontrollere alle stoppestadane før statsministeren og dei andre livvaktene kjem.

– Planlegging er viktig. Vi brukar som regel meir tid på planlegging enn på gjennomføring av oppdrag, seier Svenn Tore.

Evakueringsmoglegheiter, køyreruter og næraste sjukehus må vere kartlagt før alle besøk. Kor av- og pålasting av VIP skal skje må også vere klart på førehand, og kontroll av området blir alltid gjort før alle besøk.

– Vi må alltid han ein plan, og vi må alltid vite kva vi skal gjere dersom noko skulle skje, forklarer Nina.

På norsk jord har ein vore skjerma for alvorlege åtak på politikarar, men livvaktene tenkjer heile tida at alt kan skje alltid.

– Vi må tenkje slik. Det er ein krevjande jobb vi har, og det er ei stor utfordring å heile tida vere mentalt førebudd, seier Svenn Tore.

Livvakt PST

Svenn Tore og ein kollega går gjennom dagens planar. Det er tett program for statsministeren.

Foto: Simon Solheim / NRK

– For kvar dag det går bra, så er vi ein dag nærmare dagen det ikkje går bra, seier han.

Den mest alvorlege hendinga som PST sine livvakter har vore involvert i, var åtaket mot Serena Hotel i Kabul i 2008. Dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre var på besøk, og hadde med seg fleire livsvaktar frå PST. Hotellet vart brått angripe av terroristar.

Mental trening viktigast

Livvaktene trenar fleire hundre timar i året. Dei drillar og terpar på alle tenkjelege scenario. Dersom noko skulle skje må dei reagere raskt. Kvar hundredel kan vere avgjerande. Kva gjer dei om det dukkar opp ein kniv? Skal dei bruke handmakt, eller trekkje pistolen som alltid er i beltet?

Dei kan ikkje nøle dersom noko skulle oppstå.

– Det er eit enormt ansvar å kjenne på – det å ha ansvar for livet til eit anna menneske, seier Nina.

– Den viktigaste treninga er den mentale delen. Vi må alltid vere klar. Som livvakt må ein vere moden for å ta på seg det ansvaret vi har. Det er viktig å ha sunne tankar om kva som kan skje, og alltid vere mentalt førebudd. Den mentale treninga går føre seg hos oss alle saman heile tida, forklarer Nina.

Det er eit enormt ansvar å kjenne på – det å ha ansvar for livet til eit anna menneske.

Nina, livvakt, PST
Livvakt PST

Nina har ansvar for nærsikringa rundt statsministeren. Ho er alltid få skritt unna Erna Solberg.

Foto: Simon Solheim / NRK

Solberg: – Det har blitt ei vane

Statsminister Erna Solberg har alltid livvakt med seg. Det har ho blitt vandt med.

Livvakt PST

Livvaktene studerer folkemengda på jakt etter alt som er unormalt.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Det var ein overgang i starten, men no har det blitt ei vane. Eg er nesten aldri aleine, men livvaktene er veldig diskret, seier Solberg til NRK.

– Men får du noko privatliv i det heile?

– Ja. Dei er alltid med meg når eg er ute, men når eg er inne i trygge omgjevnader, til dømes på kontoret, får eg vere for meg sjølv.

– Føler du deg trygg?

– Ja, det gjør eg. Eg har eigentleg alltid følt meg trygg rundt om kring i Noreg, men det er godt å ha dei med. Når dei er der kan dei få med seg om det er noko rundt som kan bli til episodar.

Livvakt PST

Livvakttenesta samarbeider tett med lokalt politi når statsministeren er på reise. Dei samarbeider også ofte med avdelingar som Beredskapstroppen. Her går Svenn Tore gjennom planane for besøket på Hegg skole.

Foto: Simon Solheim / NRK